Hide metadata

dc.date.accessioned2013-06-20T10:41:07Z
dc.date.available2013-06-20T10:41:07Z
dc.date.issued2012en_US
dc.date.submitted2012-05-08en_US
dc.identifier.citationOrheim, Bente Lothe. Å kome vekk til seg sjølv. Masteroppgave, University of Oslo, 2012en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/35110
dc.description.abstractI denne oppgåva har eg søkt å utforske kva det er ved vår samtid Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? (2005) set seg opp i mot, med vekt på identitet i det moderne samfunnet. Hovedpersonen i Johan Harstads roman, Mattias, vil vere anonym og minst muleg synleg. Mattias favoriserer det å vere nummer to framføre det å vere først, og har Buzz Aldrin, den andre mannen på månen, som sitt store forbilde. I oppgåva har eg utforska korleis identitet blir skildra og tematisert i Buzz Aldrin. Mi tese var at det i romanen er ein reaksjon mot individualisering som kriterie for identitetsskaping, det at ein får identitet ved å vere synleg. I forlenging av dette, spurde eg også: Gjev romanen uttrykk for ei meir autentisk form for identitetsskaping? Teoriane til sosiologane Anthony Giddens og Zygmunt Bauman gjev uttrykk for korleis det er å vere eit individ i vår tid, og reflekterer såleis det eg ser som mest interessant ved romanen. Perspektivering til samtida ved hjelp av sosiologiske teoriar, i kombinasjon med nærlesing, vil seie at romanen blir lese som ein del av seinmodernitetens refleksivitet. Oppgåva består av fire hovudkapittel, som undersøker både estetiske og tematiske trekk ved romanen, og som støttar opp under den overgripande identitetstematikken. Teorien eg har nytta, skildrar korleis individ er sårbare i moderne fellesskap, på grunn av eit individualisert sjølvbilde. I oppgåva argumenterer eg for at Buzz Aldrin viser korleis identitetsproblem oppstår når fellesskap blir brotne. Mattias sitt identitetsprosjekt er ein slags forsvarsstrategi for å takle tilveret i seinmoderniteten, noko eg tydeleggjer ved å sjå risikoane og angstane som kjem til uttrykk i romanen i forhold til behovet og omsorg og tillit. Også andre personar i romanen kastar lys over identitetstematikken, og set Mattias og hans prosjekt inn i ein større samanheng. Ulike relasjonar i romanen blir belyst ved hjelp av John Bowlbys tilknytingsteori, og eg har også gjort ei fenomenologisk undersøking av stadane. Mattias sine omgjevnader, personane og stadane, tydeleggjer Mattias si utvikling. Nokre av stadane kan seiast å vere av kronotopisk karakter, og med utgangspunkt i Bahktins teori, har eg undersøkt korleis desse varslar omslag både i romanen og i livet til Mattias. Dei mange referansane til musikk, film og litteratur blir belyst av omgrepet transtekstualitet, slik det er definert hos Gérard Genette. Dei intertekstuelle referansane ladar teksten tematisk og/eller emosjonelt, mens dei hypertekstuelle referansane er meir meiningsberande og ofte viser til ei utvikling i Mattias og hans tankesett. Undersøkinga av det estetiske, tydeleggjorde at Mattias si forteljing kan sjåast som eit sjølvskrivingsprosjekt. Giddens skriv at sjølvet må skapast refleksivt, og brukar den sjølvbiografiske forteljinga for å forklare sin identitetsteori. Ein må heile tida omskrive og reforhandle forteljinga for å oppnå identitet og sjølvforståing. Ved hjelp av Mark Turners omgrep kjeldeforteljing, har eg vist at Mattias si oppfatning av Buzz Aldrin kan sjåast som ei modell- og kjeldeforteljing som Mattias projiserer over på si eiga sjølvforteljing. Både modellforteljinga og Mattias si eiga forteljing må reforhandlast for å oppnå større grad av sjølvforståing. Eit trekk ved livsvilkåra i vår samtid, er at ein må leve med ei eksistensiell uro, det Bauman kallar reduserte forventningar, til tilknyting og varig identitetsoppleving. Ein må justere ambisjonsnivået sitt og finne ly i normaliteten. I Buzz Aldrin skjer det ei slik justering, men den går motsett veg: Mattias innser at han ikkje kan vere heilt usynleg. I tillegg får han auka forståing for at det ikkje er muleg å sikre seg mot alt det vonde som kan skje. Ein må leve med det flytande og ustabile; leve med reduserte forventningar.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleÅ kome vekk til seg sjølv : Identitetsskaping i Johan Harstads Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2013-06-20en_US
dc.creator.authorOrheim, Bente Lotheen_US
dc.subject.nsiVDP::042en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Orheim, Bente Lothe&rft.title=Å kome vekk til seg sjølv&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2012&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-33336en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo158535en_US
dc.contributor.supervisorPer Thomas Andersenen_US
dc.identifier.bibsys132186470en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/35110/1/xxkomexvekkxtilxsegxsjxlv.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata