Abstract
Fotballen i Russland og Sovjetunionen har blitt påverka av det til ei kvar tid sittande politiske regimet, den har vore viktig i ein folkehelsepolitikk og for å ivareta og bygge gode relasjonar til venlegsinna land.
Fotballstadion var også ein viktig arena for politisk ytring i Sovjetunionen der forsamlingsretten var innskrenka. På tribuna kunne tusenvis rope politiske ytringar, noko som hadde vore utenkeleg på opa gate. Oppgåvas første del viser korleis politikk og fotball hang saman frå 1870-talet fram til oppløysinga av Sovjetunionen.
Den andre delen av oppgåva tek for seg fotballens posisjon i St. Petersburg i dag basert på feltarbeid hausten 2006.