Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T13:30:04Z
dc.date.available2013-03-12T13:30:04Z
dc.date.issued2007en_US
dc.date.submitted2007-05-06en_US
dc.identifier.citationHovda, Bjørn Ole. "Brødet er Kristi lekam". Masteroppgave, University of Oslo, 2007en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/32911
dc.description.abstractMartin Luther (1483-1546) kom til å ta avstand frå sentrale delar av mellomaldersk teologi og kyrkjeleg praksis. Ein viktig del av kritikken var retta mot sakramentslæra, m.a. korleis konsekrasjonen i nattverden påverkar tilhøvet mellom brød/vin og Kristi lekam/blod. Den tradisjonelle transsubstansiasjonslæra bygde på skiljet mellom substans og aksidens i den aristoteliske filosofien, og forklarte konsekrasjonen med at brød- og vinsubstansen vert forvandla til Kristi lekam og blods substans. Brødet og vinen ser framleis ut som før, fordi det aksidensielle ved brødet og vinen framleis er til stade etter konsekrasjonen. Luthers kritikk av transsubstansiasjonslæra var m.a. grunna på ein respekt for sakramentets mysteriøse vesen, og eit fokus på at Kristi lekam/blod kan vere nærverande sjølv om brødet og vinen framleis er fullt til stade. Det er viktig å leggje merkje til at Luther med sin kritikk på ingen måte dempa fokuset på Kristi reelle nærvere i nattverdssakramentet. Luther kalla eininga mellom Kristi lekam/blod og brød/vin for ei sakramental eining, og skreiv jamvel at ”brødet er Kristi lekam”. Medan til dømes Thomas Aquinas (d. 1274) tok avstand frå den berengarske vedkjenninga, (fordi ho sa at Kristi lekam vert togge mellom tennene til kommunikantane), slutta Luther seg fullt og heilt til denne vedkjenninga. Luther meinte delvis at den einskilde lekmann må få lov til å tru på ein transsubstansiasjon, men at det ikkje er rett å tvinge lekfolket til å tru noko som ikkje er openberra i skrifta. Luther peika på at sakramentet vert kalla brød i bibelen, og kjem med kritikk av innhaldet i transsubstansiasjonslæra ut i frå både bibelen, filosofien og kyrkjehistoria. Den sterkaste utfallet Luther har mot transsubstansiasjonslæra, i kjeldene til denne oppgåva, er mot kong Henrik VIII av England, som i eit skrift forsvarte dei sju sakramenta. Henrik VIII argumenterte ut i frå at Skaparen ikkje kan sameinast med skapningen, og difor må ein føresetja at brød- og vinsubstansen ikkje er i sakramentet etter konsekrasjonen. Luther går sterkt ut mot denne argumentasjonen, fordi han meiner at den råkar trua på Guds inkarnasjon. Gud valte å verte menneske, sjølv om menneska var uverdige. På liknande vis nyttar Luther kristologien mot Zwingli, (1484-1531) som ikkje trur at Kristus er nærverande i sakramentet. For Luther er eit av Zwinglis hovudargument om at kjøtet ikkje nyttar, eit argument som òg spenner bein under trua på at Guds Son vart menneske av kjøt og blod. Luther legg vekt på eininga mellom Kristi menneskelege og guddommelege natur. I møte med Zwingli er òg denne eininga utgangspunktet for ein argumentasjon om at Kristi menneskelegdom har del i guddommelege eigenskapar. Slik sett er mennesket Jesus Kristus tilstade over alt der Gud er til stade. Dette skriv Luther for å vise andsynes Zwingli at det i det minste er eitt vis Kristi lekam og blod kan vere nærverande i brød og vin. Men det er ikkje slik Luther meiner at realpresensen skal forståast. Kristi realpresens i brød og vin, er nærverande i kraft av konsekrasjonen på eit anna vis enn det guddommelege nærveret over alt. Luthers syn vert ofte omtalt som ei konsubstansiasjonslære. Men han nytta aldri omgrepet konsubstansiasjon. Han ville ikkje lage ei ny lære etter thomistisk mønster. Dette omgrepet vart fyrst nytta av ikkje-lutheranarar, som ein merkjelapp på luthersk forståing av Kristi realpresens i nattverden.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.title"Brødet er Kristi lekam" : Martin Luthers syn på transsubstansiasjonslære og realpresens i tre skriften_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2008-02-14en_US
dc.creator.authorHovda, Bjørn Oleen_US
dc.subject.nsiVDP::150en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Hovda, Bjørn Ole&rft.title="Brødet er Kristi lekam"&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2007&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-17578en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo58709en_US
dc.contributor.supervisorTarald Rasmussenen_US
dc.identifier.bibsys080236707en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/32911/1/B.O.Hovda_master.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata