Abstract
I denne oppgåva presenterer eg ei spørjeundersøking gjort i eit utval av tilsette ved ti sosialkontor på austlandsområdet i 2005. Talmaterialet bygger dels på eit utval på 48 personar og dels på eit redusert utval på 35 personar. Gjennom eit strukturert spørjeskjema vart dei tilsette bedne om å ta stilling til kor viktige dei vurderte at ti etiske prinsipp er i utøving av sosialt arbeid, saksbehandling av økonomisk sosialhjelp og rådgjeving i sosialtenesta. Dei vart og bedne om å svare på kva prinsipp dei vurderte som dei tre viktigaste og det minst viktige. Dei tilsette vart i tillegg spurt om dei står overfor etiske dilemma i arbeidet sitt.
Utgangspunktet mitt for å gjennomføre denne undersøkinga var interesse for å utforske nærare utfordringar og verdivurderingar i arbeid som myndigheitsutøvar og forvaltar av offentlege ressursar. Interessa for dette har følgt meg frå eg utdanna meg til sosionom og i seinare arbeid i sosial- og barnevernteneste. Samstundes har forholdet mellom verdiar knytt til forvaltningsarbeid og verdiar i faget sosialt arbeid vore eit sentralt tema i fagdebatt. Dei ti etiske prinsippa som vert presentert er valt for å spegle spenningar og motsetningar som har vore i fokus i denne debatten.
Undersøkinga viser eit stort mangfald når det gjeld kva prinsipp dei tilsette vurderer som dei viktigaste. Samstundes kjem det fram eit mønster. Eit stort fleirtal svarar at respekt for lova er ein viktig verdi. Det er og eit tydeleg fleirtal som svarar at verdien om individuell fridom for brukaren er viktig.