Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T13:19:55Z
dc.date.available2013-03-12T13:19:55Z
dc.date.issued2009en_US
dc.date.submitted2009-05-27en_US
dc.identifier.citationJohnsen, Randi. Rettskrivingsstudiar etter 1980. Masteroppgave, University of Oslo, 2009en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/32405
dc.description.abstractAvhandlinga Rettskrivingsstudiar etter 1980 – ein komparativ analyse av studiar i nynorsk og bokmål er ein samanliknande studie av ulike rettskrivingsstudiar i nynorsk og bokmål gjorde etter 1980. Geirr Wiggen (1982) har i eit tidlegare arbeid analysert og samanlikna studiar fram til 1980. Denne avhandlinga tek med dei granskingane som ikkje er analyserte hos Wiggen, men somme av dei studiane han drøftar i Rettskrivingsstudier I er også med i mi avhandling. Fleire forskarar nyttar andre studiar som grunnlag i eiga forsking, og det har dermed vore naturleg å ta med dei studiane dette gjeld, sjølv om dei er gjorde før 1980. Det er ikkje berre studiar i bokmål og nynorsk som er med; eg har også teke med svenske, danske, anglo-amerikanske og tyske studiar. Utvalet av utanlandske studiar er ikkje stort. Nokre er likevel tekne med for å visa breidda i forskinga på dette feltet i utlandet, men også for å gi perspektiv på dei norske studiane og andre tilhøve som er knytt til rettskriving og språkkompetanse. Avhandlinga har ei kvalitativ tilnærming til teorien og er i seg sjølv ikkje ei sjølvstendig kvantitativ gransking av rettskrivingsavvik. Den første delen er ei generell innføring i rettskrivingsstudiar og gir eit oversyn over fleire avhandlingar, ikkje berre norske. Denne delen av granskinga tek for seg kva ei rettskrivingsstudie er, korleis forskarar går fram i ei rettskrivingsstudie, og kva for omgrep som er nytta i ulike studiar. Metode og metodologi og ulike avvikskategoriar er også drøfta i denne delen. Hovuddelen av avhandlinga er ein presentasjon av ulike nynorske og bokmålske rettskrivingsstudiar. Dei sentrale nynorskstudiane er Stauri (2008), Søyland (2001), Wetås (2001), Vassenden (1994), Wiggen (1992) og Bjørnstad (1980). Studiar i nynorsk vert handsama for seg sjølve. Resultata er ganske eintydige i nynorskstudiane: Anten den som skriv nyttar nynorsk som hovudmål eller sidemål, har dei alle relativt store problem med bøyingssystemet i nynorsk. Feil, eller avvik, som mange forskarar vel å nytta, kjem stort sett frå interferens frå bokmålet (b-norma). Nokre studiar peiker på at det er mest interferens hos dei som er i kontakt med såkalla bokmålsagentar. Avgjerande faktorar for bokmålssamsvar er om ein bur i eller nær tettstader, om ein har foreldre som snakkar eller skriv bokmål, eller er jente. Desse er særleg ”utsette” og har meir interferens frå bokmålet enn dei som har ein språkleg meir stabil målbakgrunn. Elles viser fleire studiar til at jenter har mindre feil enn gutar, men at dei feila dei har ofte er bokmålsformer. Jenter tyr truleg til bokmålsord for å tilpassa seg sosiale krav. Gutane på si side har hovudvekt av talemålssamsvarande avvik. Forsking viser at mange skiftar frå nynorsk til bokmål i vaksen alder. Normeringa av nynorsk med stor variasjon og mange valfrie former vert drøfta inngåande av fleire forskarar. Mange hevdar at variasjonen er uheldig, og at denne eksplisitt er årsaka til språkskiftet hos mange. Andre meiner variasjonen, med mange tillatne talemålsformer, er med på å letta innlæringa av skriftspråket og er såleis ein pedagogisk fordel. I 2005 fekk bokmålsnorma fjerna klammeformene i rettskrivinga, og bokmålsnorma står no fram som enklare og meir oversikteleg i forma. Nynorsknorma har framleis systemet med hovud- og klammeformer, og mange er redde for at norma i nynorsk skal vera årsaka til at fleire sluttar å bruka nynorsk som ”hovudmål”. Studiane i bokmål (Tislevoll 1998, Vassenden 1994, Klevstrand 1980, Bjøru 1982, Wiggen 1994 og Melby 2005) syner at informantane i dei ulike studiane har mykje talemålsinterferens. Det viser seg at talemålssamsvarande avvik er frekvente og særs resistente. Medan det vert færre av andre avvik opp gjennom skulestega, aukar delen talemålsbaserte avvik og dei er vanskelegare å få bukt med. Delen talemålssamsvar varierer mellom 40-70 % i dei norske studiane, og dette samsvarer med internasjonale studiar.Nokre studiar viser også til at det har skjedd ei språkleg nivålågning. Syntaks og ordval i elevtekstar er klart enklare enn det var for nokre tiår tilbake, og elevane i dag har fleire språklege feil i tekstane sine enn før. Særs få forskarar finn feilfrie tekstar i materialet sitt, anten målforma er bokmål eller nynorsk. Generelle funn i dei fleste studiane er: Mange feil i dobbel og enkel konsonant(konsonantforenklingar mest frekvent), mange og/å-feil, mange feil i teiknsetting (skriftspråkspesifikke feil) og feil i særskiving av komposita. I nynorsk dominerer vokalombyte i bøyingsmorfemet og hyperkorreksjonar. Studiane i bokmål og nynorsk er berre eit utval av dei studiane som er presenterte i avhandlinga. Det fins i tillegg mange studiar om vurdering i skulen, om skrivekompetanse på eit makronivå og om normering, som også er med i drøftinga av rettskrivingsstudiane. Desse er meint å gi eit vidare perspektiv på rettskrivingsstudiane og setja dei i samanheng med tilhøve som påverkar skrivesituasjonen.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleRettskrivingsstudiar etter 1980 : ein komparativ analyse av studiar i nynorsk og bokmålen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2009-10-15en_US
dc.creator.authorJohnsen, Randien_US
dc.subject.nsiVDP::010en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Johnsen, Randi&rft.title=Rettskrivingsstudiar etter 1980&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2009&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-22876en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo92312en_US
dc.contributor.supervisorKjell Ivar Vannebo og Geirr Wiggenen_US
dc.identifier.bibsys093527365en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/32405/3/MASTEROPPGVE.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata