Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T13:19:31Z
dc.date.available2013-03-12T13:19:31Z
dc.date.issued2007en_US
dc.date.submitted2007-05-31en_US
dc.identifier.citationRefsum, Silje Mjelde. "Hvis du kan fortelle dine elever femogtyve historier om det å være menneske, da vil de gå ut og revolusjonere verden". Masteroppgave, University of Oslo, 2007en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/32386
dc.description.abstractDette er ein fagdidaktisk studie av munnleg forteljing i undervisning av ungdom og vaksne. Problemstellinga for undersøkinga har vore korleis ein som pedagog kan forstå munnleg forteljing i undervisning av eldre elevar. I dei siste tiåra har ein fått eit større medvit om narrativar i mange fagområde, også i pedagogikken. Forteljedidaktikk blei særleg aktuelt som fagfelt etter L97, men forteljedidaktikken drøftar hovudsakleg munnleg forteljing for yngre elevar. Dei to siste læreplanane legg også sterkast vekt på forteljing på dei lågaste klassestega. Derfor har eg vore interessert i å drøfta kva forteljedidaktikken kan vera for eldre elevar i lys av Kunnskapsløftet. Planen legg vekt på å arbeida med munnlege evner i alle fag, og eg har mellom anna drøfta kvifor munnleg forteljing kan vera ein arbeidsmåte i norskfaget. Dei teoretiske rammene for oppgåva legg vekt på kva rolle forteljing speler for utvikling av identitet og moralsk medvit. Jerome Bruner sin utdanningsteori er hovudkjelda her. Han er sentral innanfor kulturpsykologien, og i utdanningsteorien drøftar han mellom anna korleis ein skaper meining og konstruerer kunnskap gjennom den narrative tenkjemåten. Bruner sin teori gir viktige innspel til forteljedidaktikken for eldre elevar. Eg har også gjort seks kvalitative intervju med pedagogar og formidlarar som har erfaring med å fortelja munnleg for eldre elevar og studentar. Den empiriske undersøkinga har fått stor plass, og informantane sin praksisteori har vore eit viktig grunnlag for diskusjonen. Informantane får fram si erfaring med å fortelja munnleg i ein pedagogisk kontekst, og kva dei tenkjer om dei eksistensielle, kulturelle og sosiale aspekta ved denne formidlingsforma. Forteljedidaktikken for eldre elevar har litt andre perspektiv enn for yngre elevar. Tittelen på oppgåva er talande for kjernen i forteljedidaktikken og motivasjonen for å fortelja munnleg i undervisninga. Munnleg forteljing lærer om vesentlege sider ved det å vera menneske i ein kultur og i relasjon til ein kultur.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.title"Hvis du kan fortelle dine elever femogtyve historier om det å være menneske, da vil de gå ut og revolusjonere verden" : ein fagdidaktisk studie av munnleg forteljing i undervisning av ungdom og vaksneen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2007-11-20en_US
dc.creator.authorRefsum, Silje Mjeldeen_US
dc.subject.nsiVDP::010en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Refsum, Silje Mjelde&rft.title="Hvis du kan fortelle dine elever femogtyve historier om det å være menneske, da vil de gå ut og revolusjonere verden"&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2007&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-17084en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo61190en_US
dc.contributor.supervisorTorill Steinfelden_US
dc.identifier.bibsys07168946xen_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata