Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T13:17:34Z
dc.date.available2013-03-12T13:17:34Z
dc.date.issued2009en_US
dc.date.submitted2009-05-29en_US
dc.identifier.citationIndrebø, Bjørg Stuhaug. Hjelpemiddel i matematikk - til nytte eller frustrasjon. Masteroppgave, University of Oslo, 2009en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/32244
dc.description.abstractEtter at eg har arbeidd med problemstillingar kring læring og hjelpemiddel i matematikk, er det ulike konklusjonar som tykkjest stå fram. Kalkulatoren, og etter kvart i større grad også andre digitale hjelpemiddel, er viktige og nyttige hjelpemiddel i faget, og er komne for å bli. Undersøkinga mellom elevane viser også dette. Men undersøkingane viser også at det er ein del viktige føresetnader som må vere til stades for at alle skal få god læring ved hjelp av desse hjelpemidla. Dersom den tekniske terskelen for bruk blir høg, bidreg hjelpemiddelet til å skape større problem for dei som frå før har vanskar i faget. Sjølv om den oppveksande generasjonen etter kvart får digital teknologi så å seie inn med morsmjølka, betyr ikkje dette at dei er gode på å bruke desse hjelpemidla i ulike skulesamanhangar. Undersøkingane eg har gjennomført, kan tyde på at dei som har dei beste karakterane, høgaste motivasjonen og interessene i faget matematikk frå før, er dei som har mest utbytte av spesielt dei tekniske hjelpemidla i faget. Dei elevane som har vanskar i faget frå før, er mindre motiverte og interesserte, får utnytta desse hjelpemidla dårlegast, og kan også få forsterka vanskane fordi dei ikkje meistrar teknikken. Jentene gir også uttrykk for at dei trur dei klarar seg betre når dei har hjelpemiddel på prøver, men er ikkje så godt nøgde med opplæringa dei får i dei tekniske hjelpemidla som i denne undersøkinga, er kalkulator med grafisk vindauge. På den måten kan det bli større skilnader i faglege prestasjonar mellom desse elevgruppene, mellom dei mest og minst motiverte, dei fagleg sterkaste og svakaste, og mellom gutar og jenter.. Dette viser at det blir viktig å prioritere å få fram hjelpemiddel som har ein låg teknisk terskel for bruk, og som er pedagogisk gode, slik at dei fungerer til å fremje og ikkje til å hemme læring. Det bør ikkje vere slik at teknologisk opplæring krev så store deler av undervisningstida i faget, at det går på kostnad av tida til å lære grunnleggande matematikk, og til å fremje forståing i faget. Det bør ikkje vere slik at teknologien trekkjer elevane sitt fokus bort frå det faglege innhaldet. I læreplanen for matematikk, heiter det at elevane både skal kunne bruke og vurdere hjelpemiddel og teknologi, men også kjenne til avgrensingane deira. Etter kvart som det blir meir teknologi tilgjengeleg, blir det viktig at vi ikkje vel eller lar elevane velje freistande snarvegar på den måten at tastetrykk og teknikk som gjev eit raskt svar, blir viktigaste arbeidsmåtar og det viktigaste å lære i matematikkundervisninga. Det at eksamen i realfaga er blitt todelt, slik at elevane får vise grunnleggande kunnskapar og ferdigheiter i faget, trur eg er riktig. Dette sender tydelege signal både til elevane og lærarane i faga om at forståing og basiskunnskap er vesentleg. Når kalkulator og andre digitale hjelpemiddel tek seg av mykje av sjølve reknearbeidet, bør det bety at vi i faget får meir tid til refleksjon og tankearbeid, slik at vi kan gå inn i den ”tenkjande fasen” som til dømes Ormell (2001) i Holm(2002) hevdar er viktig for at faget skal vere eit reiskap til å forstå samfunnet, løyse kvardagsproblem og til å vinne over utfordringar i yrke og utdanning. Undersøkinga blant elevane viser også at dei set læraren høgt når dei skal gi uttrykk for kva som er viktigast for læring i matematikk. Dette viser at Vygotsky sine teoriar om at læring er noko som skjer i ein sosial samanhang ved at kunnskap, haldningar og ferdigheiter blir formidla frå generasjon til generasjon, er grunnleggande. Men samtidig er det viktig at vi ikkje gløymer at læring krev mykje av elevane også. For at læring skal skje, må det til ei internalisering, elevane må tenkje og arbeide sjølve, og på den måten gjere kunnskapane til sine eigne.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleHjelpemiddel i matematikk - til nytte eller frustrasjon : ei undersøking av ulike elevgruppers nytte av hjelpemiddel og undervisningsmåtar i matematikk - sett i lys av læringen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2009-08-12en_US
dc.creator.authorIndrebø, Bjørg Stuhaugen_US
dc.subject.nsiVDP::282en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Indrebø, Bjørg Stuhaug&rft.title=Hjelpemiddel i matematikk - til nytte eller frustrasjon&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2009&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-22258en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo92367en_US
dc.contributor.supervisorAnne Norsteinen_US
dc.identifier.bibsys092916740en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/32244/2/masteroppgxvex7versjonxsiste.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata