Abstract
Matematikk er for meg eit interessant fag, men eg har mange gonger undra meg over at det matematiske språket skal vera så komplisert og innehalda så mange vanskelege ord og omgrep. Likevel har eg forstått at desse omgrepa er svært viktige for elevane sine kunnskapar når det gjeld alle matematiske tema. I fleire internasjonale
undersøkingar vert det konkludert med at norske elevar ligg ganske langt nede på resultatlistene, og eg starta då å tenkja på om det kunne ha noko med det matematiske språket å gjera. Eg har lese om kor viktige lærebøkene er i både planlegging og undervising, og i lærebøkene finn me mykje matematisk språk med mange spesielle
omgrep. Eg byrja då å tenkja endå meir, på om det matematisk språket i lærebøkene til elevane kunne ha noko med dei dårlege matematikkprestasjonane å gjera. Desse tankane surra ei stund i hovudet, og eg kom fram at eg ville prøva å finna svar på korleis dei ulike læreverka legg opp til innføring av nye omgrep i nye matematiske
tema. Eg ville òg finna svar på om det vart lagt vekt på å læra innhaldet i omgrepa før uttrykket, eller omvendt. Etter eg hadde formulert problemstillinga mi, var val av metode ikkje så vanskeleg. Eg kunne ikkje unngå å studera læreverka for å finna svar på problemstillinga. Noko eg kunne velja var kva læreverk eg ville sjå på, og eg valde meg ut eit tema, på bakgrunn av at det i temaet sannsyn tilhøyrer ein del spesielle omgrep. Dette emnet vert innført på planen når elevane gå på mellomsteget, og eg valde då å sjå på bøkene til det årssteget der emnet sannsyn vart innført. Alle
læreverka er tilpassa Kunnskapsløfte.
Eg har ved hjelpa av seks analysepunkt teke lærebøkene litt frå kvarandre og sett på ein del om gongen. Eg har sett på korleis sjølve emnet vert presentert for elevane, eg har sett på korleis omgrepa vert presentert for dei, og ikkje minst kva omgrep eg fann
i dei ulike verka. Vidare har eg sett etter om omgrepa vert innført med innhaldet eller uttrykket først, om lærarrettleiinga har tips til læraren korleis nye omgrep kan innlærast, og om eg finn spor av den sosiokulturelle teorien i læreverka.
Eg har funne ut mykje, men kanskje ikkje så mykje som eg hadde forventa og håpa på. Læreverka gir generelt lite informasjon om nye omgrep. Elevane sine bøker inneheld mange nye omgrep, men det vert lagt lite vekt på å læra innhaldet i dei på ein induktiv måte. Lærarrettleiingane er gode på mange ting, men ikkje når det kjem
til korleis ein som lærar bør innføra og læra elevane nye omgrep. Ein positiv ting eg fann ut er at for det meste er alle læreverka veldig gode på det å la elevane arbeida i lag, la det få bruka det matematiske språket og på den måten utvikla si omgrepsverd.
Arbeidet med dette har også opna for nye spørsmål og problemstillingar, som eg kanskje må finna svar på ved ein seinare anledning