Abstract
Samandrag
Problemfelt:
Resultat frå PISA 2009 synte blant anna at naturfaglege tekstar med metaforisk tydingsinnhald er problematisk for eleven å forstå. Dette kan skuldast at eleven får for lite trening i å lesa naturfaglege tekstar, eller at slike tekstar tek visse typar kunnskap for gitt. Å forstå fag er å forstå metaforen synleggjer metaforen si rolle i lærebøker, og med utgangspunkt i denne påstanden rettar me eit søkelys på språkleg tilgjengelegheit i naturfaglege tekstar, og avgrensar det til å gjelda metaforar.
Metode:
For å utvikle kunnskap om metaforar i naturfaglege tekstar, har me teke utgangspunkt i tre lærebøker for 7. klassetrinn. Studien har ei kvalitativ tilnærming, der tekstanalyse er hovudmetoden, deltakande observasjon og diskursanalyse supplerande analysar. Gjennom fortolking av tekstar har forskinga vår ei hermeneutisk forankring.
Våre funn:
Resultata syner at metaforar er ein del av formidlinga i lærebøker for sjuande klassetrinn. Frekvensen av grammatiske metaforar er relativ låg, men absolutt tilstades .Grammatiske metaforar vert i hovudsak markert når dei har fagtermstatus . Metaforar utan fagtermstatus vert i liten grad kommunisert. Metaforar kan skapa språkleg tilgjengelegheit, men dei kan og vera eit hinder. Mykje kjem an på korleis forfattarane signaliserer metaforar i teksten.
Nøkkelord:
Metaforar, metaforsignal, lesing, literacy og naturfag.