Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T13:16:29Z
dc.date.available2013-03-12T13:16:29Z
dc.date.issued2009en_US
dc.date.submitted2009-12-03en_US
dc.identifier.citationKvalsund, Dag Rune. Overgang frå ungdomsskule til vidaregåande skule for gråsoneelevar - endepunkt eller vendepunkt? . Masteroppgave, University of Oslo, 2009en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/32219
dc.description.abstractBakgrunn og føremål med oppgåva Bakgrunnen for oppgåva er Buskerud fylkeskommune si innføring av ny overgangsordning og endra søknadsprosedyrar for spesialundervisning. Desse endringane innebar at elevar med tilretteleggingsbehov som søkte ordinært inntak til vidaregåande skule skulle få lagt ved søknaden eit meldeskjema til mottakarskulen med informasjon om elevane sine faglege og sosiale føresetnader og behov for tilrettelegging. Dette gjaldt både elevar som hadde hatt spesialundervisning i grunnskule og elevar som grunnskulen meinte burde følgjast opp i vidaregåande skule. Utdanningsavdelinga i Buskerud fylkeskommune ved Utdanningssjefen, ønskte å vite meir om den nye overgangsordninga samt korleis oppfølging av "gråsoneelevgruppa" etter dei nye søknadsprosedyrane og overgangsordninga med meldeskjema B fungerte. Denne satsinga har bakgrunn i visjonar om å utvikle reiskap for å kunne tilby betre tilrettelegging, samt redusere fråfallsprosenten i vidaregåande skule. Meir kunnskap om korleis overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande skule artar seg for ‘gråsoneelev’- gruppa kan såleis ha nytteverdi på ulike nivå i utdanningssystemet – både for avgjerdstakarar på fylkeskommunalt hald, tilsette i skulesystemet og brukarar. Problemstilling Overgang frå grunnskule til vidaregåande skule for "gråsoneelevar". Korleis kan bruken av meldeskjema som del av prosedyrane i prosessen påverke overgangen til og tilrettelegginga av opplæringstilbodet i vidaregåande skule for denne elevgruppa? Metode Utgangspunktet for studien min var at eg ville få meir kunnskap om overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande for gråsoneelevar og korleis ein nytta meldeskjema som del av prosedyrane i denne prosessen. Empiriske data om overgangen og sentrale aktørar sine erfaringar og kunnskapar om desse fenomena ligg slik til grunn for val av metodisk tilnærming. For å nå denne målsettinga har eg valt å nytte kvalitativ tilnærming og longitudinelt kvalitativt design. I staden for å gjennomføre ein tverrsnittstudie med innsamling av data på eitt enkelt tidspunkt (synkrone data) , har eg vektlagt å samle inn data på fleire tidspunkt (diakrone data: før og etter overgang), for å kunne analysere prosessar og endringar og slik kunne trekke slutningar om utvikling over tid. Målet med undersøkinga er å identifisere resultatmønster etter overgangen til vidaregåande skule for gråsonelevar og rekonstruere kva rammevilkår og prosessar som kan ha skapt resultata. Valet av longitudinelt metodisk design er slik eg ser det mest eigna til dette. Resultat I dette arbeidet har eg gjennom analyse av materiale frå intervju med sentrale aktørar i overgangsprosessen, (rådgjevarar, kontaktlærarar og gråsoneelevar), kome fram til resultat som viser at ei rekkje sosiomaterielle og symbolsk formidla faktorar er verksame og påverkar meldeskjemaprosessen og formar det eg har kalla eit avgrensa individualiserande kartleggingsblikk - eit blikk som ikkje tilfredsstiller det profesjonelle kravet om både person- og systemdiagnose. Ved hjelp av hjelp av rammefaktorteori og strukturasjonsteori, har eg forsøkt å rekonstruere kva rammevilkår og prosessar som har skapt resultata for å forklare og forstå. Resultata som er dokumenterte viser at meldeskjemaprosessen stoppar opp og bryt saman, mellom anna grunna møte- og samarbeidsbrot mellom kontaktlærarar og faglærarar. Vidare finn ein at det ikkje er balanse mellom det individorienterte og systemorienterte kartleggingsblikket. Kartleggingsblikket er avgrensa, der ein individualiserer problemårsaker. Dette viser seg også att i tilretteleggingspraksisen, som er mangelorientert heller enn ressursorientert. Dette fører til at elevar ikkje får tilrettelegginga dei har behov for, og kan slik møte auka risiko for sirkulære elevovergangar og påfølgjande utsetting og avbrot.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleOvergang frå ungdomsskule til vidaregåande skule for gråsoneelevar - endepunkt eller vendepunkt? : bruk av meldeskjema som del av prosedyrane i prosessen i overgangen til og i tilrettelegging av opplæringa - vidaregåande skuleen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2010-02-20en_US
dc.creator.authorKvalsund, Dag Runeen_US
dc.subject.nsiVDP::282en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Kvalsund, Dag Rune&rft.title=Overgang frå ungdomsskule til vidaregåande skule for gråsoneelevar - endepunkt eller vendepunkt? &rft.inst=University of Oslo&rft.date=2009&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-23956en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo97641en_US
dc.contributor.supervisorReidun Tangenen_US
dc.identifier.bibsys100414931en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/32219/1/masteroppgavexdagxrunexkvalsund.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata