Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T13:08:40Z
dc.date.available2013-03-12T13:08:40Z
dc.date.issued2009en_US
dc.date.submitted2009-11-25en_US
dc.identifier.citationNymark, Merete Nornes. Ungdom og psykisk helse - meistring og mulegheiter i skulen. Masteroppgave, University of Oslo, 2009en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/32214
dc.description.abstractMi gryande interesse for kva faktorar som bidreg til å fremje utvikling av god psykisk helse til born og unge er i hovudsak bakgrunn for mitt temaval. Eg måtte gjere ei avgrensing. Eg er førskulelærar har difor god kjennskap til førskuleborn si utvikling. Ungdomar var ei gruppe eg gjennom studiet hadde vorte nyfiken på, og mi avgrensing vart difor: Ungdom og psykisk helse. Psykisk helse er sett på dagsorden i vår tids skule. St.prp. nr. 63 er eit av fleire nasjonale dokument som synleggjer denne satsinga (Sosial- og helsedepartementet, 1998). Samstundes peikar rapporten: 13-15 åringer fra vanlige familier i Norge - hverdagsliv og psykisk helse, på at 13% i denne gruppa har psykiske vanskar som dei treng behandling for. Vidare kjem det fram at det er klare samanhengar mellom dei unge si psykiske helse og mellom anna skuleforhold (Folkehelseinstituttet, 2009). Den nasjonale: Elevundersøkinga, viser til at ferre elevar opplever mobbing i skulen (Kunnskapsdepartementet, 2009). På bakgrunn av desse dokumenta og mi interesse for meistingsmulegheiter i skulen voks denne problemstillinga fram: Korleis vert ungdomar si psykiske helse ivareteken i skulen? Sidan eg ville undersøke korleis ungdomar vert ivaretekne, var det eit naturleg val for meg at informantane mine skulle tilhøyre denne gruppa. Studiet vert difor rekna som eit case-studie design (Befring, 2007). Ingen andre kan skildre dette betre enn ungdomane sjølve. Eg ønskte å få kjennskap til kva faktorar elevane synest er viktige for å meistre skulekvardagen, og kva meistringsopplevingar og mulegheiter dei har. Vidare ønskte eg å få kjennskap til kva rolle lærar hadde for å fremje ei god psykisk helse, og om elevane opplevde å ha lærarar som bidrog til dette. Eg hadde slik valgt eit elevperspektiv for undersøkinga. Utifrå dette vart det å nytte ei kvalitativ studie med ei narrativ tilnærming det naturlege valet. Narrativ tilnærming forutset at nokon fortel ei eller fleire historiar (Befring, 2007; Bruner, 1999). Slik kunne eg få fram elevane si oppleving av meistring i skulen. Å gjere slike studiar både skriftleg og munntleg gjer undersøkinga breiare (Numan, 2007). Dette tok eg på alvor, og valgte difor at alle elevane i to 10.klassar først skulle framstille ei skrifleg forteljing. Deretter valgte eg fem elevar som eg skulle gjennomføre ope intervju med. Dei vart definert som hovudinformantane i undersøkinga. Funna i dei skrivne forteljingane skulle styre det seinare valet av elevar til intervju. Elevane som deltok i intervjua hadde skildra ulike former for meistring. Ein viktig prosess når ein gjer kvalitative studiar, er tolkingsprosessen og analysering av funn. Hermeneutikken er her eit viktig fundament, der ein nyttar den hermeneutiske sirkel som reiskap for å finne meiningsinnhald, forstå, tolke og setje funn i samanheng med eksisterande teori kring temaet ein forskar på (Befring, 2007; Dalen, 2004; Gilje & Grimen, 1998). Dette var tolkingsredskap eg nytta i mi forståing av funna, og bidrog til auka kunnskap og innsikt kring temaet eg forska på. Avvegingar kring teoretisk forankring var naudsynt. Oppgåva favna om eitt breitt fagfelt. Funn og tolking av desse har i stor grad påvirka teorivalet mitt. Eit hovudfunn er at vennskap har stor tyding for trivsel i skulen. Elevane føler seg godt ivaretekne psykososialt, der trivsel er eit nøkkelord. Og dei har gode mulegheiter til fagleg meistring. Det vart difor naturleg å nytte desse funna som kategoriar og overskrifter i analysedelen, der eg først presenterar funn og fellestrekk i ei kasusforteljing. Ved å ta den narrative stukturen på alvor, var dette eit naturleg val i framstilling av funn. Utifrå funna mine ser det ut til at lærarane i stor grad bidreg til utvikling av ei god psykisk helse, når eg knyter funna til eksisterande teori. Sitatet: "...synst at eg har det supert på skulen...", syner at eleven har det godt på skulen, og er skildrande for hovudinformantane mine si oppleving av skulekvardagen. Avslutningsvis vil eg seie at den narrative tilnærminga eg har nytta, var godt eigna til mi undersøking. Elevane si erfaringsoppleving kom godt fram i forteljingane. Gjennom å late nokre elevar får utdjupe sine forteljingar gjennom intervju i etterkant, bidrog dette til at mi førforståing kom i skuggen av funna hjå informantane. Elevane si stemme kom godt til syne ved å nytte denne metoden.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleUngdom og psykisk helse - meistring og mulegheiter i skulen : "... synst at eg har det supert på skulen..."en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2010-02-18en_US
dc.creator.authorNymark, Merete Nornesen_US
dc.subject.nsiVDP::282en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Nymark, Merete Nornes&rft.title=Ungdom og psykisk helse - meistring og mulegheiter i skulen&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2009&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-23813en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo97340en_US
dc.contributor.supervisorAstrid Øydvinen_US
dc.identifier.bibsys100079725en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/32214/1/ferdigxmasterx2.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata