Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T13:09:27Z
dc.date.available2013-03-12T13:09:27Z
dc.date.issued2009en_US
dc.date.submitted2009-11-06en_US
dc.identifier.citationLid, Inger Johanne. Dei stille har ikkje bedt om hjelp. Masteroppgave, University of Oslo, 2009en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/32199
dc.description.abstractPsykososiale vanskar ser ut til å vere aukande blant barn og unge. Problema kan ha ulike årsaker, og dei kan gi ulike utslag. Dei synlege uttrykka gjennom barn si åtferd kan vere meir eller mindre tydelege, og blir gjerne kategorisert som utagerande eller innagerande åtferd. Førebygging og tidleg intervensjon er sentrale omgrep i arbeid med psykososiale problem. Denne oppgåva rettar seg mot gruppa barn som vender problema innover og trekker seg tilbake. Hovudproblemstillinga i undersøkinga er ”Kva gjer barnehagen og helsestasjonen for å fange opp barn med teikn til innagerande åtferd?” Gjennom to underspørsmål vert fokuset retta mot førskulelærarar og helsesøstrer sine erfaringar: ”Korleis blir desse barna sett og møtt i barnehage og på helsestasjon?” og ”I kva grad samarbeider barnehage og helsestasjon om identifisering og tiltak i høve til desse borna?” Målet med prosjektet var å finne ut noko om kva dei har fanga opp, og kva det eventuelt har ført til. Det var også interessant å sjå på kva samarbeid desse faggruppene hadde, og om det eventuelt hadde innverknad på identifisering og tiltak i høve innagerande born. Undersøkinga har ei kvalitativ tilnærming, der metoden for innsamling av data var semistrukturert forskingsintervju. Utvalet har bestått av tre førskulelærarar og tre helsesøstrer. Alle intervjua vart transkribert og materialet vart sortert etter tema i intervjuguiden. Intervjumaterialet frå førskulelærarar og helsesøstrer vart samla og analysert kvar for seg ut frå kategoriane identifisering, tiltak og samarbeid. Undersøkinga viser at førskulelærarane hadde gode føresetnader for å sjå teikn til innagerande åtferd hos barn, og dei hadde eit variert og beskrivande uttrykk for korleis dei opplevde teikn til innagerande åtferd. Dei hadde sett både emosjonelle problem, sjenanse, vanskar med sjølvhevding, samspelsvanskar, hemma åtferd, tilbaketrekking og tause barn. Dei hadde ulik grad av merksemd og medvit mot faktorar i omgjevnadane som kunne skape bekymring. Helsesøstrene hadde eit mindre grunnlag for å kunne vurdere åtferda til barna, men hadde til ei viss grad høve til å få informasjon om faktorar som kunne utgjere risiko. Undersøkinga viser at helsesøstrene hadde størst fokus på generelt førebyggande arbeid, og i mindre grad var merksame på risikofaktorar og teikn til innagerande åtferd. Materialet viser at førskulelærarane nytta tiltak for at desse barna skal fungere betre i leik og samhandling med andre i barnehagen. Helsesøstrene nytta foreldrerettleiing i konsultasjonane, og sjeldan tilvising eller tiltak utover det. Tendensen i materialet er at det er lite samarbeid mellom barnehage og helsestasjon om å identifisere barn med teikn til innagerande åtferd. Undersøkinga viser ingen tydelege funn av samarbeid om tiltak. Helsestasjonstenesta er ein viktig arena for tidleg intervensjon, og førebyggande psykososialt arbeid er forskriftsfesta oppgåve. Denne undersøkinga peikar i retning av at barn sine teikn til innagerande åtferd ikkje er tydelege nok til at helsesøster er i stand til å fange dei opp.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleDei stille har ikkje bedt om hjelp : å fange opp barn med teikn til innagerande åtferd : førskulelærar og helsesøster sine erfaringaren_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2012-09-18en_US
dc.creator.authorLid, Inger Johanneen_US
dc.subject.nsiVDP::282en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Lid, Inger Johanne&rft.title=Dei stille har ikkje bedt om hjelp&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2009&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-23858en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo96471en_US
dc.contributor.supervisorHanne Marie Høybråten Sigstaden_US
dc.identifier.bibsys100268404en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/32199/1/MasteroppgxvexIngerxJxLid.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata