Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T13:10:47Z
dc.date.available2013-03-12T13:10:47Z
dc.date.issued2009en_US
dc.date.submitted2009-10-19en_US
dc.identifier.citationOsland, Laila-Sofie. Å møte den andre der den andre er. Masteroppgave, University of Oslo, 2009en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/32193
dc.description.abstractBakgrunn og formål Vi må forhalde oss til eit stadig meir mangfaldig og samansett samfunn. Mellom anna viser tal frå statistisk sentralbyrå at det i perioden 1990- 2007 var 328 000 personar med statsborgarskap utanfor Norden som innvandra til Noreg og fekk opphald her. Samtidig er det er gjort lite forsking på kva kulturelle skilnader har å seie for interaksjonen mellom rådgjevar og hjelpsøkar. Mykje av informasjonen har sitt utspring i teoretiske diskusjonar og forsking som konsentrerer seg om utfordringar som er lite relevant i dei norske systema. Det er likevel aukande semje om at det er naudsynt med multikulturell kompetanse og å anerkjenne kultur som ein viktig faktor for å kunne utføre ein etisk forsvarleg og vellukka jobb. I Noreg har Øzerk (2008) løfta fram mangelen på kompetanseutvikling innan multikulturell rådgjeving i ppt-sytemet og etterlyser diskusjon og forsking kring temaet. Med dette som bakteppe ynskjer eg å sjå på kva ulik kulturell bakgrunn har å seie for interaksjonen mellom rådgjevar og hjelpsøkar innanfor ppt-systmet. Målet er å få ei auka forståing av rådgjevingsprosessen og betre kjennskap til kva spesialpedagogiske rådgjevarar og hjelpsøkar vurderer er viktig for at rådgjevingsprosessen blir driven framover og på best mogeleg måte blir opplevd som positiv for partane. Problemstilling Kva opplever innvandrarforeldre og spesialpedagogiske rådgjevarar i ppt som viktige element i ein positiv rådgjevingsprosess? Metode Undersøkinga har ei kvalitativ forskingstilnærming der eg nytta semistrukturerte intervju for å hente datamaterialet. Utvalet er samansett av tre foreldre med bakgrunn frå Sri Lanka, Irak og Bosnia og tre spesialpedagogiske rådgjevarar i ppt. Informantane er uavhengige av kvarandre. Analyse og tolking er inspirert av Grounded Theory. Resultat og konklusjonar Viktige element i rådgjevingsprosessen har eg valt å presentere og drøfte under ulike hovudtema som gjennom empirien har stått fram som sentrale. Dette er dimensjonar som synast vere sentrale å ta omsyn til i ein multikulturell rådgjevingsprosess det vere seg; (i) kunnskap om hjelpsøkar sin kulturelle bakgrunn, (ii) verdialliansar, (iii) systemforståing, (iv) livsverda til hjelpsøkar, (v) kulturell bevisstheit, (vi) meistring- empowerment, (vii) språk, (viii) i forkant av det første møtet – den første kontakten. Ein positiv rådgjevingsprosess synast innebere at ein saman gjennom dialog utforskar og konfronterer eventuelle kjelder for konflikt. Sentrale moment er utforsking og samanlikning av kvarandre sine perspektiv for å skape forståing. Samtidig reflekterer rådgjevarane over at det er utfordrande å gå inn i slike diskusjonar og at den spesialpedagogiske kunnskapen lett kan bli eit skjold som beskyttar, og ein opptrer som ekspert heller enn partnar. Generelt synest det å vere knytt ein del moral og usikkerheit til arbeid med innvandrarforeldre, og rådgjevarane uttrykkjer ein redsel for å opptre krenkande og utanfor sitt mandat. Ein tendens i datamaterialet er at rådgjevarane synast å vere ulike med omsyn til kva grunnholdning dei har til om dei plasserer rådgjevingsprosessen innanfor kulturfeltet eller ikkje, og dermed i kva grad dei opnar opp for refleksjon kring bakgrunn, kunnskap, verdiar holdningar, førestilingar og verdsbilete som ofte blir knytt til kultur. Foreldra opplever det som positivt at kulturelle spørsmål blir tatt opp. Trass desse skilnadane er genuin interesse for familien sentrale stikkord som går igjen i datamaterialet både hos foreldra og rådgjevarane. Spesielt blir det framheva at å skape ein verdiallianse og å etablere ein felles verdi i barnet blir essensielt for den vidare prosessen.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleÅ møte den andre der den andre er : spesialpedagogisk rådgjeving i møte med foreldre frå ein annan kulturen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2010-02-18en_US
dc.creator.authorOsland, Laila-Sofieen_US
dc.subject.nsiVDP::282en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Osland, Laila-Sofie&rft.title=Å møte den andre der den andre er&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2009&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-23381en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo95796en_US
dc.contributor.supervisorIvar Morkenen_US
dc.identifier.bibsys100398782en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/32193/1/EndeligxMasteroppgavexLSxOsland.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata