Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T13:16:11Z
dc.date.available2013-03-12T13:16:11Z
dc.date.issued2009en_US
dc.date.submitted2009-05-26en_US
dc.identifier.citationFosse, Åse Sandnes, Nes, Anne-Karin Laupsa, . "Augo som ser...". Masteroppgave, University of Oslo, 2009en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/32160
dc.description.abstractBakgrunn for undersøkinga Barnehagen vert sett på som den viktigaste førebyggjande arena utanfor heimen for born i førskulealder. Det er i dag semje om at tidleg innsats er beste hjelp til vekst og utvikling. Rammeplanen seier at barnehagen har eit særskilt ansvar for å førebyggja vanskar og å oppdaga born med særskilte behov. Tiltak sett i verk i førskulealder syner seg å ha størst effekt, både i førebyggjing av samspelsvanskar og språkvanskar. Språkstimulering og utvikling av sosial kompetanse kjem inn under barnehagen sine grunnleggjande oppgåver For å kunna fanga opp språkvanskar tidleg må barnehagen ha grunnleggjande kunnskap om normalutvikling og språkstimulering. Personalet må vita kva dei ser etter, og målet må vera å setja inn hjelpetiltak så tidleg som mogeleg for å hindra at vanskane veks seg større. Sosialt samspel er ein føresetnad for at barnet skal kunna utvikla seg vidare, både intellektuelt, følelsemessig og sosialt, og vert framheva som ein føresetnad for utvikling av språklege og kommunikative ferdigheiter. Formål og problemstilling Etter ei undersøking i norske barnehagar i år 2000, viste det viste seg å vera mangel både på rutinar for kartlegging og kartleggingsmateriale, noko som gjorde det vanskeleg å fanga opp born som strevde med språket. Dette førte til utarbeiding av TRAS materialet. Me er opptekne av det førebyggjande perspektivet og av tidleg intervensjon. I denne undersøkinga ynskte me å finna ut om barnehagane klarar å sjå enkeltbarnet og å registrera når utviklinga ikkje er som forventa. Har innføring av TRAS ført til auka kompetanse og bevisstgjering rundt tidleg intervensjon? Korleis opplever førskulelæraren eigen kompetanse når det gjeld vurdering av utvikling, og korleis vurderer dei språk og sosialt samspel? På bakgrunn av forsking og eigne erfaringar valde me fylgjande problemstilling: Korleis ser barnehagen på språk og sosialt samspel når dei vurderer utvikling hos førskuleborn? Teoretisk referanse og metode I det teoretiske grunnlaget tek me utgangspunkt i det førebyggjande perspektivet. Som teoretisk grunnlag for språk brukar me Bloom og Lahey si inndeling av språk i tre dimensjonar, og gjennom kommunikasjonsperspektivet knyter me så språk til sosialt samspel. Som teoretisk referanse for sosialt samspel og utvikling av sosial kompetanse, brukar me mellom anna Ogden og Lamer sine kompetansedimensjonar. Meistringsperspektivet vert sentralt, og me knyter det til språk, sosialt samspel og samanhengen mellom desse. Som bakgrunn for vurdering av språk og sosialt samspel, ser me på utvikling og vanskar. Som grunnlag for vurderingsarbeidet tek me utgangspunkt i kartlegging og observasjon, og presenterer kartleggingsverktøya TRAS og ALLE MED. Undersøkinga har ei kvalitativ forskingstilnærming med intervju som design. Utvalet har bestått av førskulelelærarar frå seks ulike barnehagar fordelt på tre kommunar. Eit av utvalskriteria var at barnehagane skulle bruke TRAS. Resultat Me ynskte gjennom denne oppgåva å finna ut korleis barnehagen ser på språk og sosialt samspel når dei vurderer utvikling hos born. Det kjem fram at informantane har ein god intensjon og eit sterkt ynskje om å sjå alle borna og det enkelte barnet sitt behov. Me opplever likevel eit misforhold mellom dette ynskjet og den praksis barnehagane har i vurderingsarbeidet. Dei brukar ikkje systematisk kartlegging for å beskriva og vurdera utvikling av språk og sosialt samspel, og oppfatninga av korleis dei skal arbeida førebyggjande er noko uklar. Det kjem fram at rammebetingelsane kan vera med å skapa begrensingar både i høve til forventningar og krav som vert stilt til barnehagen, og i det daglege arbeidet. Det viser seg at informantane stolar mykje på eigne erfaringar og evna til å ”sjå”, noko som gav tittelen til oppgåva: ”Augo som ser…”nor
dc.language.isonnoen_US
dc.title"Augo som ser..." : korleis ser barnehagen på språk og sosialt samspel når dei vurderer utvikling hos førskulebornen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2009-09-01en_US
dc.creator.authorFosse, Åse Sandnesen_US
dc.creator.authorNes, Anne-Karin Laupsaen_US
dc.subject.nsiVDP::282en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Fosse, Åse Sandnes&rft.au=Nes, Anne-Karin Laupsa&rft.title="Augo som ser..."&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2009&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-22615en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo92281en_US
dc.contributor.supervisorÅse Eggeen_US
dc.identifier.bibsys093152566en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/32160/1/Ferdig_masterxxpdf.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata