Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T13:16:21Z
dc.date.available2013-03-12T13:16:21Z
dc.date.issued2009en_US
dc.date.submitted2009-05-25en_US
dc.identifier.citationBjørkedal, Rigmor, Søgnen, Åse-Rigmor, . Afasi og meistring. Masteroppgave, University of Oslo, 2009en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/32152
dc.description.abstractBakgrunn for undersøkinga. Vi som skriv denne masteroppgåva er logopedar og har erfaring i praksisområdet med slagramma. Vi har erfart at nokre afasiramma klarer seg betre enn andre etter akutt- og rehabiliteringstid, trass i tilsynelatande like utfall etter hjerneslaget. Vi har undra oss over kva som kan vere grunnen til dette. Kan det vere individuelle faktorar, støtte og oppfølging frå nære pårørande, det sosiale nettverket, hjelpeapparatet eller andre årsaker? Føremålet med undersøkinga. Målet med undersøkinga er å finne fram til faktorar dei afasiramma opplever som sentrale for å meistre kvardagen med afasi. Vi tok utgangspunkt i informantane sine eigne subjektive opplevingar og korleis dei meistra kvardagen. Problemstilling. Kva faktorar er sentrale for meistring i kvardagen hos eit utval afasiramma med lett til moderate ekspressive vanskar? Problemstillinga er operasjonalisert i tre forskingsspørsmål: Kva meistringsressursar og meistringsstrategiar har dei afasiramma brukt for å handtere utfordringar i kvardagen? Kva personlege eigenskapar har vore viktige i denne prosessen? Kva hjelp og støtte har vore viktig frå pårørande, sosialt nettverk og hjelpeapparat? Metode. Med utgangangspunkt i problemstillinga har vi gjort ei undersøking med fem afasiramma personar som informantar. Det var viktig at dei fekk fortelje si eiga historie utan pårørande som tolk. Vi har nytta ei hermeneutisk- fenomenologisk tilnærming med kvalitativt intervju som metode. Resultat av undersøkinga. Målet med undersøkinga er å finne faktorar som er sentrale for meistring i kvardagen hos afasiramma. Vi prøvde difor å få tak i informantar som opplevde at dei klarte å handtere kvardagen med afasi. I intervjua fekk vi inntrykk av at informantane klarte seg godt etter hjerneslaget. Informantane er ressurssterke, har tru på eigne evner og har tidlegare gode meistringserfaringar frå ulike arenaer. Informantane har god kunnskap om seg sjølve og har eit godt sosialt nettverk. Dei har meistringsressursar som dei brukar i kvardagen. Dei gjev uttrykk for at det er ei utfordring å snakke i større grupper. Dei greier seg likevel godt når dei er i etablerte miljø som kjenner dei og som tek omsyn til vanskane deira. Informantane er optimistiske og ser framover, men er realistiske og innser at vanskane kan vedvare. Dei legg ned mykje tid og treningsinnsats for å oppnå framgang på det språklege og fysiske området.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleAfasi og meistringen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2009-10-27en_US
dc.creator.authorBjørkedal, Rigmoren_US
dc.creator.authorSøgnen, Åse-Rigmoren_US
dc.subject.nsiVDP::282en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Bjørkedal, Rigmor&rft.au=Søgnen, Åse-Rigmor&rft.title=Afasi og meistring&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2009&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-22614en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo92271en_US
dc.contributor.supervisorSynneva Hellanden_US
dc.identifier.bibsys093310110en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/32152/1/Afasixogxmeistringx25.05.09.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata