Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T13:16:28Z
dc.date.issued2008en_US
dc.date.submitted2008-05-28en_US
dc.identifier.citationMatthiessen, Karen. Fyrst uttalevanskar, så lesevanskar?. Masteroppgave, University of Oslo, 2008en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/32034
dc.description.abstractBorn med uttalevanskar er ei heterogen gruppe. Dei er ulike i kor store vanskane er, grunnen til vanskane, kva som karakteriserer uttalevanskane, i kva grad andre deler av språket er ramma, i kva grad dei responderer på behandling, og i kva grad vanskane påverkar personen: nokre ser ut til å ikkje bry seg, medan andre vert frustrert over å ikkje verta forstått. Mange av desse borna har ein aldersadekvat uttale når dei startar på skulen. Men har dei ein underliggande vanske som var årsak til uttalevanskane og som kan visa seg på andre måtar når dei vert eldre? Me veit meir om uttalevanskar no enn me gjorde tidlegare, men me manglar enno viktig kunnskap. Me treng kriterium som tek omsyn til heile barnet og som kan seia noko om kva tiltak dei ulike borna treng. Ein treng ulike tilnærmingsmåtar, ei enkel intervensjonstilnærming viser seg å ikkje gje gode nok resultat. Tiltaka må vera retta mot karakteristiske trekk ved vansken og dette understrekar behovet for ein differensialdiagnose for uttalevanskar. Sidan 80-åra har det vore ei vanleg forståing at lese- og skrivevanskar er eit språkleg problem. Fonologisk medvit har stått sentralt fordi det kan predikera born si tidlege lese- og skriveutvikling og fordi trening av fonologisk medvit har vist seg å kunna førebyggja lese- og skrivevanskar. Men det er viktig å også ha fokus på fonologisk minne. Fonologisk minne spelar ei rolle på fleire område: utvikling av ordforrådet, produksjon av tale, leseutvikling, avansert lesing og språkforståing. Kan fonologisk minne vera ein slik underliggande faktor som gir ulike utslag i ulike aldrar? Utvalet i denne undersøkinga besto av 12 elevar som alle hadde vorte tilvist PPT for uttalevanskar i førskulealder. Elevane vart testa med deltestar frå Logos og deltestar frå Språk 6-16. Dersom ein samanliknar resultatet i denne undersøkinga med kor mange som har lesevanskar av born generelt, ser ein at det er ein mykje større del av borna i denne undersøkinga som har lesevanskar. Forsking viser at fonologisk minne er viktig både for avkoding og utvikling av ordforråd. Resultatet i denne undersøkinga tyder også på dette. Elevane som får resultat som viser eit svakt fonologisk minne viser også vanskar på fleire område. Dette tyder på at dei ulike faktorane heng saman i ei årsakskjede og at uttalevanskar og lesevanskar kan vera ulike uttrykk i same vanskebilde.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleFyrst uttalevanskar, så lesevanskar? : får born som har hatt uttalevanskar i førskulealder oftare lesevanskar enn born generelt? : i så fall, korleis kan dette forklarast?en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2009-02-05en_US
dc.creator.authorMatthiessen, Karenen_US
dc.date.embargoenddate10000-01-01
dc.rights.termsDette dokumentet er ikke elektronisk tilgjengelig etter ønske fra forfatter. Tilgangskode/Access code Aen_US
dc.rights.termsforeveren_US
dc.subject.nsiVDP::282en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Matthiessen, Karen&rft.title=Fyrst uttalevanskar, så lesevanskar?&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2008&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-20003en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo76851en_US
dc.contributor.supervisorKirsten Meyer Bjerkanen_US
dc.identifier.bibsys082327181en_US
dc.rights.accessrightsclosedaccessen_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/32034/2/matthiessen.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata