Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T13:09:45Z
dc.date.available2013-03-12T13:09:45Z
dc.date.issued2007en_US
dc.date.submitted2007-11-28en_US
dc.identifier.citationPedersen, Gurid. Språkvanskar i førskulealder og lesemeistring i skulen. Masteroppgave, University of Oslo, 2007en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/31973
dc.description.abstract"Språkvanskar i førskulealder og lesemeistring i skulen", er tittelen på denne undersøkinga. Eg har gjennomført undersøkinga ved datainnsamling frå arkivkjelder, intervju og testresultat i høve elevar som hadde spesifikke språkvanskar i førskulealder og korleis dei meistrar lesing. Til dagleg arbeider eg ved Pedagogisk psykologisk teneste (PPT). I arbeidet møter eg born i førskulelader med språkvanskar og elevar i skulen som har vanskar med å lære og lese. Eg ønskjer å få innsikt i markørar ved førskuleborn sitt språk, som kan predikere leseutviklinga dei første åra i skulen. Ved å få tilgang til informasjon om elevar med språkvanskar i førskulealder og deira lesemeistring, ønskjer eg djupare innsikt i prediktorar til lesevanskar, som kan fortelje om at førebyggjande tiltak bør setjast inn. Hovudproblemstillinga i undersøkinga er: "Korleis meistrar førskuleborn med spesifikke språkvanskar den første leseopplæringa?" Undersøkinga har ei kvalitativ tilnærming, og er eit samansett singelcasestudie. Utvalet innheld fem born med spesifikke språkvanskar i førskulealder, som går andre og tredje året i skulen. Innsamla data er henta frå arkivjournalar, halvstrukturerte intervju med borna sine lærarar og testing. Undersøkinga viser at fire elevar har knekt den alfabetiske lesekoden. Ein av desse elevane har vanskar med å forstå det han les. Den femte eleven har enno ikkje knekt lesekoden. Funn gjort med screeningtest Språk 6-16 indikerer at desse to elevane har høvesvis ein alvorleg og ein moderat språkvanske. Det er funne at dei tre elevane, som framleis ser ut til å ha ein språkvanske, hadde svakt fonologisk korttidsminne (språkleg korttidsminne). Funn i studien indikerer at alle dei fem elevane har svakt ordforråd, målt med Språk 6-16. Funn gjort i intervju med lærarane understøttar dette. Lærarane understrekar verdien av å førebyggje vanskar med leseforståing. Det er semje om at fonologisk medvit i førskulealder er ein sterk prediktor for lesemeistring. Funn i undersøkinga viser at elevane med svak lesemeistring også synte svakt fonologisk medvit. Elevane har fått tett oppfølging frå dei vart tilmeldt PPT. Det har vore pedagogisk personale og personar med spesialpedagogisk kompetanse, som har følgt dei opp. Har dette vore av spesiell verdi for elevane si leseutvikling? Det er funne at alle elevane har fått spesielt tilrettelagte aktivitetar, som fremjar fonologisk medvit. Lesevanskar i familien vart funne hjå elevane i utvalet, med eitt unnatak. Samahengen mellom lesevanskar i nær familie, og borna sin risiko for utvikling av vanskar med lesing er godt dokumentert. Det er likevel ikkje slik at alle desse borna får lesevanskar. Eit kriterium for val av elevar til studien var at dei skulle vere tilmeldt PPT for språkvanskar i førskulealder. Språkvanskar i seg sjølv er ein prediktor for lesemeistring. Hagtvedt (1996) legg vekt på at ein markør åleine ikkje kan predikere lesemeistring, fleire prediktorar treng sjåast i samanheng.nor
dc.language.isonoben_US
dc.titleSpråkvanskar i førskulealder og lesemeistring i skulen : korleis gjekk det med dei?en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2008-02-14en_US
dc.creator.authorPedersen, Guriden_US
dc.subject.nsiVDP::282en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Pedersen, Gurid&rft.title=Språkvanskar i førskulealder og lesemeistring i skulen&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2007&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-18327en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo68309en_US
dc.contributor.supervisorSynneva Hellanden_US
dc.identifier.bibsys080190812en_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata