Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T13:10:51Z
dc.date.available2013-03-12T13:10:51Z
dc.date.issued2007en_US
dc.date.submitted2007-11-26en_US
dc.identifier.citationEngevik, Liv Inger. Livskvalitet og multifunksjonshemjing. Masteroppgave, University of Oslo, 2007en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/31972
dc.description.abstractBakgrunn for problemstilling: Det fins internasjonal forsking på livskvalitet innan eit mangfald av fagområde. I spesialpedagogisk samanheng blir livskvalitet oftast brukt som ei målsetjing i arbeidet med opplæringstiltak for barn med funksjonshemjingar. Eit grunnleggjande spørsmål i denne oppgåva er om ulike oppfattingar av livskvalitet òg kan gjelde dei med ein livssituasjon totalt ulik vår. I møte med barn med multifunksjonshemjing skapar kommunikasjonsvanskar ofte dilemma når ein skal leggje til rette for god livskvalitet – for korleis kan ein definere kva som kan seiast å vere god livskvalitet for andre? Her står me ovanfor ei utfordring som i aukande grad gjer seg gjeldande i vårt samfunn der fleire og fleire barn med omfattande hjerneskadar veks opp. Desse barna har rett til god livskvalitet på lik linje med alle andre barn, i tråd med det humanistiske verdigrunnlaget vår velferdsstat byggjer på. Eg har formulert følgjande hovudproblemstilling: Korleis kan livskvalitet definerast for barn med multifunksjonshemjing? Metode og materiale: På bakgrunn av tema og problemstilling er ei teoretiske tilnærming med utangspunkt i kjeldegransking brukt som metode i oppgåva. Gjennom litteraturstudiar er fire hovudkjelder valt ut og presentert i forhold til teori om livskvalitet. Kjeldene blir diskutert og vurdert ut frå kunnskap om multifunksjonshemjing. Analysen blir strukturert ved hjelp ein modell som synleggjer ulike nivå i livskvalitetsomgrepa. Diskusjon kring meiningsinnhald i omgrep høyrer heime i kvalitative forskingstradisjonar. Fenomenologi og hermeneutikk gjer seg gjeldane som vitskapsteoretisk referanseramme i oppgåva. Resultat: Oppgåva resulterer ikkje i endelege konklusjonar om korleis livskvalitet kan definerast for barn med multifunksjonshemjing. Føremålet er snarare å synleggjere problemkomplekset ei slik problemstilling representerar. Utfordringar kring objektivitet og subjektivitet i samfunnsvitskapleg forsking går igjen i oppgåva, og velferdsetiske prinsipp blir drøfta. Med utgangspunkt i analysemodellen brukt i oppgåva blir enkelte nivå i utvalde definisjonar av livskvalitet vurdert som meir egna enn andre, med tanke på barn med multifunksjonshemjing og deira livssituasjon.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleLivskvalitet og multifunksjonshemjing : korleis kan livskvalitet definerast for barn med multifunksjonshemjing? : ein teoretisk diskusjonen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2008-01-24en_US
dc.creator.authorEngevik, Liv Ingeren_US
dc.subject.nsiVDP::282en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Engevik, Liv Inger&rft.title=Livskvalitet og multifunksjonshemjing&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2007&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-18278en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo68269en_US
dc.contributor.supervisorBerit Rognhaugen_US
dc.identifier.bibsys080111033en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/31972/1/Masteroppgave.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata