Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T13:08:38Z
dc.date.available2013-03-12T13:08:38Z
dc.date.issued2007en_US
dc.date.submitted2007-11-15en_US
dc.identifier.citationTenfjord, Knut Ståle. Skule og psykisk helse. Masteroppgave, University of Oslo, 2007en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/31968
dc.description.abstractEg byrja på masteroppgåva med ei undring kring tema psykisk helse og psykiske belastningar. Eg ynskte å finne ut om tidlegare elevar som har slite med psykiske vanskar kunne kome med noko nytt. Eg var klar over at temaet var lyssett både innan ulike fagretningar, lovverk og frå sentralt gjeve rammeverk. Likevel sakna eg informasjon rett frå informantar som har erfart psykiske vanskar på kroppen. Etter fleire omarbeidingar fall eg ned på ei problemformulering som dekte det eg ynskte å finne meir ut om. Korleis vurderer tidligare elever eiga psykisk helse, i høve til psykososiale belastningar frå skuletida. Sjølv eitt barn eller éin ungdom som ikkje har hatt ei god skuletid, anten det kjem av psykiske lidingar eller psykososiale belastningar, er eit barn eller ein ungdom for mykje. Eg har intervjua tre tidlegare elevar om deira skuletid for å høyre og tolke historia deira. Alle elevane har hatt behov for psykologhjelp i eller etter skuletida si. Eg fekk to unge menn og ei ung kvinne som informantar. Dei var hyggelige, reflekterte og spanande intervjuobjekt, som etter mi meining knappast kunne passa betre. Eg byrja med å setje meg godt inn i lovverk og sentralt gjeve rammeverk kring temaet og problemformuleringa. Etter studie av dette laga eg eit utval samandrag frå kvar publikasjon og lovverk. Eg hadde no ei skildring av det eg har valt å kalle feltet . Feltet skildrar rammeverket og lovverket som skular og kommunale hjelpetenester har å halde seg til. Deretter valde eg ut og studerte hovudlitteratur. Etter ein tilsvarande prosess som for feltet, sat eg til slutt att med tre hovudforfattarar. Eg valde Aaron Antonovsky fordi eg tykkjer hans spissing inn mot kva påverknader som skadar eller styrkjer vår motstandskraft mot psykisk sjukdom er svært aktuelt. Som andre hovudforfattar valde eg Edvard Befring fordi han skildrar norsk skule og utfordringar i den, samstundes som han skildrar tankar kring pedagogikk, spesialpedagogikk og skuleutvikling som er retta mot at fleire barn og ungdommar skal få eit godt liv. Til sist valde eg Urie Bronfenbrenner fordi hans bioøkologiske utviklingsteori syner mykje av kva det er som skapar oss til kva vi er. Eit samandrag og utval av særleg interesse for tema og problemformulering vart produsert for kvar av dei og er å finne i oppgåva. I tolkingsdelen set eg empiri frå informantane opp mot feltet og den einskilde forfattaren i hovudlitteraturen. Informasjonen frå informantane var så ulik, at eg fann det naudsynt å tolke kvar og ein for seg. Informasjonen kunne etter mi meining knytast saman med hovudforfattarane sine teoriar, slik at dei fungerte som verkty for å skjøne samanhengar og hendingar. Feltet var og nyttig for å sjå om informantane sine erfaringar var innan rammeverk og lovverk. Alle informantane peikar på psykososiale belastningar frå skuletida. To klandrar i stor grad skulen, medan ein klandrar medelevar for tøffe og vonde erfaringar. Informantane kan òg syne til samanhengar mellom psykiske belastningar og psykisk helse, men tolkinga syner at dei gjer det på sitt eige vis.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleSkule og psykisk helse : ei retrospektiv masteroppgåva om erfaringar frå skuletida til tre intervjupersonaren_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2008-02-14en_US
dc.creator.authorTenfjord, Knut Ståleen_US
dc.subject.nsiVDP::282en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Tenfjord, Knut Ståle&rft.title=Skule og psykisk helse&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2007&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-18321en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo67590en_US
dc.contributor.supervisorJohannes Drabløsen_US
dc.identifier.bibsys080190790en_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata