Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T13:09:21Z
dc.date.available2013-03-12T13:09:21Z
dc.date.issued2007en_US
dc.date.submitted2007-11-14en_US
dc.identifier.citationAlme, Kari. Foreldrerådgjeving. Masteroppgave, University of Oslo, 2007en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/31962
dc.description.abstractDenne oppgåva handlar om foreldre som har barn med problemåtferd si oppleving av rådgjeving frå PPT. Det å hjelpe barn med problemåtferd kan være ei krevjande oppgåve, og er avhengig av eit godt samarbeid mellom alle involverte partar. Foreldra er ein viktig samarbeidspart og det er deira synsvinkel som skal setjast lys på i denne undersøkinga. Kva opplevingar har foreldre i forhold til kontaktetablering med rådgjevar, og korleis opplever dei samarbeidet? For å finne svar på desse spørsmåla er problemstillingen for oppgåva formulert slik: Kva er dei viktigaste faktorane i rådgjeving med tanke på etablering av god kontakt og godt samarbeid mellom foreldre som har barn med problemåtferd og PPT? Kva eigenskapar må rådgjevar ha for å skape god kontakt med foreldre, og kva påverkar eit godt samarbeid? Rådgjeving vil her bli sett ut i frå eit humanistisk perspektiv mi si tru på at menneske har muligheit for vekst og meistring. For at rådgjevar skal fremje dette hjå foreldra, set den humanistiske rådgjevingstradisjonen forventningar til både rådgjevar sine kunnskapar, ferdigheiter og haldningar. Denne oppgåva ser på foreldra si oppleving av blant anna kongruens, positiv respekt og empati hjå rådgjevar. Vidare korleis dei opplever kommunikasjon og relasjon i samarbeidet. Undersøkinga har ei kvalitativ forskingstilnærming, og metoden er intervju. Forskingsprosjektet er bygt opp som eit samansatt singelcase, der foreldra er å betrakte som caset, og deira oppleving av rådgjeving som fenomenet det blir forska på. Utvalet er fire foreldre som har kontakt med PPT på grunn av barnet si problemåtferd. Undersøkinga viser at rådgjevar sine grunnleggjande eigenskapar og haldningar er viktige i kontaktetablering med foreldre. Foreldra som var med i denne undersøkinga opplevde at rådgjevar hadde desse eigenskapane, og alle opplever at dei har godt samarbeid med rådgjevar. Dei faktorane som er viktigast for foreldra er at dei blir lytta til, og at det vert sett i gang tiltak for barnet. Undersøkinga får også fram at god kontakt og eit godt samarbeid ikkje alltid fører til ein forbetra situasjon for barnet, og at her er det fleire faktorar som påverkar dette. I denne undersøkinga blir det enten ei forbetring av barnet sin situasjon eller ei forverring. I dei to tilfelle der barnet fekk ein forbetra situasjon var samarbeidet prega av god kommunikasjon mellom alle involverte partar, og i dei to andre var samarbeidet prega av dårleg kommunikasjon. I rådgjeving til foreldre som har barn med problemåtferd, vil rådgjevinga i dei aller fleste tilfella måtte sjåast i samanheng med alle involverte partar, om målet er ein forbetra situasjon for barnet.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleForeldrerådgjeving : kontaktetablering og samarbeid mellom foreldre som har barn med problemåtferd og PPTen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2008-02-05en_US
dc.creator.authorAlme, Karien_US
dc.subject.nsiVDP::282en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Alme, Kari&rft.title=Foreldrerådgjeving&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2007&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-18314en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo67532en_US
dc.contributor.supervisorTorkjell Sollesnesen_US
dc.identifier.bibsys08015283xen_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata