Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T13:09:21Z
dc.date.issued2007en_US
dc.date.submitted2007-11-14en_US
dc.identifier.citationHoddevik, Torill. Å gje ein tryggast muleg språkleg grunnmur. Masteroppgave, University of Oslo, 2007en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/31960
dc.description.abstractI denne oppgåva er det sett fokus på logopedar sitt arbeid i det spesialpedagogiske støtteapparatet. Eg har eit økologisk perspektiv som ramme for oppgåva, og har valt å gjere ei undersøking i samband med logopedar sitt arbeid med barn med spesifikke språkvanskar, (SSV). Siktemålet med språktreninga bør vere at den som treng hjelp kan oppleve at det vert lettare å forstå og bli forstått i samtale. Ut frå dette vert det å fremje kommunikasjon eit overordna mål for arbeidet med språket. I kva grad bruker logopedar naturlege situasjonar i dette arbeidet? I ei heilskapleg spesialpedagogisk tilnærming vil ikkje logopeden sitt arbeid vere ei isolert eining, men eit arbeid som peikar utover mot dei nærmaste miljøa rundt den som treng hjelp og innebere samarbeid med t.d. foreldre, barnehage og skule. I kva grad og på kva måte deler logopeden kompetansen sin med dei nærmaste omsorgspersonane rundt barnet? Hovudproblemstillinga er som følgjer: Korleis arbeider logopedar for å fremje kommunikasjon hos barn med spesifikke språkvanskar i eit økologisk perspektiv? Her er det eit mål å få innsikt i kva logopedar meiner det er viktig å arbeide med for å fremje kommunikasjon hos barn med SSV i det direkte arbeidet. Eit anna mål er å få innsikt i korleis logopedar arbeider for å overføre arbeidet sitt gjennom rettleiing til foreldre og barnehage. Undersøkinga har ei kvalitativ forskingstilnærming, og det er brukt semistrukturete intervju for å samle inn data. Utvalet bestod av fire informantar som arbeidde mykje med kommunikasjon i forhold til barn med språkvanskar. Teoridelen består av tre komponentar: Spesifikke språkvanskar, kommunikasjon og økologisk perspektiv, ut frå Bronfenbrenner (1979) sin utviklingsøkologiske modell. Eg har valt å dele funna inn i to hovudkategoriar: Direkte arbeid i eit økologisk perspektiv og rettleiing i eit økologisk perspektiv. I praksis går logopeden sitt direkte arbeid og rettleiing over i kvarandre, men i framstillinga har eg gjort dette valet for å skape betre oversikt over funna. Eg har valt å synleggjere informantane i oppgåva ved å bruke sitat eller ved at eg attfortel utsegnene deira. Funna er drøfta ut frå det teoretiske bakteppet og i ein allmenn tolkingskontekst. Arbeidet med barn inneber ei rekkje val i samband med m.a. arbeidsstad, tid, oppgåver og samarbeid med omsorgspersonar. I oppgåva har eg prøvd å få fram nokre av dei vala informantane gjer i arbeidet sitt, og samtidig sjå kva innverknad desse vala kan ha i forhold til barn og deira nære omsorgspersonar. Informantane er opptekne av at barn med SSV skal ha eit språk som er ein tenleg reiskap for dei i kommunikasjon. Dei vektlegg å arbeide i forhold til barna sine språklege ferdigheiter, m.a. med forståing av omgrep slik at barna kan få eit større og meir aktivt ordforråd. Arbeid med språklege ferdigheiter og med kommunikasjon vert sett i samanheng med kvarandre som to parallelle prosessar, der arbeid med det eine får konsekvensar for det andre. I arbeidet legg dei til rette for dialog ut frå barnet sine språklege føresetnader, og det gjer at dei er på samspelssida i forhold til barn. Informantane ser på kvart barn som unikt og gjev ei individuell tilrettelegging, og dei har mykje verdifull kompetanse i forhold til å hjelpe barn med SSV til å bruke språket meir aktivt i kommunikasjon. I intervensjonen legg dei til rette for at barnet skal oppleve samspelssituasjonen som naturleg. Dei arbeider mykje med leikprega oppgåver og aktivitetar, noko som kan auke overføringsverdien til barnet sin kvardag. Informantane vel å lokalisere mykje av det direkte arbeidet ved sine eigne kontor, noko som ser ut til å ha innverknad på samarbeid og rettleiing til foreldre og barnehagar. Dette ser ut til å ha samanheng med deira høve til å ta til seg ny kunnskap, og i forhold til å byggje opp kompetanse hos ei yrkesgruppe som mange barn har tett tilknyting til og bruker mykje tid saman med. Undersøkinga viser at informantane har samarbeid med og gjev rettleiing til både foreldre og barnehagar, men det ser ut som informantane i liten grad tek vare på det økologiske perspektivet. Det kan sjå ut som rammene for arbeidet ikkje er tilstrekkelege for å ha ei tett oppfølging av barn sitt nærmaste miljø, og dette gjer at informantane ikkje får høve til å gjere ideelle val ut frå eit økologisk perspektiv.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleÅ gje ein tryggast muleg språkleg grunnmur : ei kvalitativ undersøking av logopedar sitt direkte arbeid og rettleiing i eit økologisk perspektiven_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2008-03-05en_US
dc.creator.authorHoddevik, Torillen_US
dc.subject.nsiVDP::282en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Hoddevik, Torill&rft.title=Å gje ein tryggast muleg språkleg grunnmur&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2007&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-18312en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo67530en_US
dc.contributor.supervisorJorunn Fortunen_US
dc.identifier.bibsys080285813en_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata