Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T13:16:57Z
dc.date.issued2007en_US
dc.date.submitted2007-11-08en_US
dc.identifier.citationFørde, Haldis Myklebust, Sætre, Karen, . Ei stemme i lærarutdanninga. Masteroppgave, University of Oslo, 2007en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/31946
dc.description.abstractForsking viser at lærarar er ei utsett gruppe for å få stemmevanskar, og at lærarar i større grad enn andre yrkesgrupper gjev uttrykk for å ha problem med stemma. I Noreg er det i dag ein manglande kultur for å ta vare på stemma i læraryrket. Tidlegare var stemmeopplæring ein del av lærarutdanninga, men dette har vore heilt fråverande dei siste 30 åra. Problemstilling Hovudproblemstillinga i undersøkinga er: Kva erfaringar har dei som underviser i kroppsøving / idrettsfag i lærarutdanninga med stemme som arbeidsreidskap? Formålet var å få ei djupare forståing for kva erfaringar kroppsøvingslærarar har med stemmebruk i arbeidet sitt. For å setje lys på problemstillinga vart det utforma nokre underspørsmål. Dei tok opp krav som vert stilt til denne lærargruppa si stemmebruk, korleis tilpassing av stemma vart gjennomført, ulike faktorar som stemma vert påverka av, rapporterte vanskar på lærarstemma, bevisstheit kring rolla som stemmemodell og lærarane sine tankar om stemme og stemmekvalitet. Metode Undersøkinga har kvalitativt forskingsdesign med semistrukturert intervju som metode. Utvalet har bestått av seks kroppsøvingslærarar som underviser i lærarutdanninga. I tillegg er det gjort to prøveintervju med kroppsøvingslærarar frå grunnskule og vidaregåande skule. Intervjua vart gjennomført på arbeidsplassen til informantane, og vart tekne opp på lydband, og deretter transkribert. Utganspunktet for analysen har vore ei fenomenologisk og hermeneutisk tilnærming. Resultat og konklusjon Informantane gav uttrykk for at dei tok lite omsyn til stemma når dei underviste, anten undervisninga gjekk føre seg ute eller inne. Funna synte at kroppsøvingslærarane var opptekne av god helse og fysisk aktivitet, men at stemma ikkje var ein del dette. Fokuset var på formidling av bodskap og på korleis instruksane vart gitt. Trass opplæring i stemmebruk, kan det sjå ut som om alle kroppsøvingslærarane praktiserar same stemmebruk i undervisninga. Det er med på å synleggjere den manglande kulturen dei har for å ta vare på stemma i læraryrket. Hypotesen vår om at stemmebruk er eit lite prioritert tema i lærarutdanninga, samsvarte med dei funna som kom fram i undersøkinga.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleEi stemme i lærarutdanninga : kva erfaringar har dei som underviseri kroppsøving / idrettsfag i lærarutdanninga med stemme som arbeidsreiskap?en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2008-12-03en_US
dc.creator.authorFørde, Haldis Myklebusten_US
dc.creator.authorSætre, Karenen_US
dc.subject.nsiVDP::282en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Førde, Haldis Myklebust&rft.au=Sætre, Karen&rft.title=Ei stemme i lærarutdanninga&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2007&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-18744en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo67317en_US
dc.contributor.supervisorIrene Velsvik Beleen_US
dc.identifier.bibsys082342741en_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata