Abstract
BAKGRUNN OG FORMÅL
For å kunne hjelpe barn med taleflytvanskar så tidleg som mogleg, er kjennskap til stamming og skilnaden mellom denne og normal ikkje-flytande tale i førskulealder viktig hjå dei fagpersonane som har særskild ansvar for barn si utvikling og oppseding. Tilsette i barnehagen er ofte blant dei første foreldre spør til råds når det gjeld deira barn si utvikling. Pedagogane i barnehagen er meint å skulle ha kunnskap om barn si normalutvikling på alle områder, også språk. Sidan stamming førekjem heller sjeldan, er det nærliggande å tru at mange ikkje kjenner godt nok til dette temaet. Dei fleste har derimot kjennskap til fenomenet normal ikkje-flytande tale i førskulealder, òg kalla småbarnsstotring, og formålet med undersøkinga er å kunne kartlegge kjennskapen hjå pedagogar i barnehagane når det gjeld å skilje desse to fenomena frå kvarandre. PROBLEMSTILLING
Problemstillinga er som følgjande: Kva kjennskap har pedagogar i barnehagen om stamming og normal ikkje-flytande tale hjå førskulebarn? Denne problemstillinga er operasjonalisert i følgjande tre forskingsspørsmål: • Kva kjennskap har pedagogar i barnehage kring årsaka til stamming, oppretthaldande faktorar og førebygging av stamming? • Kva kjennskap har pedagogar i barnehage til skilnaden mellom stamming og normal ikkje-flytande tale? • Er der forskjellar mellom informantane kva kjennskap dei har om stamming og normal ikkje-flytande tale i førskulealder utifrå den bakgrunnen dei har?
METODE
Data vart innsamla ved hjelp av spørjeskjema, då dette er ei relativt stor undersøking. Sidan informantane var å finne på eit avgrensa geografisk område, vart skjema, med unntak av to kommunar, levert ut ved personleg oppmøte til styrar i gjeldande barnehagar. Seks kommunar vart strategisk utplukka til å vere med på undersøkinga, og fire barnehagar i kvar kommune vart tilfeldig trekt utifrå kommunane sine heimesider på internett, informantane kjem frå desse barnehagane. Utvalet bestod av pedagogar med førskulelærarutdanning. Innsamla materiale vart analysert ved hjelp av dataprogrammet SPSS (Statistical Package for Social Sciences).
RESULTAT OG KONKLUSJONAR
Denne undersøkinga viser at pedagogar i barnehage har lite kjennskap til stamming og normal ikkje-flytande tale i førskulealder, og skilnadar mellom desse to fenomena. Det kan vere fleire årsaker til dette. Lite vektlegging eller mangel på informasjon i førskulelærarutdanninga kan vere ein årsak. Ei eksisterande haldning om å vente for å sjå om taleflyten stabiliserar seg , kan vere ei anna. Undersøkinga viser at der ikkje er grupper av informantar, basert på bakgrunnsopplysingar frå spørjeskjema, som har meir kjennskap til stamming og førskulebarn sin normale ikkje-flytande tale enn andre. Fleire av informantane i undersøkinga seier at dei ynskjer meir informasjon om dette temaet, og dei fleste har òg tankar om kvar dei skal henvende seg for å få denne informasjonen.