Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T13:09:29Z
dc.date.available2013-03-12T13:09:29Z
dc.date.issued2006en_US
dc.date.submitted2006-06-01en_US
dc.identifier.citationSande, Anita. "Eg vil ha graut og sjokomelk". Masteroppgave, University of Oslo, 2006en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/31780
dc.description.abstractSAMANDRAG Menneske som av ulike årsaker ikkje kan formidle seg via talespråk kan ha nytte av alternativ eller supplerande kommunikasjon (ASK). The Picture Exchange Communication System (PECS) er eit kommunikasjonssystem basert på grafiske symbol, som ei aukande gruppe barn og unge utan talespråk tek i bruk. Det spesialpedagogiske hjelpeapparatet i Norge er i stor grad retta inn mot å rettleie det pedagogiske personalet, i barnehage og skule, som arbeider med barn med særskilde vanskar. Det vert lagt mindre vekt på å rettleie dei som har ansvar for barnet resten av døgnet. Det spesialpedagogiske hjelpeapparatet har avgrensa erfaring med rettleiing i metodar som involverer familien i ei slik grad som ASK gjer. Hovudproblemstilling i undersøkinga er: Kva slags erfaringar har foreldre med opplæring og bruk av PECS i heimen . Formålet var å få kunnskap om foreldre sine erfaringar ved bruk av PECS heime, korleis dei har erfart opplæring og rettleiing i bruk av PECS, og kva dei tenkjer om foreldrerettleiing til bruk av PECS. Det var også interessant å finne ut om foreldre si rolle i val av kommunikasjonssystem påverkar bruken av PECS heime. Eit siste mål var å generere kunnskap om kva foreldre tenker er viktige faktorar for at PECS skal verte eit funksjonelt kommunikasjonsmiddel i heimen. Undersøkinga har ei kvalitativ forskingstilnærming, og er eit embedded singelcasestudie. Utvalet har bestått av foreldre til tre barn som bruker PECS heime. Eit av kriteria var at barna skulle ha ulike kognitive evner. Det vart brukt eit semistrukturert forskingsintervju for å samle inn data. Alle intervjua vart transkribert og innhaldet blei delt i hovudtema og undertema. Deretter vart materialet analysert i forhold til problemstillinga ved hjelp av tre tolkingskontekster; Sjølvforståing, kritisk forståing basert på sunn fornuft og teoretisk forståing. Undersøkinga viser at foreldra opplever PECS som eit godt hjelpemiddel. Dei største endringane som har skjedd etter at barnet tok i bruk PECS er reduksjon av aggresjons-utbrot, utvida kommunikasjon og at barnet har fått vist evner som foreldra ikkje trudde at dei hadde. Det kan sjå ut som bruken vert meir variert og meir funksjonell etter kvart som både foreldre og barn får meir erfaring med å bruke PECS. Foreldra har i ulik grad vore delaktige i prosessen rundt val av PECS som kommunikasjonssystem. Delaktigheita hos informantane fordelte seg over eit kontinuum frå passivt medverkande til aktivt pådrivande. Det kan synes som om den rolla foreldra hadde i startfasen i stor grad vart vidareført i bruken av PECS heime, men med ei dreiing mot større engasjement hos foreldra. Foreldra har fått god informasjon om PECS i starten, men lite hjelp og rettleiing med omsyn til å ta det i bruk heime. Informantane uttrykkjer at dei gjerne ville hatt meir rettleiing i heimen, og at dei trengte at nokon pressa dei litt. Samtidig meinte dei hjelpeapparatet må vere sensitive i møte med foreldra, og tilpasse hjelp og støtte til familien sin totalsituasjon. Dei meiner også at det bør bli gitt tilbod om rettleiing med jamne mellomrom fordi det er vanskeleg å definere kva slags behov for hjelp dei har i startfasen før ein kjenner mogelegheitene til PECS. Ein av dei mest avgjerande faktorane for at PECS skal verte eit godt kommunikasjonshjelpemiddel i heimen er at hjelpeapparat har kompetanse i PECS. Andre avgjerande faktorar, som foreldra nemner, er godt samarbeid mellom skule og heim og god opplæring av det pedagogiske personalet. Sentrale element for at barnet skal vedlikehalde og utvikle PECS, er kontinuitet i personalet og gode rutinar for kunnskapsoverføring ved overgang mellom pedagogisk institusjonar. Men den mest avgjerande faktoren låg hos barnet; at dei kunne tolke bilete og nytte systemet. Studiet viser at desse barna og foreldra deira har hatt stor nytte av å bruke PECS heime, tross lite rettleiing. Dei fleste stadar har PPT avgrensa kunnskap om PECS og det er ikkje opplagt kven dei skal vende seg til for å få hjelp. Studie synleggjer at det er behov for å sikre rettane til menneske som brukar ASK og deira pårørande.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.title"Eg vil ha graut og sjokomelk" : foreldre sine erfaringar med opplæring og bruk av PECS heimeen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2006-09-25en_US
dc.creator.authorSande, Anitaen_US
dc.subject.nsiVDP::282en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Sande, Anita&rft.title="Eg vil ha graut og sjokomelk"&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2006&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-13081en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo41871en_US
dc.contributor.supervisorAstrid Askildten_US
dc.identifier.bibsys061542563en_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata