Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T13:11:18Z
dc.date.available2013-03-12T13:11:18Z
dc.date.issued2006en_US
dc.date.submitted2006-05-26en_US
dc.identifier.citationGjersdal, Gitte. Kommunikasjonsvanskar hjå barn og unge med løpsk tale .. Masteroppgave, University of Oslo, 2006en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/31745
dc.description.abstractTittel på masteroppgåva ”Kommunikasjonsvanskar hjå barn og unge med løpsk tale”. Ei undersøking med vektlegging på pragmatiske vanskar hjå barn og unge med løpsk tale. Bakgrunn og formål Løpsk tale er ein vanske som blir oversett på mange arenaer, dette gjelde både i forsking og kliniske samanhengar. Løpsk tale er ein kompleks og samansett vanske. I det klassiske synet på løpsk tale er fokuset på det talemotoriske. I det synergiske synet, som er det nye synet på denne tilstanden, blir fleire aspekt inkludert. Dette er aspekt som motorikk, lingvistikk, tale, pragmatikk og kognisjon. Formålet med denne undersøkinga har vore å identifisere kva kommunikasjonsferdigheiter som kan vere svekka hjå barn og unge med løpsk tale. Det har vore vesentleg å sjå på dette ut frå dei ulike sidene av språket; form, innhald og bruk, med ein vekt på språket i bruk. For å finne ut av kva kommunikasjonsferdighetar som kan vere svekka hjå barn og unge med løpsk tale har eg tatt i bruk Children’s Communication Checklist – 2 (CCC-2). Formålet med CCC-2 er å få ein vurdering av kommunikasjonsferdigheiter som kan vere svekka hjå barn og unge. CCC-2 skal fyllast ut av personar som kjenner informanten godt, i dette tilfelle har dette vore føresette. Denne sjekklista har ikkje tidlegare blitt prøvd ut på barn og unge med løpsk tale. Så ein annan målsetting med denne undersøkinga har vore å finne ut om CCC-2 kan vere nyttig kartleggingsinstrument for barn og unge med løpsk tale. Problemstilling Eg har to problemstillingar eg har lagt til grunn i denne undersøkinga. Den fyrste er hovudproblemstillinga, og det er denne som er blitt lagt mest vekt på i denne undersøkinga. Problemstillingane er som følgjer: Kva kommunikasjonsferdigheiter kan vere svekka hjå barn og unge med løpsk tale? Kan Children’s Communication Checklist – 2 vere eit nyttig kartleggingsinstrument for barn og unge med løpsk tale? Metode Eg har valt kvantitativ metode med survey som design. For å få svar på hovudproblemstillinga, har eg tatt i bruk kartleggingsinstrumentet CCC-2. Dette kartleggingsinstrumentet operasjonaliserer og måler omgrep i problemstillinga. Ved å ha tatt i bruk dette kartleggingsinstrumentet har eg også fått svar på den andre problemstillinga eg har lagt til grunn. Utvalet i denne undersøkinga har bestått av 14 informantar frå heile landet med diagnosen løpsk tale. Midlane eg har tatt i bruk for å få svar på problemstillinga er statistiske storleikar som er berekna på å seie noko om sentraltendensar og spreiing i ei fordeling. Det vil seie å: Median, gjennomsnitt (mean), standaravvik (SD), frekvensanalyse, korrelasjonsanalyse og signifikantstesting. Resultat er framstilt ved hjelp av tabellar og grafar frå statistikkprogrammet SPSS (Statistical Package for Social Sciences) og frå Excel. Resultat og konklusjon Funn i denne undersøkinga indikerer at gruppa med løpsk tale kan ha kommunikasjonsvanskar som kan gi seg uttrykk i pragmatiske vanskar samt språkleg struktur (tale, semantikk, syntaks og samanheng). I tillegg viste resultat i denne undersøkinga at gruppa med løpsk tale skåra under normgrunnlaget på heile CCC-2. Denne undersøkinga tyder også på at informantane med løpsk tale kan plasserast i fleire undergrupper. Resultata i denne undersøkinga er også prega av stor spreiing blant informantane. CCC-2 ser ut til å vere eit nyttig kartleggingsinstrument for barn og unge med løpsk tale. Materialet som denne undersøkinga byggjer på er for lite til at det kan overførast til alle barn og unge med diagnosen løpsk tale. Ein kan likevel kunne gå ut frå at det er sannsyneleg at andre med same diagnosen vil kunne ha like symptom som denne undersøkinga viser. Funna i denne undersøkinga kan også danne grunnlag for hypotesar og vidare forsking.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleKommunikasjonsvanskar hjå barn og unge med løpsk tale . : ei undersøking med vektlegging på pragmatiske vanskar hjå barn og unge med løpsk taleen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2006-08-10en_US
dc.creator.authorGjersdal, Gitteen_US
dc.subject.nsiVDP::282en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Gjersdal, Gitte&rft.title=Kommunikasjonsvanskar hjå barn og unge med løpsk tale .&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2006&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-12707en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo41610en_US
dc.contributor.supervisorEva-Signe Falkberg og Fanny Platouen_US
dc.identifier.bibsys061255289en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/31745/1/gjersdalxxMASTER.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata