Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T13:10:42Z
dc.date.available2013-03-12T13:10:42Z
dc.date.issued2005en_US
dc.date.submitted2005-09-08en_US
dc.identifier.citationAlnes, Bjarte. Tilhøvet mellom ideal, målsetjing og kriterie eit utval av utviklingshemma born får tildelt datautstyr frå hjelpemiddelsentralen på, og korleis desse løysingane vert brukt i praksis i heim og skule. Masteroppgave, University of Oslo, 2005en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/31671
dc.description.abstractSamandrag Under problemstillinga "Tilhøvet mellom ideal, målsetjing og kriterie eit utval av utviklingshemma born får tildelt datautstyr frå hjelpemiddelsentralen på, og korleis desse løysingane vert brukt i praksis i heim og skule.", ville eg sjå nærare på sjølve tiltakskjeda frå hjelpemiddelsentralen (HMS) og til korleis stoda var i heim og skule ved eit gjeve tidsrom. Hovudproblemstillinga inneheldt ei rekkje tilleggskriterie som til ein viss grad la band på utvalet mitt: Eg ynskte (og fekk) fem utviklingshemma born, som skulle vere såkalla "tause informantar". Dette gav så tre informantgrupper: sakshandsamar ved trygdefag ved HMS, pedagog ved skulen og foreldre til det utviklingshemma barnet. I tillegg skulle borna vere mellom 7 og 12 år, skulle ha fått tildelt PC både heime og på skulen; og det skulle vere minimum 1 år frå tiltaket vart iverksett frå HMS si side. Utvalet av utviklingshemma born vart henta ut frå HMS sitt omfattande arkiv. Eg vurderte det som svært vanskeleg å gjere ei slik undersøkjing kvantitativt, då nærleiken og relasjonen til informantgruppene, særleg foreldra, gav mykje informasjon. Dette vurderte eg då som naudsynt, i særleg grad då sjølve informanten (det utviklingshemma barnet) var taus. Dette gjorde at eg valde å intervjue kvar einskild i dei tre informantgruppene. Eg stilte med ein intervjuguide som var noko ulik for kvar av dei tre informantgruppene, med både "tronge" og meir opne spørsmål. Eg valde å la informantane få "snakke ut", sjølv om det reint sakleg låg utanfor sjølve spørsmålet. Dette gjaldt særleg foreldra, då dei "sat inne" med mykje nyttig og nyansert informasjon. Mi teoreretiske forankring er m.a. basert på Gadamer (1960) si tolkning av forforståing ("Vorurteile"/ "prejudice"), eit omgrep som vert tolka postivt. Sandelowski (1998) peikar òg på at forskaren må ha meir kunnskap om fagfeltet ein skal forske på og såleis vere medviten si forforståing og kunne nytta denne i postiv retning. Dessutan hentar eg inspirasjon frå Torgersen (1999) IKT-pedagogiske forskningsmodell. Hjelpemiddelsentralen si rolle er i endring og mi oppgåve ber litt preg av det. Regelverket for utlån av IKT-baserte hjelpemiddel har òg vorte endra, såleis at dei reglane som gjaldt for mine fem kasus, ikkje naudsyneleg gjeld i dag. Det inneber etter mitt skjøn ei innskjerping av regelverket vedr. IKT-hjelpemiddel. Juristane på trygdefag ved HMS vurderer søknader, gjerne i samråd med anna fagpersonell ved sentralen, men utan å treffe barnet søknaden gjeld. Det vert så gjort eit vedtak som anten er i tråd med søknaden, vert modifisert eller gjeve avslag. Her stoppar då altså mesteparten av kvalitetssikring i høve til IKT-utstyr som vert levert frå HMS til brukar i kommunane. Kommunene har på si side eit lovpålagt ansvar for å tilrettelegge og kvalitetssikre tenesta vidare ute hjå brukarane. Likevel er det grunn til å spørje seg om det er fullt så enkelt. Alle mine fem kausus hadde behov for tilrettelagde løysingar innan maskinvare og programvare, som så skulle justerast etter kvart. Dette er svært ofte spissa kompetanse som korkje pedagogane på skulen, langt mindre foreldra eller EDB-ansvarleg i kommunen har. Rett nok har kommunene eit sikringsnett i HMS, barnehabiliteringstenesta, eller andre 2. - eller 3.- linetenester. Til det krevst det søknader, og mange av mine informantar uttrykkjer ein viss grad av frustrasjon over at ting tek for lang tid, at ein ikkje får den tenesta ein etterspør, eller beint fram ikkje veit kva ein spørje om, då ein sjølv har for lite innsikt eller oversikt over kva som finst på marknaden som er "best-fit" for den aktuelle brukaren. Særleg foreldra kjenner det slik. For foreldra sin del, kjem dette på toppen av det å ha eit utviklingshemma barn, men alle sine variablar og usikre faktorar, samt å "blottlegge seg" i ansvarsgruppa og i andre samanhengar der ein treng hjelp. For å løysa problema knytt til IKT-baserte hjelpemiddel, trengst det både teknisk og pedagogisk kompetanse, inklusivt eit oversyn over aktuelle hjelpemiddel som til ei kvar tid kjem på marknaden. Den teknisk-pedagogiske kompetansen (TPK) vert m.a.o. avgjerande for om eit tiltak heime og på skulen vil lukkast. For å få til denne synergi-effekten, leitar eg etter moglege stader der TPK finst. Ulike 2.- og 3.-linetenester har varierande grad av TPK og er i mange høve langt unna brukaren. Difor vender eg attende til dei næraste som har og skal kvalitetssikre vedtaket og dermed tiltaket, HMS og kommunen. Samarbeidet mellom desse to "instansane" kunne nok ha vore betre i høve kasusa i denne undersøkjinga, slik at bruken av IKT-hjelpemiddelet hadde fungert meir teneleg, både heime og på skulen. Til slutt legg eg vekt på at denne undersøkjinga er svært avgrensa; - fem kasus knytt til same hjelpemiddelsentralen. Det kan difor vere grunnlag for ei breiare kartlegging over fleire fylker med mange fleire kasus.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleTilhøvet mellom ideal, målsetjing og kriterie eit utval av utviklingshemma born får tildelt datautstyr frå hjelpemiddelsentralen på, og korleis desse løysingane vert brukt i praksis i heim og skuleen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2005-11-22en_US
dc.creator.authorAlnes, Bjarteen_US
dc.subject.nsiVDP::282en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Alnes, Bjarte&rft.title=Tilhøvet mellom ideal, målsetjing og kriterie eit utval av utviklingshemma born får tildelt datautstyr frå hjelpemiddelsentralen på, og korleis desse løysingane vert brukt i praksis i heim og skule&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2005&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-11345en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo30162en_US
dc.contributor.supervisorMarit Holmen_US
dc.identifier.bibsys052122913en_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata