Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T13:10:05Z
dc.date.available2013-03-12T13:10:05Z
dc.date.issued2012en_US
dc.date.submitted2012-06-11en_US
dc.identifier.citationHøyland, Jorunn Solveig Engeset. Skuleskapte lese- og skrivevansker?. Masteroppgave, University of Oslo, 2012en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/31532
dc.description.abstractSamandrag Den veldige auken av skriftlig informasjon dei siste 20-30 åra har ført med seg større og endra krav til leseferdigheit. I tal frå Grunnskolens Informasjonssystem på Internett (GSI), kan ein sjå tal som viser ein forholdsvis stor auke av elevar som vert tilvist pedagogisk psykologisk teneste. Stortingsmelding nr.18 sin strategi 1: Fange opp og følgje opp seier at barnehagen og skulen skal bli betre til å fange opp og følgje opp dei som treng hjelp og støtte, at gode læringsmiljø skal stimulere elevane sin motivasjon og arbeidsinnsats og at tilpassa opplæring og tidlig innsats skal sikre størst mulig læringsutbyte (Kunnskapsdepartementet,2011). Bakgrunnen for meldinga er den sterke auken i spesialundervisning der stadig fleire elevar vert tatt ut av det ordinære elevfellesskapet. Teori, forsking og styringsdokument trekkjer fram den første opplæringa som viktig for vidare læring. Undervisninga skal vere tilpassa, og ein skal ta utgangspunkt i den einskilde sine føresetnader. Der er solid forskingsdokumentasjon både nasjonalt og internasjonalt som viser at det i mange høve kan vere mulig å førebygge lese- og skrivevanskar. ”Konsekvensen skulle da være at skolens rammer ble tilrettelagt med en fleksibilitet og pedagogisk styrke som gjorde det mulig å utnytte forskningen i skolens praksis” skriv Frost (2003,s.5). Formålet med denne undersøkinga er å få meir kunnskap om kva som påverkar val av innhald og metode på første klassetrinn, ikkje å vurdere det arbeidet lærarane gjer. Problemstillinga for undersøkinga er : Kva tankar gjer lærar i 1.klasse seg om samanhengen mellom pedagogisk praksis og førebygging av lese- og skrivevanskar. For å setje lys på problemstillinga har eg satt fokus på nokre område: Skulen som organisasjon, barn sine språklege føresetnader, tilpassa opplæring og bruk av språkstimulerande aktivitet som verker førebyggande på utvikling av lese- og skrivevanskar. Metode: Undersøkinga har ei kvalitativ forskingstilnærming, der semistrukturert intervju er brukt for å samle inn data. Utvalet er 5 lærarar med lang erfaring med startopplæring i lesing- og skriving. Intervjua er tatt opp på minidisk og transkribert. Datamaterialet vart ordna i 3 hovudkategoriar med eit varierande tal underkategoriar. Deretter vart materialet analysert i forhold til problemstillinga ved hjelp av tre tolkingskontekstar; sjølvforståing, kritisk forståing basert på sunn fornuft og teoretisk forståing. Hovudfunn vert presentert og drøfta i kapittel 4. Resultat og konklusjonar: I kapittel 5 har eg samla funn under overskriftene føresetnader, tempo og motivasjon. Under føresetnader er to område omtala; barnet sine språklege føresetnader ved skulestart, og lærar sin bruk av språkstimulerande aktivitet for å fremme føresetnader for skriftspråkutvikling. Det fjerde punktet omhandlar faktorar som påverkar lærar sin arbeidssituasjon. For å fremme den einskilde si læring, må lærar kjenne barnet sitt utviklingsnivå. På det språklege området nemnde fleire at vanskar ikkje er så lett å få auge på i det daglege språket. Noko kartlegging av særlege områder vart ikkje gjort dette første året. Lærarane danna seg inntrykk gjennom observasjon og samvær i tillegg til informasjonen dei fekk frå foreldre og barnehage. Alle nyttar språkstimulerande aktivitet som førebygg lese- og skrivevanskar. Område som blir nemnt av alle er språkleg bevisstheit, vokabular og øving i situasjonsuavhengig språk. Tilpassa opplæring vert mellom anna kjenneteikna av variasjon av intensiteten i opplæringa. Alle bruker leseverk som meir eller mindre styrer progresjonen. Informantane seier at dei varierer tempoet for at barna skal ”få med seg” det ein har undervist i. Om det vert nok tid til automatisering etter kvart som ny kunnskap vert formidla, er usikkert. Informantane brukte tid på å få kjennskap til barna sine ressursar, interesser og motivasjon og brukte det bevisst i undervisninga. Fleire sa at dei gjorde bruk av barna sine sterke sider for å fremme meistring og styrke barna sitt sjølvbilde. Når det gjeld faktorar som påverkar lærar sin arbeidssituasjon, kan funna tyde på at vilkåra ikkje er tilfredstillande for at lærar skal kunne innfri kravet om betre leseresultat hjå elevane. Dette gjeld statlege føringar som verkar hemmande på lærar sin situasjon, områder knytt til leiing og organisering, kompetanse, rammeforhold som klassestørrelse, rom, utstyr med meir. Funna er drøfta opp mot teori om kva som utviklar gode læringssamfunnnor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleSkuleskapte lese- og skrivevansker? : Den første lese- og skriveopplæringa.Innhald og metodikk i eit førebyggingsperspektiven_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2012-10-04en_US
dc.creator.authorHøyland, Jorunn Solveig Engeseten_US
dc.subject.nsiVDP::282en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Høyland, Jorunn Solveig Engeset&rft.title=Skuleskapte lese- og skrivevansker?&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2012&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-32121en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo166161en_US
dc.contributor.supervisorKolbjørn Varmannen_US
dc.identifier.bibsys122789962en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/31532/2/Lesexogxskrivevansker.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata