Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T13:08:23Z
dc.date.available2013-03-12T13:08:23Z
dc.date.issued2012en_US
dc.date.submitted2012-05-23en_US
dc.identifier.citationGjelsvik, Jorunn Øren. Kartlegging - og så kva?. Masteroppgave, University of Oslo, 2012en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/31491
dc.description.abstractBakgrunn, formål og problemstilling Eg kan ikkje komme utanom mitt utgangspunkt som allmennlærar i småskulen. Det har lagt premissane for mitt engasjement og stadig aukande interesse for born si læring dei fyrste åra på skulen, og då spesialt leseutviklinga. Eg trur det er svært viktig at elevane blir møtt på ein fagleg og metodisk god måte når dei tek til på skulen. Teori, forsking og styringsdokument trekkjer fram begynneropplæringa som viktig for vidare læring (Kunnskapsløftet, 2006). Det å kunne gje elevane eit godt grunnlag som dei seinare kan byggje vidare på ser eg på som avgjerande for å lukkast i skulen. God start er viktig for alle elevar, både dei flinke og dei som strevar. Gjennom tidleg innsats og differensiert undervisning skal ein kunne fange opp elevar som har komme ulikt i si læring og utvikling. At vi så tidleg som mogleg kan avdekkje om det er elevar med vanskar, er viktig slik at vi kan hjelpe dei vidare i si utvikling. PISA-undersøkinga i 2006 ga Noreg dårlege resultat i leseferdigheit, dette førte til at ei satsing på leseopplæringa blei ei hovudsak. Mange lærarar har tatt etterutdanning i leseopplæring og fleire kartleggingsprøver er innført for å fylgje den grunnleggjande leseopplæringa tett. For at barn skal lære å lese og skrive, må dei tileigne seg fleire grunnleggjande delferdigheiter. Læreplanen for skulen, Kunnskapsløftet, blei justert med verknad frå skuleåret 2008/09. Ein ville styrkje leseopplæringa på 2. og 4.årssteg ved å tydeleggjere utviklinga av leseferdigheiter og lesestrategiar, og ved å styrkje lesing generelt som grunnleggjande ferdigheit i alle fag. Kartleggingsprøvene i leseferdigheit i 2.klasse er meint som eit verkty for å hjelpe læraren til å gjere undervisninga endå betre, og til å avdekkje dei som treng særskilt tilrettelegging i si leseopplæring (Lesesenteret, 2009). Eg ville finne ut meir om kva som skjer etter ei slik kartlegging, og kvar ansvaret for det som evt. skjer ligg. Om vi driv kartlegging berre for kartlegginga si skuld, er det jo bortkasta arbeid. Eg gjekk inn i forskingsarbeidet med ein mistanke om at det kan vere noko tilfeldig kva som skjer etter at ein har gjennomført prøva og har fått elevar som skårar under kritisk grense i leseferdigheit. Kanskje nokre skular har rutinar og planar som ivaretek ein god prosess, medan det andre stader kan vere opp til kvar enkelt lærar å bestemme og setje i verk tiltak. Dette kan vere eit einsamt arbeid, og kanskje ein skyv det framfor seg i ein elles travel kvardag. Om ingen etterspør kva tiltak du har sett i verk, eller syner interesse for det, kan det fort bli «gløymt». Med denne mistanken gjekk eg inn i forskingsarbeidet mitt, med ynskje om å finne ut meir om praksisen knytt til kartleggingsprøvene i leseferdigheit i 2.klasse. Til dette knytte eg problemstillinga: Kva blir gjort for elevear som kjem under kritisk grense i leseferdigheit i 2.klasse? Når prøva er utført får ein lærar vite kven i sin klasse som er under kritisk grense. Eg ynskjer å undersøke kva som i røynda vert gjort for desse elevane. Fins det ein plan over kva som bør gjerast, eller er det opp til kvar einskild lærar å bestemme? Kvar ligg ansvaret? Teori Som teoretisk bakteppe for forskinga knyter eg dette opp i mot det som er relevant i høve til problemstillinga. Her trekkjer eg fram lesing og leseutvikling knytt til Spear-Swerling og Stenberg (1994) «The road not taken», og utdjupar dette med Gough og Tunmer, Frost, Lyster og Rygvold. Eg set også lesing inni ein større språkleg samanheng med Bloom & Lahey sin modell som syner dei ulike komponentane i språk. Alt dette ser eg i høve til eit førebyggande perspektiv med hensikt å førebygge lesevanskar, eller hjelpe elevar med skeivutvikling i leseferdigheit på sporet igjen. Dette drøftar eg opp i mot Vygotsky si næraste utviklingssone, Capplan sin modell for førebygging i system og Frost sin modell om gradert støtte. Metode Målet med mi forsking var å hente inn lærarar sine erfaringar og tankar kring bruken av kartleggingsprøver i 2.klasse. Eg ville at dei skulle reflektere kring bruken, systemet og etterarbeidet som er knytt til arbeidet med prøvene. Derfor såg eg på det som nyttig å bruke det kvalitative forskingsintervjuet som metode for å hente inn opplysningar. Gjennom dette arbeidet, der eg har hatt ei fenomenologisk og hermeneutisk tilnærming til datamaterialet, har eg sett informantane sitt syn inn i ei heilskapleg ramme. Eg har gjort greie for val og vurderingar knytt til forskinga sin kvalitet og etiske vurdering. Resultat Eg har valt å presentere mine funn knytt til fire hovudkategoriar; 1) Elevar under kritisk grense, 2) Ansvar for tiltak, 3) Kva blir gjort for å hjelpe elevane som kjem under kritisk grense? 4) Lærarane sine tankar/haldningar til kartleggingsprøvene og bruken av dei. Ved kvar kategori drøftar eg funn opp i mot den teoretiske referanseramma eg har knytt til oppgåva, og føretek ei analyse der eg prøver å setje eit objektivt søkjelys på funna knytt til forsking og teori.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleKartlegging - og så kva? : Kva blir gjort for elevar som kjem under kritisk grense i leseferdigheit i 2.klasse?en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2012-09-17en_US
dc.creator.authorGjelsvik, Jorunn Ørenen_US
dc.subject.nsiVDP::282en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Gjelsvik, Jorunn Øren&rft.title=Kartlegging - og så kva?&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2012&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-31368en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo164659en_US
dc.contributor.supervisorKolbjørn Varmannen_US
dc.identifier.bibsys122639979en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/31491/2/FERDIGxOPPGx23.mai.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata