Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T13:16:17Z
dc.date.issued2010en_US
dc.date.submitted2010-11-22en_US
dc.identifier.citationVårdal, Marie. Eg har lært å lese, sa guten, men ikkje å forstå. Masteroppgave, University of Oslo, 2010en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/31370
dc.description.abstractBakgrunn og føremål: Norske elevar sin lesekompetanse har vore eit aktuelt tema i offentlege debattar gjennom fleire år. Som lærar i vidaregåande skule har dette vore av interesse, og det har reist ein del spørsmål. Spørsmål som: Kva lesekompetanse har eigentleg elevar i vidaregåande skule? Kva lesekompetanse møter elevane vidaregåande skule med, og korleis møter vidaregåande skule dei? Kva meiner dei sjølve om lesing og lesemeistring? Har dei ein lesekompetansen som er god nok til at lesing kan nyttast som lærereiskap? ”Finn ein att” PISA undersøkinga på vår skule? For å kunne svare betre på desse og liknande spørsmål, vart det valte å teste eit elevkull i lesing. Tanken bak testinga er at før ein på skulenivå kan ha ei konstruktiv drøfting, må ein vite meir i detalj kva ein har å drøfte. Forskingsspørsmål og problemstilling Forskingsspørsmål: Har elevar som startar opp i vidaregåande skule på yrkesfag ein lesekompetanse som er i utakt med dei lesekrav skulen set til denne aldersgruppa? Problemstillingar: • Kva lesekompetanse målt med ”Kartlegging av lesedugleik – 9. klasse”, kan ein finne hos elevar som startar opp i vidaregåande skule – yrkesfag? • Kva samanheng kan ein finne mellom lesekompetanse og ordforråd? • Kva samanheng kan ein finne mellom lesekompetanse og dei to variablane; elevane si eigenvurdering av lesekompetanse og elevane si eigenrapportering av fritidslesing? • Lesekompetanse målt med ”Kartlegging av lesedugleik – 9. klasse” og kritisk grense – kor mange elevar ser ut til å streve med lesing? • Kor viktig synest lesekompetanse å vere for prestasjonen i faga norsk, matematikk og engelsk? • Syner undersøkinga forskjellar i gutar og jenter sin lesekompetanse? Metode Metoden er kvantitativ, og undersøking har eit ikkje-eksperimentelt design. Datamaterialet er samla inn ved hjelp av 2 lesetestar, ”Kartlegging av lesedugleik” og ”Kartleggeren”. I tillegg inneheld datamaterialet elevane sine svar på nokre få spørsmål, og elevane sine norsk-, engelsk- og matematikkarakterar frå ungdomsskulen. Utvalet var eit kull elevar på yrkesfaglege studieretningar. Av dei vart om lag 25 %, 49 elevar, med i undersøkinga. Resultatet frå heile elevkullet på ”Kartleggeren” er med i materiellet som eit grupperesultat. Statistikkprogramma SPSS, Statistical Package for the Social Sciences, og R, The R Project for Statistical Computing, er nytta for bearbeiding og systematisering av datamaterialet. For å få deskriptiv oversikt over materialet er aritmetisk gjennomsnitt, median, standardavvik, minimum - og maksimumsskåre, skeivleik og kurtose sett på. Aktuell samvariasjon mellom ulike variablar er uttrykt med korrelasjonskoeffisient. Resultat Undersøkinga syner at det er ei lite homogen elevgruppe som er testa. Elevgruppa rommar alt frå svært gode lesarar til dei som verkeleg ser ut til å slite med lesing. Resultata indikerar at ei relativ stor elevgruppe har ein lesekompetanse som plasserar dei i ei risikogruppe. Funna i undersøkinga samsvarar i stor grad med funn frå andre undersøkingar, til dømes PISA. Eit unntaket er at det i undersøkinga ikkje kjem fram nokon signifikant skilnad i gutar og jenter sin lesekompetanse. Med å samanlikne dei to grupperesultata på ”Kartleggeren” - alle elevane i kullet med elevane som var med i undersøkinga - kom ein fram til at i høve lesing er resultata representative for heile elevkullet. Ein finn også støtte for denne konklusjonen i empiri og teori.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleEg har lært å lese, sa guten, men ikkje å forstå : ei aktuell problemstilling for vidaregåande skule?en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2011-03-10en_US
dc.creator.authorVårdal, Marieen_US
dc.date.embargoenddate10000-01-01
dc.rights.termsDette dokumentet er ikke elektronisk tilgjengelig etter ønske fra forfatter. Tilgangskode/Access code Aen_US
dc.rights.termsforeveren_US
dc.subject.nsiVDP::282en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Vårdal, Marie&rft.title=Eg har lært å lese, sa guten, men ikkje å forstå&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2010&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-26956en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo108555en_US
dc.contributor.supervisorMonica Melby-Lervågen_US
dc.identifier.bibsys111987326en_US
dc.rights.accessrightsclosedaccessen_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/31370/1/Egxharxlxrtxxxlesex.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata