Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T13:13:34Z
dc.date.available2013-03-12T13:13:34Z
dc.date.issued2010en_US
dc.date.submitted2010-06-15en_US
dc.identifier.citationSundal, Ingvild. Reseptiv språkutvikling hos cochleaimplanterte barn dei to første åra etter implantasjon. Masteroppgave, University of Oslo, 2010en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/31349
dc.description.abstractBakgrunn for eiga undersøking Språket gir menneska ei unik muligheit til kommunikasjon og læring. Gjennom språket kan vi ta del i det andre tenker og forstå perspektivet deira. Det er eit komplekst og dynamisk system av symbol som har betyding for barnet si tenking, sosiale kontakt og identitetsdanning. Eit barn som er prelingvalt døv, får ikkje tilgang til auditive stimuli og vil dermed ikkje tileigne seg talespråket på same måte som normalthørande barn. Eit cochleaimplantat gir tilgang til auditiv stimuli og muligheit til å utvikle eit funksjonelt talespråk. Barn som får cochleaimplantat, må lære seg å tolke dei lydane implantatet gir. Implantasjonen er starten på ein lang prosess som krev eit tverrfagleg samarbeid og pedagogisk oppfølging for maksimalt utbytte av implantatet. Mot denne bakgrunnen har eg gjennom masterstudiet fatta interesse for dei muligheitene for språkutvikling som opnar seg når barn blir CI-opererte og ønskjer gjennom masteroppgåva å bidra med auka kunnskap om utviklinga til desse barna. Undersøkinga er knytt opp mot forskingsprosjektet ”Talespråklig habilitering av døve og sterkt tunghørte barn fra 0 til 6 år som anvender høreapparat/cochleaimplantat”. Forskingsprosjektet skjer i regi av Øre-Nese-Hals avdelinga ved Oslo universitetssykehus, Rikshospitalet. Prosjektet er ein longitudinell studie av prelingvalt døve barn som har mottatt cochleaimplantat, med fokus på språkutvikling. Formål og problemstilling Gjennom dette prosjektet blir det utført empirisk forsking som tar for seg fleire aspekt ved barn si språkutvikling. Eige bidrag til denne forskinga er å tilføre ytterlegare kunnskap om utviklinga av det reseptive språket hos CI-opererte barn. Eg skal søke etter å få fram dokumentasjon på eventuelle forskjellar i reseptiv språkutvikling mellom CI-opererte og normalthørande barn. Denne kunnskapen vil, saman med framskaffa kunnskap frå resten av prosjektet, vere viktig for framtidig audiopedagogisk arbeid. Den sentrale problemstillinga er å belyse eventuelle forskjellar i utviklinga av det reseptive språket hos CI-opererte barn versus hos normalthørande. Barna i studien er no over 2 år og eg kan då fokusere på utviklinga frå 3 månader til 2 år etter implantasjon. Eg vil studere den reseptive språkutviklinga i denne perioden. Ut frå dette vil hovudproblemstillinga vere: Er det forskjellar mellom den reseptive språkutviklinga hos cochleaimplanterte barn og hos normalthørande barn og korleis utviklar desse eventuelle forskjellane seg over tid? Metode Eg nyttar ei kvantitativ metodisk tilnærming for å søke etter svar på problemstillinga. Undersøkinga har eit ikkje-eksperimentelt design og er ein longitudinell studie av cochleaimplanterte barn for perioden frå 3 til 24 månader etter implantasjon. Eg har tilgjengeleg testdata frå eit utval av CI-opererte og ei referansegruppe. Utvalet i hovudprosjektet består av alle barn utan kjente tilleggsvanskar som i perioden 2004 - 2007 fikk simultan bilateral implantasjon i alderen 5 til 18 månader. Dette utgjer 21 barn med CI og av desse er dei 11 sist inkluderte barna i hovudprosjektet tatt med i eiga undersøking. Utvalet i eiga undersøking er motivert ut frå ønske om at barna skulle ha komplette data på alle målingspunkta frå 3 til 24 månader etter cochleaimplantasjon. I tillegg til barna med CI er ei referansegruppe med normalthørande barn inkludert i undersøkinga. Eg har valt ut to standardiserte testar frå hovudprosjektet sitt testbatteri som er nytta i eiga undersøking. Det er Mullen Scales of Early Learning (Mullen, 1995) og Minnesota Child Development Inventory Profile (Ireton & Thwing, 1977). Frå desse testane nyttar eg dei deltestane som kartlegg den reseptive språkutviklinga. Resultat Hovudtrekka i analysane av reseptiv språkutvikling der eg baserer meg på Mullen Scales of Early Learning, er at utvalet skårar dårlegare enn referansegruppa, men at dei to gruppene nærmar seg kvarandre over tid. Analysane viser at det er signifikant forskjell mellom gruppene fram til rundt 2 år etter implantasjon. Vi kan då konkludere med at det ikkje lenger er signifikant forskjell i gjennomsnittleg reseptive ferdigheiter mellom utvalet og referansegruppa. Funna eg har gjort på desse norske CI-opererte barna, samsvarar med funn frå internasjonale undersøkingar på CI-opererte barn, sjølv om problemstilling og forskingsopplegg ikkje har vore heilt det same. Måleresultata der foreldra er informantar gjennom den standardiserte testen MCDI, viser at barna i referansegruppa har ei betre reseptiv språkutvikling enn barna i utvalet på alle målepunkt. Desse data dokumenterer ikkje den same tilnærminga i utviklinga mellom dei to gruppene som analysane der barna er informantar viser.  nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleReseptiv språkutvikling hos cochleaimplanterte barn dei to første åra etter implantasjon : er det forskjellar mellom den reseptive språkutviklinga hos cochleaimplanterte barn og normalhørende barn og korleis utviklar desse eventuelle forskjellane seg over tid?en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2010-10-05en_US
dc.creator.authorSundal, Ingvilden_US
dc.subject.nsiVDP::282en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Sundal, Ingvild&rft.title=Reseptiv språkutvikling hos cochleaimplanterte barn dei to første åra etter implantasjon&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2010&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-25426en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo103603en_US
dc.contributor.supervisorOna Bø Wie. Biveiledere: Anna Valborg Mikkelsen, Eva-Signe Falkenbergen_US
dc.identifier.bibsys102176248en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/31349/1/MasterIngvildSundal.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata