Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T13:09:01Z
dc.date.available2013-03-12T13:09:01Z
dc.date.issued2010en_US
dc.date.submitted2010-05-31en_US
dc.identifier.citationAardal, Elise. Ei undersøking om utfordringane som rådgjevarar i PPT møter i arbeidet retta mot skulen. Masteroppgave, University of Oslo, 2010en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/31323
dc.description.abstractMål: Målet med masteroppgåva har vore å sjå nærare på og gje innsikt i utfordringane til PP-rådgjevarar med masterutdanning og fordjuping i psykososiale vanskar i deira arbeid i skulen. Bakgrunn for temaval: Masterprosjektet er ein del av ei større kvantitativ spørjegransking: ”Yrkeskvalifiserende utdanning i møte med praksis. Fra spesialpedagogisk mastergradsstudium til yrkespraksis på det psykososiale området” leia av forskarane E. Kokkersvold, H.H.Sigstad, I.Morken & A. Askildt i regi av Institutt for spesialpedagogikk, Universitetet i Oslo. Eg valde å gå vidare på den delen av undersøkinga som omhandla utfordringane til masterkandidatane i praksisfeltet. Det blei gjort djupintervju på deltakarar frå spørjegranskinga. I intervjuet ynskte eg å undersøka utfordringane i skulen sett ut frå PP-rådgjevarar med mastergrad og psykososial fordjuping sin situasjon. Etter mange yrkesaktive år med nært samarbeid med PPT var det interessant å fordjupa meg i korleis utfordringane i skulen vart vurdert av PP-rådgjevaren. Problemstilling: Kva spesialpedagogiske utfordringar ser rådgjevarar i PPT i arbeidet retta mot skulen? Metode: Utvalet i prosjektet har vore avgrensa og det vart valt kvalitativ metode og hermeneutisk tilnærming til forskinga. Informantane kom frå deltakarane i spørjeundersøkinga og intervjua av PP-rådgjevarane utgjorde datamaterialet. Forskingsmetoden var kvalitativ intervjuundersøking. Eg ynskte ei djupare forståing av nokre få informantar for å skaffa meg ei meir heilskapeleg forståing av utfordringane deira. Svara frå spørjeundersøkinga gav meg hovudutfordringane til PP-rådgjevarane som samla gruppe og eg nytta dei vidare som tematisering for intervjuguiden. Resultat: Dei spesialpedagogiske utfordringane dreiar seg mykje om kompetanse. Det er større fokus på handlingskompetanse og formell kompetanse enn på personleg og relasjonell kompetanse. Det er behov for forventningsavklaring mellom skule og PPT for å utnytta og omsetja kompetansen som finst i systema i praksis og få til samhandling. PPT må koma inn på skulen sin arena med sin spisskompetanse og slik medverka til styrking av relasjonskompetanse. Elevane må sjåast som subjekt og deira utvikling som ein interaksjon mellom eleven og systemet eller miljøet omkring. Funna syner at avklaringane av viktige omgrep som systemarbeid, psykisk helse og tilrettelagt opplæring ikkje er gode nok i skulen og til dels òg i PPT. Dette er medverkande til at skulen lett styrer seg sjølv, blir verande i gamle spor og det er vanskeleg å få til endring og innovasjon. Det er funn som syner at skulen generelt er sein med tilvising og igangsetting av tiltak for elevar med særlege behov. Det kan tolkast som trong for meir spesialpedagogisk kompetanse inn alt frå dei pedagogiske grunnutdanningane. Meistringsfokus må sterkare inn i skulen. Skulen må starta der eleven er i utviklinga si og kompensera på område der eleven har vanskar med læring. Det kan synest som skulen treng generell avklaring av overordna omgrep og la dei bli ein del av ei samla pedagogisk plattform som kan gje langsiktige utviklingsmål og strategiar for det pedagogiske arbeidet. Funna kan tolkast til at slik avklaring kan gje skulen hjelp for endringstrøyttleik som følgje av alle læreplanskifta og endringane dei siste tiåra. Skulen må få ro til å reflektera, finna ut av, omsetja og evaluera alle endringane og planane. Det kjem fram uro for aukande bruk av assistentar i skulen og manglande vurdering av tiltaka og resultata ovanfor elevar med særlege behov. Masterkandidatane er generelt nøgd med utdanninga si, men ein finn utfordringar i høve til profesjon og status, mellom anna i høve profesjonstittelen og styrking av tverrfagleg arbeid i PPT. Det synest å vera ei utfordring at PPT berre har rådgjevande mandat og eit behov for ein sterkare oppfølgings- eller kontrollfunksjon ovanfor skulen.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleEi undersøking om utfordringane som rådgjevarar i PPT møter i arbeidet retta mot skulenen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2010-10-06en_US
dc.creator.authorAardal, Eliseen_US
dc.subject.nsiVDP::282en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Aardal, Elise&rft.title=Ei undersøking om utfordringane som rådgjevarar i PPT møter i arbeidet retta mot skulen&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2010&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-25175en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo103128en_US
dc.contributor.supervisorAstrid Askildten_US
dc.identifier.bibsys102182744en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/31323/1/aardal.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata