Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T13:06:44Z
dc.date.available2013-03-12T13:06:44Z
dc.date.issued2009en_US
dc.date.submitted2009-11-08en_US
dc.identifier.citationBrekkhus, Irene. For dei er jo dei viktigaste i verda, iallfall for oss då. Masteroppgave, University of Oslo, 2009en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/31281
dc.description.abstractBakgrunn og formål: Tidleg intervensjon ved born sin oppstart av stamming er tydingsfullt for utfallet om stamminga opphøyrer eller vedvarar. Informasjon om stamming og involvering av foreldre i stammebehandling er viktig (Guitar 2006). NIFS (norsk interesseforening for stamme) stiller spørsmål om behandlingstilbodet for born som stammer i norske kommunar er godt nok utbygd (Hope 2006). Formålet med denne masteroppgåva var derfor å undersøkje korleis foreldre opplever å ha eit born som stammer og dei si erfaring med den logopediske behandling. Undersøkinga si problemstilling: Korleis opplever foreldre å ha eit born som stammer og korleis skildrer foreldre den logopediske behandling? Fylgjande forskingsspørsmål er brukt for å kaste lys over problemstillinga: ? Korleis opplever foreldre at stamminga påvirkar bornet? ? Korleis opplever foreldre at bornet si stamming påvirkar bornet sine relasjonar? ? Kva tankar har foreldre om stamming og har dei erfaring med stamming frå før? ? Korleis skildrer foreldre den logopediske behandling? ? Kva forventningar og behov har foreldre til den logopediske behandling? Metode: Med utgangspunkt i problemstillinga var det naturleg med ei tilnærming til undersøkinga som innebar litteraturstudier og eit kvalitativt, semistrukturert intervju som metode. Vidare har eg nærma meg problemstillinga på ein fenomenologisk måte , ved å ha fokus knytt opp mot informantane sine eigne erfaringar og opplevingar. Informantutvalet besto av 5 foreldre som hadde born som stamma i alder 11-15 år. Intervjua vart tatt opp på band og transkribert. Teoretisk bakgrunn for analysen er basert på stamme, - stammebehandling - og rådgjevingsteori. Hovudtema i undersøkinga er ”Foreldre sin livsverden” og ”Den logopediske behandling”. Resultat: Undersøkinga viser det er av tyding for informantane å formidle at borna deira er så mykje meir enn berre eit born som stammar. Informantane opplever at stamminga til borna har ein varierande karakter, der borna stundom stammar mykje til at dei kan ha ein nesten flytande tale. Dei opplever borna si stamming som vond, vanskeleg og som etablert stamming. Endringar av rutinar og relasjonar i miljøet har tyding for påverknaden av stamminga til borna. Informantane hadde i hovudsak lite erfaring med stamming frå før. Informantane skildrer ei ”vent- og sjå” haldning frå fagfolk når borna byrja å stamme. Undersøkinga viser at informantane har meir forventningar etter oppstart av stammebehandling enn dei hadde før. I tillegg skildrer informantane at det er tydingsfullt at dei tidleg får kunnskap om kva dei kan gjere for bornet si stamming.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleFor dei er jo dei viktigaste i verda, iallfall for oss då : ei kvalitativ undersøking om korleis foreldre opplever å ha eit born som stammar og korleis foreldre skildrer den logopediske behandlingen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2010-02-18en_US
dc.creator.authorBrekkhus, Ireneen_US
dc.subject.nsiVDP::282en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Brekkhus, Irene&rft.title=For dei er jo dei viktigaste i verda, iallfall for oss då&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2009&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-23859en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo96535en_US
dc.identifier.bibsys100268021en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/31281/1/Duoxpdfxnokxeinxgong.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata