Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T13:06:51Z
dc.date.available2013-03-12T13:06:51Z
dc.date.issued2012en_US
dc.date.submitted2012-05-24en_US
dc.identifier.citationFjereide, Magnus, Skjervheim, Eli, . Trua på at alle kan ta eit steg til. Masteroppgave, University of Oslo, 2012en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/31256
dc.description.abstractProblemstilling: Kan lærarane ved å bruka det salutogene perspektivet bidra til at «elever i behov av särskilt stöd» får utnytta det faglege læringspotensialet sitt? Kva faktorar ved KASAM har i så fall bidrege til dette? Bakgrunn Vår erfaring som lærarar i grunnskule og vidaregåande skule og som PP-rådgjevarar, er at mange elevar synest å ha eit uutnytta fagleg potensiale. Me har opplevd å arbeida med elevar som seier at dei ikkje finn meining i det arbeidet skulen vil ha dei til å gjera. Dei er i liten grad aktørar i eiga læring, og dei gjev uttrykk for at dei ikkje forstår “vitsen”. Me har ved fleire høve observert at dei same elevane viser høgare grad av meistring på arenaer der skulefagleg og spesielt teoretisk kunnskapstileigning ikkje er målet. Me søkjer etter «verktøy» som kan hjelpa elevar og lærarar med samhandling, og som lettar læringsarbeidet. Seinare års forsking viser at elevane sine skulefaglege prestasjonar i stor grad heng saman med den einskilde elev sitt læringsmiljø (Hattie, 2009; Nordenbo, Søgaard Larsen, Tifticki, Wendt & Østergaard, 2008). Mange pedagogiske tilnærmingar er prøvt for å auka læringsutbyttet. Salutogenese, introdusert for oss på masterstudiet i spesialpedagogikk, har fått rotfeste hjå oss begge. Begrepet er henta frå helsefagleg forsking, og er referert til i spesialpedagogisk litteratur som eit perspektiv som kan vera relevant for undervisning (Befring, 2009). Me vil få innsikt i, og læra av, dei erfaringane som lærarar som brukar salutogenese som eit perspektiv for arbeid i skulen har gjort. Likeeins vil me undersøkja om kjensle av samanheng (KASAM) er eit berande prinsipp for undervisning seks år etter at eit prosjekt med arbeid etter perspektivet er avslutta. Metode Me brukar kvalitativ metode med intervju i fokusgrupper. Gruppeintervju eignar seg til å produsera kunnskap om eit tema – det kan vera kunnskapsgenererande. Metoden er godt eigna når målsetjinga er å utvikla teoriar og forklaringar. I ei fokusgruppe er det samspel mellom intervjupersonane ut frå eit tema for fokus som intervjuaren har bestemt. Dersom ein skal belysa kva- og kvifor-spørsmål, og utdjupa i stadenfor å generalisera, er fokusgrupper høvande (Brandth, 1998). Metoden er spesielt eigna til å forstå deltakarane sine erfaringar og perspektiv. Me gjorde tre fokusgruppeintervju i to kommunar i Nord Sverige med tilsaman 12 lærarar. Dei fleste var spesialpedagogar. Resultat og konklusjonar Etter det informantane formidla til oss, har kjennskap til, og erfaring med Antonovsky sine teoriar endra informantane i retning av å ha ei salutogen, relasjonell innstilling til, og eit meir balansert individ- og systemperspektiv på «elever i behov av särskilt stöd» sine behov. Det salutogene perspektivet synes generelt å vera ei rettesnor og eit verdigrunnlag som lærarane brukar i planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisninga. Når ei salutogen forståing først er tileigna, så vert den ein del av læraren sin praksis. Ei salutogen haldning tek utgangspunkt i det som styrkjer eleven, og lærarane har tru på at alle elevar kan ta eit steg til. Informantane held fram at faktorane ved KASAM er dei tre begrepa meningsfull, forståeleg og handterleg. Begrepa er viktige kvar for seg, men krafta i perspektivet kjem fyrst og fremst til sin rett når det vert brukt som eit heilskapleg begrep; Kjensla Av SAManheng. Lærarane brukte KASAM-begrepet heilskapleg. Det synest å bidra til å auka «elever i behov av särskilt stöd» si faglege læring. Lærarane sitt arbeid med å styrkja eleven sin KASAM, kan synast å ha ført til at lærarane og har teke eit steg til. Dette steget er at dei har overført trua på at kvar elev kan ta eit steg til, til eleven sjølv: «Tron på att jag kan ta ett steg til». Informantane meiner møtet er nykkelen som opnar opp for læring. I møtet synest eit godt bemötande og eit salutogent forhållningssätt å vera basen for å skapa gode relasjonar med salutogen kommunikasjon. Lærarane brukar perspektivet saman med teoriane til til dømes Vygotsky og Marton. Lærarar og elevar synest å vera meir tilgjengelege for kvarandre i læringsarbeidet. Framlegg til vidare undersøkingar på området er: Kan det vera slik at utarbeiding av ein antonovskypedagogikk, kan gjerast ut frå dei erfaringane skulane har gjort seg etter å ha arbeidd i ei årrekkje med salutogenese som visjon for det pedagogiske arbeidet i skulen, i kombinasjon med Hult, Waad, Cederblad og Hansson (1996) sitt salutogene arbeid med ungdom med psykososiale vanskar? Vil dette verta ein antonovskypedagogikk? Vil antonovskypedagogikken i så fall vera god for elevar i trong for særskild støtte i Noreg?nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleTrua på at alle kan ta eit steg til : "Med salutogenes som ledstjärna i skolan"en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2013-01-25en_US
dc.creator.authorFjereide, Magnusen_US
dc.creator.authorSkjervheim, Elien_US
dc.subject.nsiVDP::282en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Fjereide, Magnus&rft.au=Skjervheim, Eli&rft.title=Trua på at alle kan ta eit steg til&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2012&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-31467en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo164856en_US
dc.contributor.supervisorErling Kokkersvolden_US
dc.identifier.bibsys122625455en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/31256/2/ElixSkjervheimxogxMagnusxFjereide.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata