Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T13:03:59Z
dc.date.available2013-03-12T13:03:59Z
dc.date.issued2007en_US
dc.date.submitted2007-03-12en_US
dc.identifier.citationSteinnes, Gerd Sylvi. Vilkår for profesjonell identitet?. Hovedoppgave, University of Oslo, 2007en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/30896
dc.description.abstractProblemområde og problemstilling: Ein omfattande ekspansjon i barnehagefeltet har ført til større fokus på barnehagen dei siste åra. Fram til i dag har det vore lite forsking på barnehagen sitt innhald, med den følgje at vi har lite eksakt kunnskap om dette området. Med satsinga på ”Barnehageløftet” er blikket i sterkare grad retta mot barnehagen sitt innhald enn det har vore tidlegare. Eg har i dette arbeidet vore oppteken av førskulelæraren si rolle i barnehagen. Barnehagen skal vere eit pedagogisk tilbod til barn i førskulealder. Det er ikkje tilstrekkeleg å passe barn. Barnehagen sitt samfunnsmandat gir førskulelæraren og barnehagen ansvar for å legge til rette for omsorg, oppseding og læring (Lov om bhg 2005). Gjennom flyttinga til Kunnskapsdepartementet vert barnehagen sett som ein del av utdanningssystemet. Mitt utgangspunkt har vore at førskulelæraren er viktig for barnehagen sin kvalitet, ved at den kunnskapen ho har fått gjennom utdanninga dannar basis for profesjonell praksis. Dette er nok ei forenkling og eit ideal meir enn ei udiskutabel sanning. I oppgåva har eg sett fokus på danning av profesjonell identitet som førskulelærar i eit lekmannsprega og tradisjonelt arbeidsfelt. Førskulelæraren skal ut i eit yrke som har mange likskapar med heimen sine oppgåver. Å ta hand om barn er noko ein har gjort til alle tider utan utdanning, og ei generell oppfatning er at dette er noko dei fleste kan meistre. Bae (1996) peikar på at førskulelæraren tradisjonelt har hatt ei laust definert yrkesrolle, samstundes som den i stadig større grad er utsett for forventningar og krav utanfrå i høve eigen yrkesfunksjon. Fleire peikar på barnehagen sin usynlege pedagogikk og at dette kan ha innverknad på førskulelæraren si yrkesrolle. I oppgåva har eg stilt to hovudspørsmål: - Kva er sentralt i danning av profesjonell identitet som førskulelærar, og korleis vert denne prega av barnehagen som tradisjonelt og lekmannsprega arbeidsfelt? - Kva utfordringar møter førskulelærarane i høve til danning av profesjonell identitet? Problemstillinga eg har arbeidd utifrå er: Vilkår for profesjonell identitet? Danning av profesjonell identitet som førskulelærar i eit lekmannsprega og tradisjonelt arbeidsfelt. Metode: I denne oppgåva har eg nytta både kvantitative og kvalitative metodar. Gjennom rettleiar har eg hatt tilgang til databasen StudData. StudData-innsamlinga som har vore relevant for mitt arbeid har vore gjennomført som survey-undersøking med spørjeskjema til studentane ved førskule, allmenn, sjukepleie og sosialarbeidarutdanningane ved Høgskolen i Oslo og nokre andre utvalde høgskular. Når det gjeld førskulelærarstudentane har undersøkinga omfatta studentane ved Høgskolen i Oslo og Høgskulen i Volda i første og siste semester av utdanninga (hausten 2000 og våren 2003). Gruppa førskulelærarstudentar vert i arbeidet definert som ei gruppe utan at det vert gjort komparasjonar mellom studentane i Volda og Oslo. Ved enkelte høve når dette er relevant, vert det trekt samanlikningar mellom førskulelærarstudentane og dei andre utdanningsgruppene i materialet. I tillegg til StudData-materialet har eg nytta intervju av ni nyutdanna førskulelærarar, som avslutta utdanninga våren 2001. Til intervjua har eg nytta kategoriar frå spørjeskjema som eg fann særleg relevante for mitt arbeid, som utgangspunkt for utarbeiding av intervjuguiden. Slik kunne det skapast samanheng mellom undersøkingane og eg fekk gå i djupna på spørsmål som var særleg aktuelle i høve til problemstillinga. Data/kjelder: Oppgåva bygger på utvalde kategoriar i StudData-undersøkinga og intervjua som kan seie noko om vilkår for danning av profesjonell identitet. I høve til teoriar knytt til omgrepet profesjonell identitet har eg særleg nytta Mead (1934) sin teori om symbolsk interaksjonisme og Bourdieu (1995) sin teori om felt, habitus og kapital. Den siste er også knytt til barnehagen som tradisjonelt arbeidsfelt. Eg har også nytta ulike kjelder om barnehagen sin framvekst og innhald, og har sett barnehagen og førskulelærarutdanninga i lys av rammeverket. Dette har samanheng med dei sentrale omgrepa i problemstillinga. I høve til møtet med yrkesfeltet har eg nytta Hauge (2001) sin rapport frå eit rettleiingsprosjekt med nyutdanna førskulelærarar, og Darling-Hammond (1990) sine perspektiv på kva som er viktige faktorar i introduksjonen til yrket. Resultat/hovudkonklusjonar: Eg har ikkje hatt som mål å skulle gjere statistiske generaliseringar eller slå fast kausale samanhengar. Til det er området for komplisert og datamaterialet ikkje tilstrekkeleg, slik eg ser det. Mitt mål har vore å rette søkjelyset mot eit område av interesse, med håp om at det også skal vere interessant og relevant for andre. Eg vil her fokusere på dei utfordringane førskulelæraren møter i danning av profesjonell identitet. Profesjonell identitet er ikkje eit eintydig og uproblematisk omgrep å skulle operasjonalisere. Utgangspunktet for min bruk av omgrepet har vore at profesjonell identitet handlar om førskulelæraren si oppfatning av kva som er god yrkesutøving og om si eiga rolle som profesjonell yrkesutøvar. Den profesjonelle identiteten vert definert som del av ein breiare sjølvidentitet og blir danna gjennom erfaringar på ulike arenaer i livet. Bruken av omgrepet set også fokus på å kople forventningar til profesjonen med eigen personlegdom (Heggen 2005, 2007. Skau 2002). I dette perspektivet kan det vere mange måtar å vere ein god førskulelærar på og difor ikkje mogleg å definere grensene for profesjonell identitet. Førskulelærarstudentane møter utdanninga med ulike erfaringar som vil prege forventningane og vere avgjerande for korleis dei møter denne. Dei er også på ulike måtar påverka av samfunnet sitt syn på barnehagen og på forventningane til førskulelærarrolla. Undersøkingane eg har nytta viser at utdanning ikkje nødvendigvis er eit hovudprosjekt, men at den kan vere eit delprosjekt på linje med andre viktige aktivitetar i livet. Slik vil andre tilhøve enn utdanninga verke inn på den profesjonelle identiteten. I datainnsamlinga har ein sett fokus på kompetanseområda fagleg kunnskap, verdiar og haldningar, praktiske ferdigheiter og personlege evner. Særleg interessant finn eg studentane sine oppfatningar av fagkunnskapen sin betydning i utdanning og yrke. StudData-undersøkinga viser at sjølv om mange av studentane meiner at fagkunnskapen er viktig, er det langt under halvparten som svarar at dei har hatt svært stort utbytte av utdanninga når det gjeld utvikling av slike fagkunnskapar. Innanfor utdanninga kan studentane oppleve ulike motsetnader og dels vert det opp til studentane sjølve å løyse desse. Tilhøvet mellom teori og praksis ser ut til å vere ei utfordring, og det er eit aktuelt spørsmål om utdanninga er i takt med det feltet ein utdannar til. Her er det eit sentralt moment at ein på grunn av lite forsking har lite konkret kunnskap om barnehagen sitt innhald. Informantane frå intervjua skildrar eit møte med yrket der dei gjer andre oppgåver enn dei forventa med bakgrunn i utdanninga. Som ein konsekvens av dette stiller dei spørsmål ved det teoretiske prosjektet i utdanninga. Dette viser også andre undersøkingar, som til dømes Hauge (2001).nor
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectbarnehagen tradisjonelt lekmannsprega arbeidsfelt profesjonell identitet forskolelærerrollen førskulelærarrollaen_US
dc.titleVilkår for profesjonell identitet? : danning av profesjonell identitet som førskulelærar i eit lekmannsprega og tradisjonelt arbeidsfelten_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2007-05-18en_US
dc.creator.authorSteinnes, Gerd Sylvien_US
dc.subject.nsiVDP::280en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Steinnes, Gerd Sylvi&rft.title=Vilkår for profesjonell identitet?&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2007&rft.degree=Hovedoppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-14945en_US
dc.type.documentHovedoppgaveen_US
dc.identifier.duo54389en_US
dc.identifier.bibsys070710031en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/30896/1/Steinnes%5B1%5D.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata