Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T12:59:05Z
dc.date.available2013-03-12T12:59:05Z
dc.date.issued2012en_US
dc.date.submitted2012-06-06en_US
dc.identifier.citationSæther, Torhild Godø. Å vere taktilt i verda. Masteroppgave, University of Oslo, 2012en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/30684
dc.description.abstractSAMANDRAG: Denne avhandlinga er ei teoretisk og empirisk utforsking av korleis stabbarar (barn mellom 12 og 36 månadar) brukar den taktile sansen for å bli kjent med seg sjølve og verda. Med utgangspunkt i det, har eg spurt om kva som skjer med stabbarane i taktil kommunikasjon med verda, og kva betydning det taktile i sanseerfaring kan ha for stabbaren. Føremålet er å betre forstå kva det å vere taktilt i verda kan vere for stabbarar. Avhandlinga nyttar Maurice Merleau-Ponty sin kroppsfenomenologi for å setje lys på det nonverbale og førrefleksive i stabbarkroppen sine taktile sansingar. Avhandlinga tek tak i eit konkret fenomen; nemleg at stabbarar har eit handlingsmønster som er taktilt, og den undrar seg over om dette konkrete også har ein større dimensjon over seg. I hovudverket sitt; Phenomenology og Perception, hevdar Merleau-Ponty at kroppen er eit medvit før tanke og språk. Han kallar dette kroppslege medvitet for kroppssubjekt. Med tanke på at stabbaren har lite verbalt språk, har dette perspektivet fungert som ei perspektivutvidande og fruktbar forståingsramme for temaet avhandlinga ynskjer å utforske. Då avhandlinga faktisk brukar ord på formidle ei forståing av det nonverbale og førrefleksive i taktile sansingar, er den på mange måtar eit stort paradoks. Den drøftar difor også i kva grad denne studia kan vere pålitelig og gyldig når den forsøker å setje ord på noko som i utgangspunktet er nonverbalt. METODE OG DATAINNSAMLING Dette er ei pedagogisk-filosofisk studie med empirisk støtte. Metoden er ei hermeneutisk fenomenologisk tilnærming. Det er ein metodologi som både er skildrande og fortolkande. Den gir også rom for utforsking, og har legitimert vekselverknaden mellom teoretisk utforsking og empirisk utforsking. Datamaterialet er videoobservasjon i ein utvalt barnehage over ei periode på 4 veker. Innsamling, handsaming og oppbevaring er godkjent av Norsk Samfunnsvitenskapelig Datatjeneste (NSD) (sjå vedlegg). PEDAGOGISK RELEVANS Merleau-Ponty sin filosofi om kroppssubjektet viser at stabbarane sine sanseerfaringar er grunnlaget dei har for å forstå seg sjølve og verda. Den viser at deira taktile måte å vere i verda på er intensjonal, og at den har ei retning mot mellom anna taktile kvalitetar som er handfaste bevis på at verda finst, og at dei er ein del av den. Det taktile i sanseerfaring har såleis ei eksistensiell betydning. Det har betydning for liva deira. Og difor er taktile sansingar ein grunnleggjande måte for stabbaren å basere verdsforståinga si på. På grunn av dette finn avhandlinga relevans i denne måten å forstå stabbarane på i eit barnehagepedagogisk perspektiv. I følgje SSB var dekningsgraden i aldersgruppa 1-2 år heile 79,5 prosent ved utgangen av 2011. Då denne studia utforskar eit vesentleg aspekt ved stabbaren sin veremåte, vil den på den måten kunne vere eit relevant innspel innanfor dette perspektivet. Den vil syne at eit kroppsfenomenologisk perspektiv på smårollingar sine taktile sansingar tek omsyn til deira måte å forstå seg sjølve og verda på.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleÅ vere taktilt i verda : - ei eksplorerande kroppsfenomenologisk studie av stabbarar sin taktile omgang med verdaen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2012-12-03en_US
dc.creator.authorSæther, Torhild Godøen_US
dc.subject.nsiVDP::280en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Sæther, Torhild Godø&rft.title=Å vere taktilt i verda&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2012&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-32226en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo165987en_US
dc.contributor.supervisorProfessor Torill Stranden_US
dc.identifier.bibsys123721059en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/30684/1/Master_Torhild_Godo_Saether.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata