Abstract
Hovudverk er vanleg hos barn. Alt frå 2.8 % til 89,9 % er rapportert i ulike undersøkingar (1-6). Hovudpine er blitt ei meir og meir utbreidd plage både hos vaksne og barn. (5,7,8). Årsakene til dette er uklare, men det har vore spekulert i om aukande stress kan vere ein medverkande faktor (9). Det er òg slik at det er meir vanlig med hovudverk blant ungdom enn blant barn (2,10,11). Før puberteten er det ein svak overvekt av gutar som har hovudverk, medan jentene er klart dominerande på tenåringsstadiet (10). Dei mest vanlege typane for hovudverk er migrene, spenningshovudverk og legemiddelutløyst
hovudverk. Migrene og spenningshovudverk er primære hovudverktypar medan legemiddelutløyst er ein sekundær form for hovudverk. Det er viktig å skilje dei primære typane frå dei sekundære, då nokre av dei sistnemnde kan ha meir alvorlige årsaker som det er viktig å
handsame. Sekundær hovudverk kan vere utløyst av til dømes systemiske sjukdomar som feber, hypertensjon og sinusitt, sjukdommar av meir nevrologisk karakter som posttraumatisk hovudverk og sekundært til cervicale prosessar (12) pluss intrakranielle ekspansive prosessar som
hjernetumor og pseudotumor cerebri (13).