Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T12:00:22Z
dc.date.available2013-03-12T12:00:22Z
dc.date.issued2002en_US
dc.date.submitted2002-12-10en_US
dc.identifier.citationStensæth, Karette Annie. Musikkterapi som kjær - leik. Hovedoppgave, University of Oslo, 2002en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/27170
dc.description.abstractDette hovudoppgåvearbeidet handlar om dei to fenomena som har fascinert meg mest som menneske; fenomenet musikk og fenomenet leik. Erfaringsbakgrunnen min er mange års aktivt arbeid som musikkterapeut blant barn og unge med psykisk utviklingshemming, autisme og multihandikap. Arbeidet har først og fremst som mål å bekrefte mi kjensle av slektskap mellom leiken og musikkterapeutisk samhandling, dette for om mogleg å utdjupe musikkterapien som område. Metaforen om karnevalet i mellomalderen går att i arbeidet, og eg er særleg oppteken av filosofen Ketil Steinsholt si omhandling av karnevalet i forhold til leiken. Det er særleg hans idè om karnevalet si fornying, ei allomfattande fornying, som eg prøver å gripe tak i. I det Steinsholt framhevar som "det karnevalske liv" ser ein at korleis ein kan leve ut kjensler, draumar og utopiar som vanlegvis vil vere "umoralske" eller fornuftsstridige. På denne måten meiner eg å sjå karnevalet også kan kaste lys over musikkterapien som ein møteplass som fører med seg særleg opplevingar og sjølvstende, ikkje minst glede. Både leiken og musikkterapien kan difor synast å ha særleg verdi fordi dei er så nært forbunde med menneska sine måtar å føle, oppleve, handle og tenkje på. For musikkterapeutisk grunnlagstenking kling dette godt med Creative Music Therapy der t.d. musikken er uløyseleg knytt til menneskelege omgangsformer. Eit leikeperspektiv vil difor også kunne styrke musikkterapi som ontologisk verksemd framfor ei meir epistemologisk verksemd. Poenget med terapi blir då, eit breiare spekter av samspelsvanar og samhandlingsmulegheiter enn det barnet allereie rår over, ikkje å gi endelege svar på kva noko betyr, men bringe nye reiskapar for å sjå kva noko kan bety. Karnevalet får betying i leiken og den musikkterapeutiske samhandlinga ved å gi meining til det å stadig vere i prosessen, vere på vegen, heim. Som levande her-og-no praksis trur eg at musikkterapien har sin styrke, ja kanskje og fôrtrinn. Korleis intervenere blir med dette arbeidet meir eit spørsmål om korleis ein maktar å oppretthalde ein karnevalsk karakter over samhandlinga, korleis forbli i eit her-og-no, korleis mobilisere kjensler og opplevingar, korleis oppretthalde interessa og lysta for samhandlinga, kort sagt; korleis forbli i eit karnevalsk samvere. Den estetisk-kreative drivkrafta i leiken og musikkterapien verkar også å vere beslekta, noko som i begge fenomena kjem til syne som ein form for kjær - leik. Dette inneber at det mest sentrale bevis for denne slektskapen blir gleda og kjærleiken som så tydeleg skin gjennom hos dei aktive. Karnevalet framhevar kor unikt mennesket kan vere når det gjeld abstraksjonsevne og det å skape seg symbolske meiningar. I tråd med dette kjem også ei anna side av spørsmålet om i kva grad vi som arbeider med menneske og terapi er villege til å problematisere vår oppfatning av sosiale relasjonar; t.d. i forhold til meining. Det som verkar meiningsfullt ved ein relasjon treng kanskje ikkje alltid knytast til aksepterte normer eller rasjonell fornuft. Karnevalet viser at det nettopp finns andre former for meining, meining som har forbindingar til meir kaotiske og irrasjonelle sider i oss. Dette kan også vere med på framheve den musikkterapeutiske samhandlinga som ein prosess som ikkje berre må knytast til tradisjonelle terapeutiske resultat, utkome og effekt, men ein prosess som også omfattar fleire irrasjonelle og "uforklarlege" uttrykk. Poenget med karnevalet er nettopp at det opnar for andre meiningsstrukturar enn dei vi vanlegvis tenkjer på. Som karnevalsk møteplass meiner eg å sjå at både leiken og musikkterapeutisk samhandling synast å sirkulere rundt eit samanfallande intersubjektivt motiv; det at vi som menneske søkjer oss inn mot einannan, at vi vil møtast, at vi søkjer mot eit felles fokus for merksemd. Bak dette finnast ein indre driv til å ville oppdage seg sjølv som menneske, sin personlegdom og sin identitet. Den vanlegaste parallellen for dette forholdet har innan musikkterapien hittil vore det tidlege mor-barn samspelet. Med dette arbeidet meiner eg at karnevalet kan opne for at musikkterapien som samhandlingsform kan utdjupast ytterlegare, dette fordi eit karnevalsk perspektiv i større grad gir rom for nettopp meir irrasjonelle, flyktige og øyblikksorienterte sider. Dette er sider som eg prøver å vise er typiske også for den musikkterapeutiske samhandlingsprosess. Leik og musikk er gjerne integrert i kvarandre, og er av dei fenomen som menneska intuitivt vil ty til, særleg barna. Leiken og musikken blir for dei samhandlande på mange måtar det bestemte ubestemte innanfor det gjeldande rom, eller for den sak skuld innanfor det gjeldande imellomrom. Musikken blir difor det nødvendige mellomliggjande som gir meg grunn til å halde leiken og musikkterapien opp i lyset saman. Det betyr at musikken blir både det umiddelbare mediet og omvendt eit medie for det umiddelbare som skaper eit av leiken sine alternativ for karnevalsk utfalding. Musikkterapeutisk samhandling blir då å forstå som ein av leiken sine alternativ som møteplass for særlege opplevingar og livgivande øyblikk. Leiken gjer det kan hende mogleg å skimte at musikkterapien også kan handle om det å overskride verkelegheita, det å sikte seg inn mot flyt og ein tilstand som i korte stunder kan representere eit meir fullkome levesett. Flyt blir då yttarst sett eit slags argument for musikkterapi. Flyt blir også eit av dei største poenga ved mi samanlikning. Det mest overraskande funn ved mitt studie, dreiar seg om spørsmålet om det kan vere hensiktsmessig for musikkterapien i større grad å prøve å forstå paradigmet musikkterapeutisk samhandling som handlingsinnhald framfor resultatinnhald. Dette kan tvinge fram ein grunn til å sjå på musikkterapeutisk samhandling i forhold behov for å handle (og samhandle), og åtferdsmåte for å utføre handling og samhandling. Når ein gjer det, vil ein som i leiken kunne finne ei anna form for meining enn den lineær kausale, som vel må reknast som meir tradisjonell. Det dreiar seg i første omgang om å ta inn over seg meininga ein kan finne aleine ved det å handle, samhandle, det å vere, vere i, vere saman i. Denne meininga får på ein betre måte fram dei dynamiske og foranderlege sidene ved handlings- og samhandlingsprosessen. Det karnevalske blir då på ein måte eit bevis for meg at denne form for handling og samhandling også har å gjere med moglege eksistensielle paradoks, at det ikkje-rasjonelle i neste omgang kan bli eit nødvendig sidespor for det rasjonelle, at det fragmenterande kan verke gestaltande, osb. Musikkterapien sin musikalitet vil då ligge i gleda ved å oppleve einskap i mangfaldet. Eg vil difor seie at karnevalet er med på å utdjupe det at meininga i prosessane har med både strukturelle og dynamiske faktorar å gjere. Dette inneber at heile meininga, ikkje berre dei meiningane som kan knytast til konkrete mål, kan befinne seg i spenningsfeltet mellom det teliske og meir regelbundne og det parateliske, det meir dynamiske frie og overskridande/grensesprengjande. Dette kjem også til syne ved måten dei karnevalske møteplassane fungerer på: Den er leiken, dvs improviserande og intuitiv; ein følgjer i prinsippet den tilsynelatande kjæraste vegen, dvs den vegen som fyrst gjer seg openbar der og då, og som verkar mest uimotståeleg. Denne kan gjerne vere både repeterande, overdreva, obskur, tullete og liknande. Det er i denne forståinga av heile meiningar at fortetta flyt- og høgdepunktopplevingar framelskast. Det som avgrensar fenomena som møteplassar, er ein opplagt vesensskilnad; barnet eller klienten i musikkterapien må, i motsetnad til barnet i leiken, ha hjelp eller støtte. Leiken teikna gjennom karnevalet kan i seg sjølv aldri bli målet for musikkterapien. Leiken blir heller eit forbilde for samhandling. Musikkterapeuten blir for klienten ei nødvendig brikke for at musikkterapien kan framstå som ein alternativ møteplass for gledesfylt og karnevalsk livskunst. Hovudprinsippet i dette arbeidet blir då at musikkterapeuten med den musikkterapeutiske prosessen som i karnevalet etablerar opne og beveglege svar.nor
dc.language.isonoben_US
dc.titleMusikkterapi som kjær - leik : Kva kan leiken seie om musikkterapeutisk samhandling?en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2007-09-25en_US
dc.creator.authorStensæth, Karette Annieen_US
dc.subject.nsiVDP::110en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Stensæth, Karette Annie&rft.title=Musikkterapi som kjær - leik&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2002&rft.degree=Hovedoppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-7723en_US
dc.type.documentHovedoppgaveen_US
dc.identifier.duo7804en_US
dc.contributor.supervisorEven Ruuden_US
dc.identifier.bibsys031759882en_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata