Abstract
Oppgåva er eit studie i kordan sentimentale viser om heftig kjærleik og brå død kan tilleggast meining i dei diskursane som omgir dagens skillingsvisesong. Skillingsviseomgrepet er avgrensa med ein litterær gjennomgang av den tragiske kjærleiksvisas sentimentale kvalitetar. Sentimentalitet er òg studert som resepsjonsform blant eldre skillingsvisesongarar, for å klarlegga dei felles referansepunkta som finst i den opphavlige, og den moderne meiningsproduksjonen rundt materialet. Vidare er det gjennomført ein analyse av fem skillingsviseartistars sosiale fortolking av det sentimentale repertoaret, slik denne fortolkinga kjem til uttrykk i intervjusamtalar mellom meg og intervjuobjekta.
Føremålet med analysen var å undersøka kordan nye strukturelle forhold for skillingsvisesong legg nye premiss for den meiningsfulle omgangen med ei musikkform som gjerne blir nedvurdert som historisk utdatert, kommersielt motivert og simpel. Undersøkinga viser at dagens artistar tillegg ulike aspekt av skillingsvisa både estetiske og funksjonelle verdiar, og at den sentimentale kvaliteten i musikken er ivaretatt mellom anna i det performative aspektet av songen.