Abstract
I denne oppgåva vil eg gjere nærlesingar av utvalte scenar frå Dancer in the Dark, som eg koplar opp mot ei audiovisuell drøfting i forhold til ein filmmusikalsk kontekst. Mitt hovudfokus er å drøfte korleis musikken i Dancer in the Dark problematiserer fellesskapsideen i filmmusikalsjangeren. Det teoretiske utgangspunkt er populærmusikkfeltet, men eg vil også trekke inn aspekt frå filmteori, som kan bidra til å kaste lys over den kulturelle konteksten Dancer in the Dark står i. Som eit utgangspunkt for spørsmålet om eit filmmusikalsk fellesskap, vil eg plassere drøftingane innanfor ei sjangerteoretisk ramme.