Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T12:00:43Z
dc.date.available2013-03-12T12:00:43Z
dc.date.issued2007en_US
dc.date.submitted2007-04-26en_US
dc.identifier.citationEngeland, Audhild Octavia Jonsdotter. Eit komparativt perspektiv på musikkpedagogiske konsepsjonar og legitimeringsproblematikk i fagplanen for musikklinja i L76 og R94. Masteroppgave, University of Oslo, 2007en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/27115
dc.description.abstractTemaet i masteroppgåva er grunngjeving av musikkpedagogisk verksemd. I møte med den store musikkmarknaden i dagens samfunn, blir det viktigare og viktigare å kunne argumentere for den musikkpedagogiske verksemda ein som lærar og pedagog er ein del av. Eg ønskjer at oppgåva kan bidra til den enkelte pedagog sin refleksjon om kva konsekvensar premissa frå nasjonalt hold får for deira individuelle legitimering av si eiga verksemd. Å fokusere på dette meiner eg er viktig for å sjå si eiga verksemd i lys av ein større heilskap, eit større historisk perspektiv. I oppgåva analyserar eg to læreplanar/fagplanar for musikklinja i den vidaregåande skolen. Eg tek utgangspunkt i den formelt vedtekne læreplanen, med andre sjølve teksten i fagplanane og den generelle delen av læreplanane. Eg freistar å gje tolkingar av teksten i læreplanen som det kan herske semje om. Det vil seia at min intensjon er å tolke tekstane med utgangspunkt i dei overordna intensjonane til departementet, og ikkje tillegge teksten tolkingar som det ikkje er belegg for. For det første belyser eg kva musikk som undervisningsfag (musikkpedagogiske konsepsjonar) som kjem til uttrykk i fagplanane for musikklinja. I sjølve analysene tar eg utgangspunkt i dei musikkpedagogiske konsepsjonane som berører heilt sentrale aspekt ved musikkfaget (musikk som kunnskapsfag, musikk som ferdighetsfag og musikk som estetisk fag). I forlenginga av dette belyser eg kva dimensjonar ved kunnskapsbegrepet som er representativt i forhold til konsepsjonane som kjem til uttrykk. Eit tredje aspekt er at eg knyttar dei konsepsjonane det måtte gjelde opp mot relevante didaktiske hovudretningar for å setje musikkfaget i sin heilskap inn i eit større perspektiv. For det andre knyttar eg dei musikkpedagogiske konsepsjonane opp mot korleis musikklinja og musikkfaget som heilskap blir legitimert i læreplanane. I oppgåva fokuserer eg på kva intensjonar for skole, kultur og musikkfag formuleringane og teksten i læreplanen uttrykker, og som er godkjent av departement og regjering. Dette perspektivet belyser eg ved å sjå læreplanane opp mot dokument (t.d. Stortingsmeldingar, NOU-rapportar) som ligg til grunn for dei to reformene. Slike dokument kan vera med å belyse og gje meining og innhald til begrepsbruk som kan bli tolka og tillagt ulik verdi og ulike intensjonar. Eg belyser musikkfaget sin legitimering med utgangspunkt i kulturarv, samfunn og individ. Læreplanane for musikklinja gjenspeglar generelle pedagogiske bestrebelser i samtida, kva syn på kunst og kultur som er framtredane i samfunnet osv. Musikklinja og musikkfaget får sin funksjon ut frå ein større heilskap. Det er denne samanhengen og prosessen som må vera gjenstand for refleksjon, for å auke merksemda om læreplanar som bærarar av bestemte mål og intensjonar for skole- og kulturutvikling. Endringar i skolepolitiske og kulturpolitiske intensjonar for vidareutvikling i samfunnet er med å peike på skilnadane mellom korleis dei lære- og fagplanane eg analyserar i oppgåva legitimerar musikkfaget.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleEit komparativt perspektiv på musikkpedagogiske konsepsjonar og legitimeringsproblematikk i fagplanen for musikklinja i L76 og R94en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2007-08-30en_US
dc.creator.authorEngeland, Audhild Octavia Jonsdotteren_US
dc.subject.nsiVDP::110en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Engeland, Audhild Octavia Jonsdotter&rft.title=Eit komparativt perspektiv på musikkpedagogiske konsepsjonar og legitimeringsproblematikk i fagplanen for musikklinja i L76 og R94&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2007&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-17533en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo57688en_US
dc.contributor.supervisorEven Ruuden_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/27115/2/Engeland_Master.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata