Abstract
Hovudoppgåva studerer uttrykk og veremåtar i fem nyare innspelingar av Klaverkonsert i a-moll av Edvard Grieg. Tittelen i oppgåva viser for det første til Peter Kivy sin konturteori for musikalsk representasjon, som seier at mennesket har ein nedarva tendens til umedvite å oppleva musikk som analogi til menneskelege uttrykk generelt. Ifølgje evolusjonsforskinga til Ellen Dissanayake har slike kognitive analogiar vore viktige for menneskeleg overleving. Tittelen viser for det andre til sosial interaksjonsteori. Sentralt her står Jonathan Turner sin evolusjonsbaserte mikrososiologiske spekulasjon, Erving Goffman sine teoriar om mennesket sitt daglege rollespel, samt Jean Paul Sartre sine mikrososiologiske observasjonar. Konturteorien for musikalsk representasjon samt teoriar om menneskeleg interaksjon blir brukt som bakgrunn for analysane av dei utvalde innspelingane. Eduard Hanslick var skeptisk til om musikk kunne representera kjensler og uttrykk, men oppgåva tek utgangspunkt i nyare filosofi, der det er konsensus om at det er rimeleg å seia at slik representasjon finst. Analysane byggjer i tillegg på eit breidt spekter av teoriar frå psykologi, sosiologi og filosofi som tek føre seg individuelle, universelle og kulturelt baserte trekk ved menneskelege uttrykk og veremåtar.