Abstract
Kunstnarane i Sovjetunionen skulle med Stalin sine ord vere «ingeniørar for menneskesjela». Dette betydde at dei ulike kunstartane, som litteraturen, biletkunsten og musikken, skulle vere hjelpemiddel for å skape «sovjetmennesket» (homo sovieticus) og såleis den sosialistiske staten. Denne rolla var kontrollert frå sentralt hald, ved hjelp av eit omfattande sensurapparat, men også ved hjelp av fastlagde retningsliner for korleis kunsten skulle vere, den såkalla sosialistiske realismen. I denne oppgåva hevdar eg likevel at det slapp ein kritisk kunst gjennom dette nålauget, ein kunst som ikkje nødvendigvis kritiserte samfunnet direkte, men som distanserte seg frå den rolla han var meint å ha, og difor fekk det eg har kalla ein kritisk funksjon. Mitt fokus i denne oppgåva er først og fremst på musikken, sjølv om eg tidvis kjem inn på dei andre kunstartane.
Den samfunnskritiske kunsten var ikkje noko som oppstod med opprettinga av Sovjetunionen, og dette har eg ønskt å vise ved å trekke liner tilbake til 1800-talet og den rolla kunsten spelte i dette hundreåret. Kunsten var eit viktig verkemiddel i kampen mot liveigenskapen og autokratiet, og i samband med revolusjonen i 1917. Den store betydninga har kunsten ikkje minst hatt på grunn av den trua russarane har hatt på kunsten si evne til å framstille det verkelege livet. Dette er ein eigenskap vi også kjenner att i den musikken eg har gått spesielt inn på i.
For hovuddelen av denne oppgåva har eg teke utgangspunkt i musikk av to svært ulike personlegdomar, komponisten Dmitrij Sjostakovitsj (1906-1975), og gitarpoeten Vladimir Vysotskij (1938-1980), som kvar på sin måte skapte ein musikk eg meiner har denne kritiske funksjonen. Gjennom analysar av Sjostakovitsj sin 8. symfoni og utvalde songar av Vysotskij, har eg prøvd å vise korleis denne funksjonen vart skapt. I analysane mine har eg i tillegg til det musikalske lagt stor vekt på omgjevnadane denne musikken vart til i, og på samspelet mellom musikken og konteksten. Desse analysane er det eg bygger på når eg i siste del av oppgåva spør om denne kritikken nytta. Her ser eg på om ikkje denne musikken var ein av dei faktorane som gjorde at sovjetmennesket ikkje vart skapt og, litt sett på spissen, at Sovjetunionen til slutt ikkje kunne bestå.