Abstract
Oppgåva dreier seg om musikken og livet til den franske komponisten Jehan Alain (1911-1940). Ho tar for seg korleis Alains estetikk kan knytast opp til avantgarden, representert ved dadaismen og surrealismen. Desse retningane fekk mest definerte uttrykk innanfor litteratur, biletkunst og teater. Difor har eg prøvd å gjere greie for korleis dadaismen og særleg surrealismen ovra seg innanfor musikk. Dette inneber ei førestelling av korleis musikk vart nytta i dadaistiske og surrealistiske tilstelningar, og av korleis surrealismens metodar, som automatisme, pastiche-plagiat og cadavre exquis, tok form i klingande musikk.
Alain var gift, hadde tre barn, arbeidde som kyrkjeorganist og var djupt religiøs. Dette står i kontrast til dei surrealistiske kunstnargruppenes livshaldning, dei forkasta religionen og dei etablerte institusjonane. Det er altså ikkje tale om eit slektskap mellom Alain og surrealistane når det gjeld livssyn og livsstil. Eg hevdar derimot å finne likskapar mellom Alains estetikk og dei surrealstiske ideala når det gjeld det kunstnarlege uttrykket. Denne påstanden underbyggjer eg ved å peike på særmerkte trekk i Alains musikk, og ved å vise til kunstnarlege intensjonar som kom fram i utsegnene hans. Alain stod dessutan bak ei rekkje teikningar, som synes inspirerte av surrealistisk kunst, og han hadde sympati for Jean Cocteau, ein av surrealismens leiande figurar.
Alain vart berre 29 år gamal. Han komponerte etter måten mykje, hovudsakleg musikk i mindre former. For å syne mangfaldet i Alains produksjon har eg henta døme frå tre forskjellige orgelverk, 1re Fantaisie (1932) Deux Dances à Agni Yavishta.(1934) og Suite Pour Orgue,(1936. Somme av Alains teikningar er også vist i oppgåva.