Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T12:01:42Z
dc.date.available2013-03-12T12:01:42Z
dc.date.issued2003en_US
dc.date.submitted2003-06-13en_US
dc.identifier.citationLygren, Erlend. Musikk, kropp og rytmisk hørelære. Hovedoppgave, University of Oslo, 2003en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/26978
dc.description.abstractI oppgåva argumenterer eg for at faget hørelære må endra seg i forhold til rytmisk musikk. Rytmisk musikk er eit samlebegrep som inkluderer ei rekke stilartar med røter i afroamerikanske tradisjonar og munnlege musikkulturar. Slike stilartar har dei seinare åra klatra både sosialt og kulturelt, og no har me til dømes professorar og høgskulelektorar i rytmisk musikk. Hørelærefaget slik det i hovudsak blir praktisert i dag, er eit fag som har vokst ut frå den tradisjonelle musikkvitskapen. Faget har i hovedsak å gjera med lesing og skriving av musikk. Metodane går ut på å enten omsetta høyrt musikk til notasjon, eller å omsetta notasjon til klingande musikk. Min hovudkritikk av dette faget går ut på at slike metodar ikkje gjev rom for kroppslege fenomen som improvisasjon og groove. Faget, slik eg ser det, står i ein dualistisk tradisjon som oppvurderer intellektet og nedvurderer kroppen. Som eit alternativ til ei dualistisk tenking, trekk eg fram forskjellige tenkarar som gjev kroppen grunnleggande verdi. Eg lar den franske filosofen Maurice Merleau-Ponty opna opp for ei tenking om korleis mennesket med utgangspunkt i kroppen er til stades i, sansar og forstår verda. Eg lar norske Liv Duesund og svenske Bengt Molander bana veg for eit praktisk syn på kunnskap som tek utgangspunkt i kroppen; kunnskap treng ikkje å uttrykkast i ord og abstraksjonar, men kjem til syne i aktivitet, bevegelse og handling. Jon-Roar Bjørkvold sine tankar om det musiske gjev også kroppen grunnleggande verdi, fordi mennesket lærer og utviklar seg gjennom heilskapleg sansing, totalsansing, der kroppen er den sentrale aktøren. Eg ser nærare på begrep og fenomen i rytmisk musikk, og finn ein terminologi som kan brukast i samband med undervisning i rytmisk musikk. Vidare skildrar eg korleis eg som lærar la til rette samspelsundervisninga på musikk storfag hausten 2001 og 2002. Målet med denne undervisninga var å inkludera kroppen aktivt i læringsprosessen. Eit poeng var å laga konkrete aktivitetar og øvingar som set fokus på fenomen som improvisasjon og groove. Viktig var det også at studentane skulle få høve til å manifestera sine eigne musiske krefter og sitt eige groove i eit fellesskap, noko som er i tråd med filosofien bak musikk storfag. Til slutt ser eg nærare på korleis ein slik måte å undervisa på kan trekkast inn i hørelærefaget. Eg lagar ikkje ein konkret hørelæremetodikk, men peikar heller på potensielle metodiske implikasjonar. Rytmisk hørelære, som eg kallar faget, har å gjera med fenomen som groove, imitasjon, improvisasjon, og opnar opp for at kunnskap i musikk kan manifestera seg i bevegelse og kropp. Eg konkluderer med at hørelærefaget må trekka inn slike aktivitetar dersom faget framleis skal ha ein viktig funksjon i utdanningssystemet. Grunnen til det, er at kanskje over halvparten av elevar og studentar i Norge har bakgrunn i rytmisk musikk der groove, improvisasjon, personleg uttrykk og samspel er ein integrert del av musikkulturen.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleMusikk, kropp og rytmisk hørelæreen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2007-09-25en_US
dc.creator.authorLygren, Erlenden_US
dc.subject.nsiVDP::110en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Lygren, Erlend&rft.title=Musikk, kropp og rytmisk hørelære&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2003&rft.degree=Hovedoppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-7128en_US
dc.type.documentHovedoppgaveen_US
dc.identifier.duo11898en_US
dc.contributor.supervisorJon-Roar Bjørkvolden_US
dc.identifier.bibsys031743749en_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata