Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T11:54:33Z
dc.date.available2013-03-12T11:54:33Z
dc.date.issued2003en_US
dc.date.submitted2003-02-17en_US
dc.identifier.citationKleivane, Elise. Enn þriðji hlutr sagnanna... . Hovedoppgave, University of Oslo, 2003en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/26824
dc.description.abstractNorrøne sagalitteraturen blir vanlegvis delt inn i kongesagaer, islendingesagaer, bispesagaer, verdslege samtidssagaer, fornaldersagaer og romantiske sagaer. Fornaldersagasjangeren blir avgrensa med referanse til ein antologi Carl Christian Rafn gav i 1829-30. Antologien inneheld 33 verk. Sjangertermen fornaldersaga skriv seg frå tittelen Rafn samla desse verka under: Fornaldar Sögur Nordrlanda. Med andre ord går verken sjangeravgrensinga eller sjangernamnet tilbake til denne litteraturen si samtid, men er skapt i nyare tid. Målet med avhandlinga er å diskutere avgrensinga av sjangeren fornaldersagaer som analytisk kategori. Ein analytisk kategori er eit litterært korpus som er avgrensa av forskarar, og som skal vere eit verktøy til bruk i arbeid med litteratur. Når ein arbeider med litteratur som er overlevert frå ei anna tid, er det viktig å skilje mellom kva bilete og eventuell gruppering av litteraturen menneska i samtida hadde, og korleis den same litteraturen blir vurdert og klassifisert av dei som i ettertid har den som studieobjekt. Dette er eit skilje mellom det ein kan kalle etniske og analytiske kategoriar. Vi kan ikkje gjenskape dei etniske sjangrane, fordi vi ikkje har tilgang på den nødvendige informasjonen. Skal ein dele den norrøne litteraturen inn i sjangrar, må det bli som analytiske kategoriar. Ein analytisk kategori må vere praktisk. Det vil mellom anna seie at når ein har etablert ei rad kriterium for verka som skal høyre til ein særskild kategori, kan ein ikkje ta med verk som manglar dei aktuelle kriteria. Eg har valt ut fem kriterium for analysen av fornaldersagasjangeren: geografi, tidsaspekt, struktur, tidspunkt for komposisjon og intensjon. Materialet for analysen er først og fremst utvalet til Rafn, men fordi mange forskarar tek utgangspunkt i eit revidert utval frå 1950, har dette fått noko plass. Dei kriteria eg tek for meg i analysen, er ikkje nok til å skulle avgrense ein praktisk analytisk fornaldersagakategori, men dei viser at avgrensinga av korpuset er uklar og basert på eit romantisk syn på desse verka som historiske kjelder. Avgrensinga er ikkje formålstenleg fordi sjangeren ikkje er godt nok definert. Eg har ønskt å analysere fornaldersagasjangeren som ein analytisk kategori til bruk i litteraturforsking. Det er ikkje sjangeren i seg sjølv, det vil seie den analytiske kategorien, som er målet for kritikken i avhandlinga. Kritikken er retta mot avgrensinga av sjangeren og aksepten denne avgrensinga har fått.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.title Enn þriðji hlutr sagnanna... : ein analyse av fornaldersagasjangeren som analytisk kategorien_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2006-01-04en_US
dc.creator.authorKleivane, Eliseen_US
dc.subject.nsiVDP::018en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Kleivane, Elise&rft.title= Enn þriðji hlutr sagnanna... &rft.inst=University of Oslo&rft.date=2003&rft.degree=Hovedoppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-10153en_US
dc.type.documentHovedoppgaveen_US
dc.identifier.duo8865en_US
dc.contributor.supervisorMagnus Rindalen_US
dc.identifier.bibsys041990544en_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata