Hide metadata

dc.date.accessioned2014-01-09T12:23:41Z
dc.date.issued2007en_US
dc.date.submitted2007-05-07en_US
dc.identifier.citationEskeland, Bård. Ordtradering på Stord. Hovedoppgave, University of Oslo, 2007en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/26796
dc.description.abstractORDTRADERING PÅ STORD Stord er ein sterkt industrialisert kommune midt mellom Bergen og Haugesund eit samfunn av fagarbeidarar og funksjonærar. Leirvik på Stord er regionssenteret i Sunnhordland, med sentrumsfunksjonar og mykje handelsverksemd frå gamalt av. Trass industrialisering og stor innflytting i heile førre hundreåret, er Stord ein «nynorskby» med klår dialektidentitet. Mange har nytta sosiolingvistiske metodar til å granska dialektendringar i samfunn med slike brytningar. Men det finst ikkje så mange slike granskingar av dialektordtilfang. Denne avhandlinga byggjer på feltarbeid frå 1998 med 88 heimelsfolk i tre generasjonar (1918-22, 1943-57, 1968-72) og ei liste med 318 ord frå Christian Vidsteens ordsamling (1900). Målet har vore å finna ut noko meir om tapet av dialektord enn at tilfanget minkar frå generasjon til generasjon. Difor er både heimelsfolka og ordtilfanget delt inn i kategoriar for å finna skilnader i gjennomsnitt mellom grupper av personar og/eller grupper av ord med statistiske metodar. Dei sosiale faktorane i tillegg til alder er: kjønn, kontakt med foreldre og besteforeldre, plassering i syskenflokken, oppvekststad, yrke/klasse, geografisk «utgifte», integrering i grannelaget, fritidsaktivitetar (mediebruk m.m.), interesser (lokalpolitikk m.m.) og haldningar til både politiske spørsmål og dialektar. Orda er delte inn etter: geografisk utbreiing, ekspressivitet, ordlengd, homonymi, «støtte» i nærskylde ord, om dei er konkrete eller abstrakte, og etter tydingsområde, t.d. vêr og vind, personnemningar og ord for mengd og måte. Det finst nokre interessante skilnader mellom dei sosiale kategoriane (ofte vekslande frå generasjon til generasjon), men stort sett er einsrettingsprosessen så overveldande at desse skilnadene berre er krusingar på overflata. Inndelinga i ordkategoriar viser ein del tendensar til at målføret blir tappa for ålmenngyldige ord (nynorsken hindrar noko av bortfallet), medan det ekspressive feltet held seg etter måten godt: Det skjer truleg ei registerforskuving og eit domenetap for sjølve dialektorda. At det er «gamle ord» og «ord for gamle ting» som kverv fyrst, blir grundig problematisert. Det hjelper dessutan lite for eit ord å vera «kort» og pregnant eller å ha vore utbreitt i mange dialektar. Ulike utrekningsmåtar for ordtilfang og ulike former for ordfrekvens blir drøfta. Oppgåva drøfter i tillegg omgrep som «gamle» ord, «orddaude» og leksikalsk «språkutvikling» ved dialektmøte i ljos av generell nydarwinistisk teori om replikatorar, der ord er skuledømet på «mem». Konklusjonen er m.a. at det snarare er veldig diffusjon og sosiale miljøendringar enn tilpassing på grunnlag av leksikalske kvalitetar som pregar «evolusjonen». Ordtapsprosessen blir òg omtala med omgrep frå Pierre Bourdieu. Konklusjonen er m.a. at det ikkje finst noko verkeleg «felt» der markert tradisjonelt dialektordtilfang blir oppfatta som kulturell eller symbolsk kapital. På mange plan kan det svara seg for folk å markera identitet med dialektmarkørar, men det gjeld svært få tradisjonelle dialektord.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleOrdtradering på Storden_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2013-12-20en_US
dc.creator.authorEskeland, Bården_US
dc.subject.nsiVDP::018en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Eskeland, Bård&rft.title=Ordtradering på Stord&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2007&rft.degree=Hovedoppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-17581en_US
dc.type.documentHovedoppgaveen_US
dc.identifier.duo58788en_US
dc.contributor.supervisorEskil Hanssenen_US


Files in this item

FilesSizeFormatView

No file.

Appears in the following Collection

Hide metadata