Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T11:54:57Z
dc.date.available2013-03-12T11:54:57Z
dc.date.issued2007en_US
dc.date.submitted2007-04-30en_US
dc.identifier.citationRudi, Nina Berge. Språkvariasjonar i to dalføre. Hovedoppgave, University of Oslo, 2007en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/26794
dc.description.abstractI denne avhandlinga har eg gjeve ei skildring av språket til 136 ungdommar frå Hallingdal og Gudbrandsdalen, og forsøkt å forstå kvifor ungdommane gjer sine språklege val. Både Gudbrandsdalen og Hallingdal høyrer språkleg inn under midlandsmåla. Geografisk er det rundt 200 km i luftline mellom dalføra, med Valdres i midten. Ein skulle i utgangspunktet tru at den språklege utviklinga i desse to dalane er ganske lik. Begge dalane ligg i utkanten av det sentrale Austlandet og blir rekna for å vera kulturbevarande og tradisjonsrike område. Men hypotesen min om at ungdommar i Hallingdal blandar eller vekslar den lokale dialekten meir med bokmålsnær tale enn ungdommar i Gudbrandsdalen, vart bekrefta i undersøkinga. Det er faktisk meir bruk av bokmålsnær tale i Hallingdal enn i Gudbrandsdalen. Eg har valt å leggje vekt på å drøfte metode og kva konsekvensar val av metode får for språkundersøkingar. Hovuddelen av materialet mitt er samla inn ved å intervjue 136 informantar ved hjelp av kvantitativ metode, og eg nytta eit spørjeskjema med skriftlege svar. Spørsmåla dreidde seg om identitet, språk og haldningar til heimplassen og språkbruk. Den kvantitative undersøkinga er følgd opp av ei kvalitativ undersøking. Her har eg intervjua seks av dei 136 informantane ved hjelp av ei spørjeliste og ein bandopptakar. Kvart intervju varer i 35-45 minutt. I denne delen av analysen forsøkjer eg å syne korleis desse seks opplever den språklege røynda gjennom å bruke sitat. Eg har valt ei slik metodetriangulering fordi ein med spørjeskjemaet kan beskrive språksituasjonen, men ei slik framstilling forklarar likevel ikkje kvifor forholda er som dei er. I tillegg til å sjå på informantane som ei gruppe, bør ein også sjå på nokre av individa i gruppa. Språket som sosialt fenomen kan me betre få inntrykk av ved å samtale med enkelte av informantane, og slik få tilgang til kva tankar og meiningar dei har. Det er ikkje uvanleg i sosiolingvistiske granskingar å ikkje stole på rapportert språkbruk. Eg trur det er råd å stole på informantane i språkundersøkingar, og drøftar dette i avhandlinga. Resultatet i denne granskinga underbyggjer påstanden min. Den rapporterte språkbruken (i spørjeskjemaet) og den faktiske språkbruken (i intervjuet) samsvarte heilt hjå dei seks informantane mine frå Hallingdal og Gudbrandsdalen. Det er særleg to forklaringsmodellar som har stått sentralt i dette arbeidet, nemleg nettverksteorien og identitetsteoriar. Ved å sjå kva informantane seier om tilhørsel i dalen, ulike identitetshandlingar og språk, forsøkjer eg å forstå kvifor dei gjer sine medvitne og umedvitne språkval. Konklusjonen er at hallingane vekslar eller varierer språket sitt meir enn gudbrandsdølane, fordi gruppa hallingane tilhøyrer opnar for språkleg variasjon i større grad enn gruppa gudbrandsdølane tilhøyrer. Språkleg sanksjonering ser ikkje ut til å prege hallingane like mykje som gudbrandsdølane. Årsaker til dette kan vera at gudbrandsdølane har ei noko sterkare tilknyting til det heimlege enn hallingane. Det er litt større innflytting til Hallingdal enn til Gudbrandsdalen, og språksamfunnet som Gudbrandsdalen utgjer, er meir talrikt enn språksamfunnet i Hallingdal. Språksamfunn blir rett og slett meir sårbare for påverknad når dei er små.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleSpråkvariasjonar i to dalføre : ei sosiolingvistisk gransking av talemålet blant 18 - 20-åringar i Hallingdal og Gudbrandsdalenen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2007-11-13en_US
dc.creator.authorRudi, Nina Bergeen_US
dc.subject.nsiVDP::018en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Rudi, Nina Berge&rft.title=Språkvariasjonar i to dalføre&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2007&rft.degree=Hovedoppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-17010en_US
dc.type.documentHovedoppgaveen_US
dc.identifier.duo57981en_US
dc.identifier.bibsys071652329en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/26794/1/NinaxBergexRudixHovudfagsoppgxve.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata