Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T11:54:44Z
dc.date.available2013-03-12T11:54:44Z
dc.date.issued2005en_US
dc.date.submitted2005-10-24en_US
dc.identifier.citationHelset, Stig Jarle. Fjellnamn på Sunnmøre. Hovedoppgave, University of Oslo, 2005en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/26766
dc.description.abstractMed denne oppgåva har eg hatt to hovudmålsetjingar: Å tolke fjellnamn på Sunnmøre og å undersøkje om det er korrelasjon mellom topografi og grunnord i fjellnamn i området. For å handsame fjellnamn frå eit så stort geografisk område, valde eg å bruke ein kvantitativ registreringsmetode, der eg i første omgang berre sette opp ei alfabetisk liste over alle fjellnamna som er kartfesta på dei 10 kartblada i N50-serien som dekkjer Sunnmøre, utan å innhente andre opplysningar enn normerte namneformer, namnetypar og stadstilvisingar. Det gav i alt 766 fjellnamn til nærmare gransking. Men i staden for å tolke kvart einskilt namn fortløpande etter alfabetet, delte eg namna inn i ulike kategoriar. I kapittel 3 har eg samla alle usamansette namn og alle hovudledd i samansette namn som består av eit terreng-karakteriserande grunnord. Det er til saman 39 slike fjellnamngrunnord i mitt materiale, og eg har føreteke ordsemantiske analysar av kvart av dei og samanhalde desse med namne-semantiske analysar av dei fjellnamna som grunnorda er ein del av. I kapittel 4 har eg samla alle usamansette namn og alle hovudledd i samansette namn som ikkje består av grunnord. Dei aller fleste av desse namna er samanlikningsnamn. I mitt materiale har eg funne i alt 69 ulike samanlikningsord som anten står åleine i usamansette namn eller som hovudledd samansette namn. Som ved grunnorda, har eg her føreteke ordsemantiske analysar av dei einskilde samanlikningsorda og samanhalde desse med namnesemantiske analysar av dei fjellnamna som samanlikningsorda er ein del av. I kapittel 5 har eg samla utmerkingsledda i materialet under ulike semantiske kategoriar og forsynt dei med namnesemantiske og/eller ordsemantiske opplysningar. I tillegg til granskinga av dei einskilde namneledda i fjellnamna på Sunnmøre, har eg også granska reliabiliteten i tre hypotesar om fjellnamn frå den generelle stadnamnlitteraturen. Den første hypotesen går ut på at fjellnamna som gruppe har særs stort inventar av topografiske grunnord (Sandnes 1968a:15, Stemshaug 1985:83 og Helleland 1997:50). For å teste denne hypotesen samanlikna eg frekvensen av grunnord i mitt eige namnemateriale med grunnordfrekvensar både frå andre samlingar av fjellnamn (Fykse 2004 og Helleland 1970) og frå ei samling av skjergardsnamn (Slyngstad 1951) og ei samling av gatenamn (Hallaråker 2000). Samanlikninga viser at ein ikkje bør forkaste hypotesen, men kanskje modererer han noko, då det viste seg at også dei andre granska namnegruppene hadde eit relativt stort innslag av grunnord. Den andre hypotesen går ut på at fjellnamn ofte reflekterer metonymisk namngjeving (Hovda 1967:242 og Helleland 1997:50f). Slik eg har definert omgrepet metonymisk namngjeving inneber dette at fjellnamna ofte inneheld ei samanlikning anten både i hovudleddet og i utmerkingsleddet i samansette namn eller i det eine leddet i usamansette namn. For å teste denne hypotesen samanlikna eg tala i mitt materiale med tal frå dei same namnesamlingane som eg nytta ved den førre hypotesetestinga. Samanlikninga viser at ein kan halde fast ved hypotesen om at fjellnamna ofte reflekterer metonymisk namngjeving, men også at dei metonymiske innslaga kan vere store i andre namnekategoriar. Den tredje hypotesen går ut på at kategorien fjellnamn femner om særs mange sekundærnamn (Hovda 1967:242, Stemshaug 1985:84 og Helleland 1997:51). For å teste denne hypotesen samanlikna eg frekvensen av relasjonsnamn i mitt eige materiale med tilsvarande frekvensar frå ei anna samling av fjellnamn (Helleland 1970) og frå ei samling av alle typar namn innanfor eit geografisk avgrensa område (Engeset 1995). Hypotesen blei styrkt etter denne samanlikninga. I dette arbeidet har eg også rekna ut fordelinga mellom høvesvis usamansette og samansette namn og namn i ubunden og bunden form i materialet. Utrekningane syner at 88,4 % av namna er samansette, og at heile 98,3 % av namna har bunden form. Båe tala peikar i retning av at dei fleste fjellnamna er relativt unge, sidan samansette namn jamt over er yngre enn usamansette, og sidan den etterhengde bundne artikkelen vaks fram først på 1200-talet. For å granske i kva grad det er korrelasjon mellom topografi og grunnord i fjellnamn, tok eg utgangspunkt i at Sunnmøre og sunnmørsfjella kan gjevast ei geografisk og topografisk tredeling mellom ytre strok, med relativt låge og avrunda fjell, midtre strok, med relativt høge og alpine fjell og indre strok, med relativt høge og avrunda fjell (Foldal 2001:8, Standal et al. 2000:10) og sette fram følgjande hypotese: Skilnadene i høgd og form på fjella i ulike strok av Sunnmøre blir spegla i fjellnamna; at grunnorda i ytre strok i hovudsak har tydingar for låge og avrunda former, at grunnorda i midtre strok i hovudsak har tydingar for høge og alpine former og at grunnorda i indre strok i hovudsak har tydingar for høge og avrunda former, sjølv om ein også her finn alpine former. Hypotesen blei testa ved at eg samanlikna den appellative tydinga og den propriale bruken av dei fem mest brukte grunnorda i fjellnamna på Sunnmøre, og ved at eg talfesta frekvensen av desse grunnorda i fjellnamna innanfor kvart av dei tre ulike stroka av Sunnmøre. Dei fem grunnorda er egg, fjell, horn, nibbe/nipe og tind. Samanlikninga viser klart og tydeleg at det er liten eller ingen samanheng mellom høgdene på fjella og grunnorda som knyter seg til dei. Eit horn kan vere lågt, høgt eller ein stad midt i mellom. Det same gjeld dei andre grunnorda, kanskje med unnatak av tind , som kan hende ber i seg eit krav om ei viss høgde over havet. Derimot syner samanlikninga mest like klart og tydeleg at det er ein samanheng mellom formene på fjella og grunnorda som knyter seg til dei. Særleg markante er utslaga når vi ser på karakteristiske grunnord som f.eks. tind , men også for dei meir nøytrale grunnorda som f.eks. fjell , finn ein korrelasjon mellom topografi og tyding. I dette arbeidet har eg også gjennomført ei kartlegging av parallellnamn til dei kartfesta namna innanfor ein avgrensa geografisk del av Sunnmøre, nemleg på Kolås- og Rånahalvøya. Heile 21 av dei 85 kartfesta namna i dette området har eitt eller fleire parallellnamn, noko som tilsvarar om lag 25 %. Det kartlagde materialet har eg brukt til å drøfte årsakene til at parallellnamn oppstår og ulike kriterium som har vore lagde til grunn når ein har valt mellom to eller fleire parallellnamn på N50-serien. I den siste drøftinga konkluderer eg med at kartografen som har kartfesta fjellnamna på Kolås- og Rånahalvøya i hovudsak har føreteke gode val, sjølv om det finst eksempel på det motsette. I tillegg til kartlegginga av parallellnamna, har eg også samla inn den nedervde lokale uttalen av dei kartfesta fjellnamna på Kolås- og Rånahalvøya. Desse uttaleopplysningane har eg brukt i ei drøfting av normeringa av fjellnamna på Sunnmøre. I denne drøftinga konkluderer eg med at normeringa i hovudsak er grei, sjølv om det er gjort ein del uheldige normeringar, særleg ved bruk av ubunden form, som ikkje høyrer nokon stad heime i fjellnamna på Sunnmøre.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleFjellnamn på Sunnmøre : tolking og komparasjonen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2006-03-22en_US
dc.creator.authorHelset, Stig Jarleen_US
dc.subject.nsiVDP::018en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Helset, Stig Jarle&rft.title=Fjellnamn på Sunnmøre&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2005&rft.degree=Hovedoppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-12008en_US
dc.type.documentHovedoppgaveen_US
dc.identifier.duo31663en_US
dc.contributor.supervisorBotolv Hellelanden_US
dc.identifier.bibsys060212012en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/26766/1/Stig-Jarle-Helset.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata