Hide metadata

dc.date.accessioned2013-03-12T11:54:57Z
dc.date.available2013-03-12T11:54:57Z
dc.date.issued2010en_US
dc.date.submitted2010-12-08en_US
dc.identifier.citationHåberg, Live. Den preproprielle artikkelen i norsk. Masteroppgave, University of Oslo, 2010en_US
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/10852/26729
dc.description.abstractOppgåva er ei undersøking av den preproprielle artikkelen (han Martin, ho Mari) i tre norske dialektar: Kvæfjord-, Gausdals- og Vossa-dialekten. I tillegg har eg undersøkt materiale frå norsk-amerikanarar med røter frå Gudbrandsdalen. Preproprielle artiklar finst i mange norske dialektar, men grunna lite fokus på dialektsyntaks er temaet lite skildra i litteraturen. Dersom artikkelen er nemnt, blir han stort sett skildra som eit eksempel på bruksområde for personleg pronomen, 3. person eintal, trass i at den syntaktiske funksjonen viser at vi har med eit determinativ å gjere. I enkelte dialektar bruker ein artikkelen berre ved førenamn, og berre ved personar ein kjenner, medan han i andre dialektar blir brukt også ved etternamn og namn på t.d. kjendisar. Eg har sett på artikkelen sin distribusjon i dei aktuelle dialektane, og undersøkt både personnamn med og utan prepropriell artikkel. I tillegg har eg undersøkt om det finst ulikskapar mellom eldre og yngre talarar for å avdekke eventuelle språkendringsprosessar. Ressursane eg har brukt i undersøkinga er tilknytt NorDiaSyn-prosjektet, med hovudfokus på Nordisk dialektkorpus. I tillegg har eg brukt opplysningar frå Nordic Syntactic Judgment Database og eit skjema med setningar som informantane har omsett frå bokmål eller nynorsk til dialekt. Arbeidet med desse ressursane gjekk framleis føre seg på tidspunktet for innlevering av oppgåva, og det er lite forsking som til no har blitt gjort ved hjelp av dei. Oppgåva inneheld difor også ei vurdering av korleis desse ressursane har fungert som grunnlag for oppgåva mi, og i kva grad dei vil kunne fungere for andre dialektforskarar. Enkelte av resultata eg kom fram til var overraskande. Medan alt i litteraturen og i informantane si eiga vurdering av språket talar for at den preproprielle artikkelen er obligatorisk ved alle namn i Kvæfjord, var informantane her likevel dei mest inkonsekvente når det gjaldt faktisk språkbruk. I tillegg fann eg ut at det i Voss er eit markant skilje mellom yngre og eldre informantar, noko som kan tyde på at den preproprielle artikkelen er på veg ut av språket her.nor
dc.language.isonnoen_US
dc.titleDen preproprielle artikkelen i norsk : ei undersøking av namneartiklar i Kvæfjord, Gausdal og Vossen_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2011-04-18en_US
dc.creator.authorHåberg, Liveen_US
dc.subject.nsiVDP::018en_US
dc.identifier.bibliographiccitationinfo:ofi/fmt:kev:mtx:ctx&ctx_ver=Z39.88-2004&rft_val_fmt=info:ofi/fmt:kev:mtx:dissertation&rft.au=Håberg, Live&rft.title=Den preproprielle artikkelen i norsk&rft.inst=University of Oslo&rft.date=2010&rft.degree=Masteroppgaveen_US
dc.identifier.urnURN:NBN:no-26840en_US
dc.type.documentMasteroppgaveen_US
dc.identifier.duo109595en_US
dc.contributor.supervisorJanne Bondi Johannessenen_US
dc.identifier.bibsys112297390en_US
dc.identifier.fulltextFulltext https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/26729/2/haberg_master.pdf


Files in this item

Appears in the following Collection

Hide metadata