Abstract
I denne oppgåva viser eg at Alberte-trilogien av Cora Sandel er eit modernistisk verk ved at trilogien gjev uttrykk for tidsrelaterte erfaringar i det moderne samfunnet. Med bakgrunn i nyhistoriske tankar om forholdet mellom samfunnet og kunsten opprettar eg ei kopling mellom det moderne samfunnet og modernistisk litteratur. Eg argumenterer for at den litterære modernismen er ei formell og motivisk behandling av modernitetserfaringar i det moderne samfunnet som oppstår etter oppgjeret med det tradisjonelle samfunnet i overgangen til og i byrjinga av 1900-talet. Denne forståinga av modernisme opnar opp for ein analyse av det eg har valt å kalle modernistisk erfaring i Alberte-trilogien.
Eg legg vekt på korleis den modernistiske erfaringa kjem til syne som motiv i dei to siste romanane i trilogien, Alberte og friheten og Bare Alberte. Sentrale modernitets-erfaringar i romanane er ambivalens, kynisme, verdikonservatisme, misogyni og framandgjering. Med utgangspunkt i m.a. angloamerikansk feministisk teori peikar eg på at desse erfaringane ikkje bare speglar ei generell kjensle av tap og uro i kjølvatnet av krig, modernisering og urbanisering i dei fyrste tiåra av 1900-talet, men at dei også kan sjåast i samanheng med brotet med verdiane knytt til kjønnsrollene i det tradisjonelle samfunnet. Albertes kvinnespesifikke modernitetsrelaterte ambivalens mellom lengten etter fridom og lengten etter tryggleik står sentralt i analysen, men eg inkluderer også stemmene til dei andre karakterane i romanane. Desse gjev uttrykk for andre erfaringar enn Albertes, og er verdifulle bidragsytarar til ein heilskapleg analyse av kjønnsrelatert modernistisk erfaring.
Eg set også Alberte-trilogien inn i nye litteraturhistoriske rammer i oppgåva. I norske litteraturhistorier er modernismen grovt sett ein periode etter 2. verdskrigen. Alberte-trilogien blei gjeven ut mellom 1926 og 1939 og blir omtalt innanfor den episk-realistiske tradisjonen i mellomkrigstida. At eg konkluderer med at trilogien er modernistisk, inneber dermed ei revurdering av forholdet mellom Alberte-trilogien og den litteraturhistoriske kategorien den blir plassert i. Med utgangspunkt i mi forståing av modernisme avsluttar eg oppgåva med ei litteraturhistorisk omplassering av både Alberte-trilogien og annan ukonvensjonell mellomkrigsprosa.